Hopp til innhold

Skjøtselsarbeidarar ved Selja kloster og helgenanlegg 

Arbeidsgiver

Kultur, Stad kommune

Sted

6740 Selje

Om jobben

Stillingstittel
Skjøtselsarbeidarar ved Selja kloster og helgenanlegg
Type ansettelse
Feriejobb, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 29. mars

Kanskje Noregs mest spennande sommarjobbar innan kulturarv og naturforvaltning?

Drøymer du om ein sommarjobb i friluft der du kan kombinere arbeid i eit unikt kulturmiljø med naturopplevingar som surfing, bading på krittkvite strender og fjellturar med storslått utsyn? Då kan jobben som skjøtselsarbeidar ved Selja kloster vere midt i blinken.

Om stillingane

Stad kommune har ledige to stillingar som skjøtselsarbeidarar ved Selja kloster og helgenanlegg. Arbeidsperioden vert avtalt innanfor 15. juni til 21. august 2026, med hovudvekt på skulens sommarferie. Arbeidstida er på vekedagar, normalt frå kl. 08:00 til 15:30. Vi ønsker at du skriv i søknaden kva for tidsrom du kan jobbe, og vi ønsker søkjarar som kan arbeide størstedelen av perioden.

Selja kloster og helgenanlegg er eit freda kulturminne og eit viktig reisemål for pilegrimar og turistar. For å ta vare på ruinane og vise dei fram på ein god måte, krevst det godt vedlikehald av både anlegg og kulturlandskap. Arbeidsoppgåvene er grøn skjøtsel i og rundt klosterområdet og langs stiar på øya, etter rettleiing frå Stad kommune og Vestland fylkeskommune.

Les meir om Selja kloster og helgenanlegg her: https://www.seljakloster.com/klosteret 

Kven passar jobben for?

Dette er ein unik sjanse til å få praksis innan kulturminneforvaltning, kulturlandskap, naturforvaltning og arkeologiske miljø. Stillinga eignar seg særleg for studentar innan arkeologi, historie, biologi, naturforvaltning, geografi, landskapspleie eller liknande fag, men alle interesserte kan søke.


Arbeidsoppgåver

  • Grøn skjøtsel av kulturlandskapet på Selja: Klipping av gras, rydding og luking av ugras – både manuelt og med motoriserte reiskapar.
  • Tilsyn, enkel rydding og oppfølging i område brukte av besøkande på Selja.
  • Andre praktiske oppgåver kan kome i tillegg, t.d. grøn skjøtsel av andre historiske ferdselsvegar i nærområdet.
  • Samarbeid med Regionalt pilegrimssenter Selja og Selje frivilligsentral kan vere aktuelt som andre oppgåver, t.d. ved behov eller dårleg vêr.
  • Vi vurderer å gi éin av kandidatane ei utvida arbeidsleiarrolle i felt, dersom søkjaren har personlege eigenskapar for dette. 

Kvalifikasjonar

Krav til søkjar:

Du må vere over 18 år. Arbeidet er sjølvstendig, inneber bruk av motorisert utstyr, og blir utført på ei øy der ein må reise med båt og der det er avgrensa mobildekning.

Det er ein fordel om du har:
Relevant utdanning eller pågåande studium.
Interesse for kulturarv, natur og praktisk arbeid ute.

Personlege eigenskapar

Vi søkjer deg som trivst med fysisk arbeid ute, og som kan jobbe både sjølvstendig og saman med andre. Du er pliktoppfyllande, nøyaktig og ser sjølv kva som må gjerast.
Du har respekt for kulturhistoriske verdiar og forstår at du jobbar i eit sårbart og unikt kulturmiljø. Ved tilsetting vil vi legge vekt på om søkjar er personleg eigna for stillinga.

Vi tilbyr

  • Ein meiningsfull sommarjobb på ein av dei mest særeigne kulturhistoriske stadane i Noreg.
  • Båtførarprøven, dersom du ikkje har denne frå før.
  • Opplæring i bruk av motoriserte reiskapar.
  • Tilgang til båt for transport til og frå Selja.
  • Arbeidstid vert avtalt med rådgivar for kulturarv.
  • Løn etter tariff etter innleverte timelister.
  • Relevant praksis for CV og vidare studiar.
  • Hjelp til å skaffe bustad i Stad kommune.

Vi ber om at du lastar opp vitnemål, attestar og referansar saman med søknaden.

Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren verte offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å verte ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast. 

Dersom du har spørsmål om stillingane kan du ta kontakt med rådgivar for kulturarv Henriette Hafsaas eller einingsleiar Geir Holmen.

#Sommarjobb #Sommarjobbivest #Sommerjobbivest

Kontaktinformasjon

Henriette Hafsaas, Rådgivar kulturarv, 40207973, Henriette.Hafsaas@stad.kommune.no
Geir Holmen, Einingsleiar kultur, 90 77 99 33, Geir.Holmen@stad.kommune.no

Arbeidsstad


6740 Selje

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stad kommune

Referansenr.: 5082023671
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 29.03.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Geir Holmen

Einingsleiar kultur

90 77 99 33

Geir.Holmen@stad.kommune.no

Henriette Hafsaas

Rådgivar kulturarv

40207973

Henriette.Hafsaas@stad.kommune.no

Om bedriften

Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg i Nordfjord i Vestland fylke. Kommunen vart oppretta 1. januar 2020 då kommunane Eid og Selje og bygdene Maurstad, Bryggja og Totland vart slått saman. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. I kommunen finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff rockfestival, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!

https://www.nordfjord.no/stad

https://www.einstadistad.no/

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

51c27ef9-27db-48cd-9b77-83d5435c3344

Sist endret

16. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

acfd6a89f1d244949e6847ef6ac40250

Lignende annonser

Laster lignende annonser