Ny sengepost i Sandviken – vi søker sjukepleiar til langvaktsturnus
Lokal sikkerhet rehabilitering, Helse Bergen HF, Divisjon psykisk helsevern
Sandviksleitet 1, 5036 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Ny sengepost i Sandviken – vi søker sjukepleiar til langvaktsturnus
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 1. februar
Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen etablerer ei ny, lukka sengepost med åtte plassar i Sandviken-området. Dette er første steg i utviklinga av Nye Sandviken –eit langsiktig arbeid for å styrkje behandlingstilbodet til pasientar med alvorlege psykiske lidingar og samansette behov.
Sengeposten får ansvar for pasientar i eit sikkerheitspsykiatrisk behandlingsforløp som treng stabilisering, struktur og rehabilitering i eit trygt og spesialisert miljø. Du blir del av eit fagmiljø i utvikling, med anledning til å påverke både arbeidsformer og fagleg retning.
Vi søker no engasjerte medarbeidarar som ønsker å vere med frå starten og bidra til å utvikle eit nytt og framtidsretta behandlingstilbod. Turnus vil vere organisert i langvaktturnus, med arbeid pt omlag kvar fjerde helg.
Vi har ein ledig stilling 100% på dag/aften i langvaktturnus for sjukepleiar.
Kandidatar kan bli innkalt til intervju undervegs i prosessen.
Arbeidsoppgåver
- Miljøterapeutisk arbeid og oppfølging i postmiljø
- Teamarbeid og tverrfagleg samarbeid
- Observasjon og dokumentasjon av symptom på psykisk liding
- Ansvarsvakt og medikamenthandtering
- Bidra til å skape ei trygg og strukturert postatmosfære med omsorg, støtte og gode grenser
- Praktiske oppgåver og dagleg drift
- Aktivisering og støtte i daglege gjeremål
- Bidra til fagleg utvikling og kvalitet i pasientforløpa
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Relevant erfaring med pasientgruppa
- Erfaring frå oppfølging og behandling av personar med rusavhengigheit er ønskeleg
- Erfaring frå psykisk helsevern er ønskeleg
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må kunne dokumentere ferdigheiter i norsk på minimum B2/NOR-U3- nivå eller høgare. Dokumentasjon må leggast ved søknad
- Vandelsattest må leggast fram før tilsetting
Personlege eigenskapar
- Løysingsorientert, sjølvstendig og målretta
- Strukturert og pasientorientert
- Respektfull i møte med pasientar og pårørande
- God evne til å arbeide tverrfagleg og i team
- Trivst i eit aktivt og travelt miljø
- Etterspør og nyttar rettleiing
- Persoleg eignaheit vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Å vere med og forme eit nytt behandlingstilbod frå starten
- Eit spennande og fagleg miljø der folk trivst på jobb
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Barnehage i nærområdet, driven av Helse Bergen
- Arbeidsstad i Sandvikenområdet – Nye Sandviken
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Cecilie Engelsgjerd Eikestad, Seksjonsleiar, 90180905, cecilie.engelsgjerd.eikestad@helse-bergen.noMarthe Halvorsen Kjærstad, Konst. Avdelingssjef, 90936016, marthe.halvorsen.kjærstad@helse-bergen.no
Arbeidsstad
Sandviksleitet 15036 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5066942966
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.02.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
5316dec7-eebc-4382-ae0f-0111ebebc0d1
- Sist endret
21. januar 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
bdd89e4ba0114d15b502bdee59b34ea4
Lignende annonser
Sjukepleiar og vernepleiar til Psykisk helsevern
Arbeidsgiver
Helse Bergen HF
Sted
Bergen, Straume, Bergen, Bergen
Arbeidsgiver
Psykiatrisk klinikk, Helse Bergen HF
Sted
Bergen, Bergen
Sjukepleiar og vernepleiar - Dr. Martens Tvangspost
Arbeidsgiver
Rus- og avhengigheitsklinikken, Helse Bergen HF
Sted
Bergen