Hopp til innhold

Nestleiar - helse og sosial

Arbeidsgiver

Stryn Kommune

Sted

Tonningsgata 4, 6783 Stryn

Om jobben

Stillingstittel
Nestleiar - helse og sosial
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest søndag 10. mai

Nestleiar – helse og sosial 

Er du ein trygg fagperson med god oversikt over helsefagleg jus, nasjonale føringar og kommunal drift? Ønskjer du ei sentral rolle med stort ansvar og høve til å påverke utviklinga av helse- og sosialtenestene? 

Vi har ledig ei spennande stilling som nestleiar i helse- og sosialetaten, der du vil vere ein sentral samarbeidspartnar for etatsleiar og ein viktig bidragsytar i både strategisk og operativ leiing av etaten.

Helse- og sosialetaten omfattar om lag 480 tilsette fordelt på 261 årsverk. Etaten har ansvar for eit breitt spekter av tenester, mellom anna pleie- og omsorgstenester, tenester for personar med funksjonsnedsetting, psykisk helse og rus, legetenester, helsestasjon og skulehelseteneste, fysio- og ergoterapi, flyktningteneste og barnevern.

Kommunen står framfor store omstillingar dei komande åra som følgje av demografiske endringar, auka behov for helse- og omsorgstenester og strengare krav til berekraftig drift. Etaten arbeider aktivt med TØRN og andre utviklingsprosjekt for å sikre framtidsretta løysingar, rett dimensjonering av tenestene og planlegging av framtidige omsorgsbygg. 

Som nestleiar vil du ha ei nøkkelrolle i dette arbeidet og bidra til at kommunen er godt rusta til å møte framtidige krav og forventningar.

 Om stillinga 

Nestleiar er organisert i stab i helse- og sosialetaten, med kommunalsjef som næraste leiar. Stillinga er ein del av etaten si øvste leiing og inneber rolla som stedfortredar for kommunalsjef.

Som nestleiar har du eit overordna ansvar for fagleg kvalitet i drift, tildeling av helse- og omsorgstenester og oppfølging av nasjonale føringar og lovverk. Du vil ha ei sentral rolle i etaten sitt kvalitets- og forbetringsarbeid, samt ansvar for saksbehandling og handtering av tilsyns- og klagesaker.


Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene er varierte og komplekse, og omfattar mellom anna: 

Leiing og fagleg ansvar:

  • Vere stedfortredar for kommunalsjef og del av etaten si øvste leiing
  • Fagleg rådgjevar for leiarar i helse- og sosialetaten
  • Følgje opp og sikre etterleving av gjeldande lover, forskrifter, retningsliner og nasjonale føringar
  • Ansvar for oppfølging av etaten sin kompetanseplan

Tildeling, kvalitet og forvaltning

  • Overordna ansvar for tildeling av alle helse- og omsorgstenester 
  • Leiar av tildelingsnemnda i helse og sosial 
  • Overordna ansvar for saksbehandling, klagehandsaming og oppfølging av tilsynssaker
  • Personalansvar for sakshandsamarane på tildeling

Administrasjon og rapportering: 

  • Overordna ansvar for rapportering til nasjonale register (m.a. IPLOS og KOSTRA)
  • Ansvar for søknad og rapportering knytt til statlege tilskotsordningar og ressurskrevjande brukarar
  • Forvaltning av ordningar knytt til utdanning, stipend og permisjon

Kvalifikasjonar

  • Autorisert høgskuleutdanna helsepersonell, fortrinnsvis sjukepleiar 
  • Relevant erfaring frå helse- og sosialsektoren, gjerne frå kommunal verksemd 
  • God forståing for helsefagleg jus, kommunalt regelverk og forvaltningsprosessar 
  • Leiarutdanning og/eller leiarerfaring er ein fordel 
  • Vidareutdanning eller erfaring innan helsejus er ein fordel 

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som: 

  • Er trygg, strukturert og fagleg sterk, med god vurderingsevne
  • Har tydeleg rolleforståing og tek ansvar i ei kompleks leiarrolle
  • Arbeider sjølvstendig, samstundes som du samhandlar godt med leiarar, medarbeidarar og eksterne aktørar
  • Handterer krevjande saker på ein profesjonell og trygg måte, og står støtt i møte med tilsyn og klager
  • Har god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk 

Vi tilbyr

  • Ei stilling med stor grad av tillit, ansvar og handlingsrom
  • Varierte og fagleg utfordrande arbeidsoppgåver i ei sentral leiarstilling
  • Høve til å vere med og forme og vidareutvikle kommunale helse- og sosialtenester
  • Eit godt fagmiljø og tett samarbeid med etaten si øvste leiing
  • Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverk 

 

NB! Nedskriving av studielån etter Lånekassen si distriktsordning, til ei kvar tid gjeldande reglar. For tida kr. 25.000,- for buande i Stryn kommune

Kontaktinformasjon

Alexander Rande, Kommunalsjef, helse og sosial, 97040762

Arbeidsstad

Tonningsgata 4
6783 Stryn

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stryn Kommune

Referansenr.: 5113822240
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.05.2026

Kontaktperson for stillingen

Alexander Rande

Kommunalsjef, helse og sosial

97040762

Om bedriften

Stryn kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke. Vi ønsker medarbeidarar med ulike kompetansar, livserfaring og perspektiv. Ved behov vil vi så langt som mogleg legge til rette for tilpassing av utstyr, endring av rutinar og arbeidsoppgåver mm. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til stillinga om å søke, uavhengig av kjønn, alder, etnisitet, funksjonsnivå eller legning. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet.

Stryn kommune er med sine om lag 7 250 innbyggjarar sentralt plassert i ein større bu- og arbeidsregion i Nordfjord. Her er omfattande turisme, eit rikt kulturliv og gode oppvekstvilkår for born og unge. Det er eit ekspansivt næringsliv med etterspurnad etter ulik type arbeidskraft. Næraste flyplass er Ørsta - Volda eller Sandane.

Her finn du andre ledige stillingar i Stryn kommune: https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger?q=stryn

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

526db877-7a99-4628-bb35-1659e791c459

Sist endret

20. april 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

0c774be78bf044dc9f7af87ae390f8ec

Lignende annonser

Laster lignende annonser