Hopp til innhold

Sommarvertar i Selje Prestegard 

Arbeidsgiver

Kultur, Stad kommune

Sted

Nabben 5, 6740 Selje

Om jobben

Stillingstittel
Sommarvertar i Selje Prestegard
Oppstart
15. juni 2026
Type ansettelse
Feriejobb, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
2
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest mandag 30. mars

Stad kommune søker etter sommarvertar i Selje prestegard i perioden 15.06.2026 - 16.08.2026.

Selje prestegard er eit freda tun som ligg vakkert til midt i Selje sentrum, ved stranda på Seljesanden, butikk og båtruter både til Selja kloster og til Bergen. Her held  Regionalt Pilegrimssenter Selje til, og administrerer mellom anna pilegrimsmottak og turistinformasjon, overnatting med 12 sengeplassar, kafè med enkel servering og utleige av el-syklar.

Regionalt Pilegrimssenter Selje er ein del av Kystpilegrimsleia, der reisande kan følgje over tusen år gamle ferdselsvegar over sjø og land frå Egersund til Trondheim. Selje kloster er ein nøkkelstad og ein viktig stoppestad langs denne ruta.

Jobben som sommarvert består i å ta imot pilegrimar og andre besøkande, formidle informasjon om tilbod og aktivitetar i området, administrere overnatting, sykkelutleige  og enkel servering i kafeen i prestegarden.  

Selje prestegard er open kvar dag kl 10.00 -17.00 i sommarsesongen. Arbeidstida er frå kl 09.45-17.30. Det vil bli tilsett to vertar som arbeider i turnus.


Arbeidsoppgåver

  • Bemanne pilegrimssenteret og turistinformasjonen i Selje prestegard og ta imot besøkande på ein god måte.
  • Informere om Kystpilegrimsleia og om transport, overnatting, opplevingar og tilbod i Selje og regionen.
  • Ta imot bestilling av pilegrimsovernatting.
  • Klargjering av rom for overnatting og mottak av overnattingsgjestar.
  • Administrere enkelt serveringstilbod.
  • Sal av suvenirar og føring av statistikk.
  • Rydde og halde prestegarden i orden, både inne og ute.

Kvalifikasjonar

  • Gjerne erfaring frå servicenæring, overnattings- eller serveringsverksemder.
  • Lokalkunnskap om Selje, Stad kommune og regionen er ein fordel.
  • Minimum 16 år.
  • God IKT-kompetanse.
  • God språkkunnskap i norsk og engelsk. Fleire språk er ein fordel.

Personlege eigenskapar

  • Sørvisinnstilt og flink til å kommunisere.
  • Sjølvstendig, praktisk, nøyaktig og likar ein aktiv kvardag.
  • Fleksibel, løysingsorientert og samarbeidsvillig.  

Vi tilbyr

  • Ein interessant og triveleg sommarjobb i historiske omgjevnader midt i Selje sentrum.
  • Møte med mange nye menneske og moglegheit til å fortelje om ein spennande historisk stad.
  • Arbeidstid etter oppsett turnus.
  • Løn etter tariff.

Vi ber om at du lastar opp vitnemål, attestar og referansar saman med søknaden. I søknaden må du opplyse om når du kan arbeide. dersom du ikkje kan arbeide heile perioden, ber vi om at du opplyser om dette.

Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.

For meir informasjon om stillingane kan du ta kontakt med einingsleiar Tonje Ramse Trædal i Selje regionale pilegrimssenter.

Les meir på www.seljeprestegard.no og www.pilegrimsleden.no 

Kontaktinformasjon

Tonje Ramse Trædal, dagleg leiar Regionalt Pilegrimssenter Selje, 92629512, tonje.traedal@stad.kommune.no
Geir Holmen, Einingsleiar kultur, 90779933, geir.holmen@stad.kommune.no

Arbeidsstad

Nabben 5
6740 Selje

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stad kommune

Referansenr.: 5082023935
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Startdato: 15.06.2026
Sluttdato: 16.08.2026
Søknadsfrist: 30.03.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Geir Holmen

Einingsleiar kultur

90779933

geir.holmen@stad.kommune.no

Tonje Ramse Trædal

dagleg leiar Regionalt Pilegrimssenter Selje

92629512

tonje.traedal@stad.kommune.no

Om bedriften

Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg i Nordfjord i Vestland fylke. Kommunen vart oppretta 1. januar 2020 då kommunane Eid og Selje og bygdene Maurstad, Bryggja og Totland vart slått saman. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. I kommunen finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff rockfestival, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!

https://www.nordfjord.no/stad

https://www.einstadistad.no/

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

227c1ad7-eabc-4b9a-9380-a591c0750784

Sist endret

16. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

d5ed69c19802450bb1ad589c23d5cc0a

Lignende annonser

Laster lignende annonser