Har du lyst på sommarjobb i Hjelmeland kommune?
Hjelmeland kommune Hjelmeland kommune
Vågavegen 116, 4130 Hjelmeland
Om jobben
- Stillingstittel
- Sommarvikar 2026
- Type ansettelse
- Feriejobb, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 1. februar
Me ser etter
deg med godt humør, glimt i auga og stå-på-vilje. Deg som vil jobba på ein kjempekjekke arbeidsplass med gode kollegaer nokon veker frå medio juni til medio august. Hos oss har me ledige sommarjobbar med utfordrande og varierte arbeidsoppgåver innanfor følgjande områder: Helse og omsorg, bygg og anlegg - avdeling teknisk og reinhald, oppvekst og kultur. Du må kunne jobbe i tre veker samanhengande.
Frist for å søke er 01.02.26. Hovudinntaket for sommarvikarar 2026 vil bli gjennomført veka etter søknadsfrist. Det vil likevel vera mogleg å søkje jobb etter fristen, men då blir det berre tilsett om me ikkje allereie har nok sommarvikarar etter hovudinntaket.
Helse og omsorg
Me treng sommarvikarar ved Hjelmeland omsorgssenter (HOS) og Årdal omsorgssenter (ÅOS). Ved omsorgssentra søkjer me etter sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og assistentar i turnus med helg.
Ved Hjelmeland omsorgssenter treng me sommarvikarar på korttidsavdelinga, i heimetenesta og på dagsenteret.
Vikarar må helst ha fylt 18 år, ha språknivå tilsvarande nivå B2 og enkelte stillingar krev førarkort.
På sentralkjøkkenet på Hjelmeland omsorgssenter treng me kjøkkenassistentar. Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vere å servere måltid til brukarane, oppvask, skrelling, smøring og pakking av mat, samt andre førefallande kjøkkenoppgåver.
Vikarar må ha fylt 15 år.
Spørsmål om stillingane kan rettast til:
- Hjelmeland omsorgssenter: Mona Krogevoll, 404 39 090
- Årdal omsorgssenter: Eli Nesvåg, 404 39 089
Bygg og anlegg - avdeling teknisk og reinhald
Bygg og anlegg har behov for sommarvikarar for ulikt vedlikehaldsarbeid på bygningar og grøntanlegg. Arbeidsoppgåvene oppfattar mellom anna klipping av gras og hekk, luking av bed, rydding av fellesareal, maling ute og inne på kommunale bygg. Det er òg behov for sommarvikarar til reinhald ved diverse kommunale bygg.
Vikarar må helst ha fylt 16 år. Det er ein fordel å ha førarkort for bil med manuelt gir.
Spørsmål om stillingane kan rettast til:
- Bygningar og grøntanlegg: Geir Myhre, 901 86 135
- Reinhald: Elin Kvame Jansen, 404 39 13
Oppvekst
Me treng sommarvikarar i barnehagane våre, og søkjer etter barne- og ungdomsarbeidarar og assistentar.
Vikarar må vera fylt 16 år, og det er krav om norskkunnskap på minimum B2-nivå, jf. barnehagelova § 27.
Spørsmål om stillingane kan rettast til:
- Fister og Jøsenfjorden barnehage: Siv Iren Moen Hausken, 404 39 220
- Årdal barnehage: Siri Vestersjø, 404 39 210
- Hjelmeland barnehage: Siv Iren Moen Hausken, 404 39 220
Kultur (sommarvert og aktivitetsguide)
Me treng både sommarvertar og aktivitetsguidar.
Sommarvertane har ansvar for kafé og turistkontor på Spinneriet. Det er viktig å vera imøtekommande og ha eit smil på lur.
Som aktivitetsguide er du med på å planleggje og gjennomføre kjekke aktivitetar for barn og unge gjennom sommarferien. Det er ein fordel om du sjølv er interessert i friluftsliv og sommaraktivitetar.
Sommarvertane arbeider i perioden medio juni til medio august, og noko helgearbeid må påreknast. Sommarvertane har også ansvar for Hjelmeland sitt turistkontor, og får tilbod om å gjennomføra kurs saman med turistvertane i dei andre kommunane i Ryfylke. Ein av sommarvertane vil få i oppgåve å vera teamleiar. Me treng 3-5 sommarvertar.
Aktivitetsguidane vil jobba i eit team med 3-5 personar. Stillingsprosent er 100 % i fire veker - fortrinnsvis i juli månad - og eventuelt noko arbeid utanom desse vekene. Ein av aktivitetsguidane får i oppgåve å vera teamleiar, og arbeider då om lag 5-6 veker. Det vil bli gitt opplæring, og det kan vera aktuelt med arbeid i helger.
Sommarvertane og aktivitetsguidane bør vera mellom 18 - 25 år.
Spørsmål om stillingane kan rettast til
- Sommarvert: Magnar Riveland, 404 39 153
- Aktivitetsguide: Åsmund Sigmundstad, 404 39 155
Vilkår
Tilsetjinga skjer på kommunale lønnsvilkår. Det vert trekt 2% pensjon av bruttoløn i eigenandel.
Feriepengar utbetalast ved slutt.
Politiattest
Ver merksam på at me krev politiattest for alle som skal ha arbeidsplassen sin i barnevern, helse og omsorg, skule og barnehage. Aktivitetsguidar må også legge fram politiattest.
Elektronisk søknadsprosess
Hjelmeland kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Du finn informasjon om korleis du søkjer på ei ledig stilling her.
Det er viktig for vidare handsaminga av din søknad at du legg inn alle relevante data. Det er høve til å leggja ved attestar og vitnemål i søknadsprosessen.
Ved ettersending av attestar og vitnemål bruk sikker opplasting på kommunens heimeside.
Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via kundesenteret på tlf. 51 75 70 00.
Kontaktperson
Malin Nordbø, personalsjef, mobil: 404 39 017, malin.nordbo@hjelmeland.kommune.no
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
5180d00c-2057-4ddf-b424-62d4884a13b5
- Sist endret
12. desember 2025
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3559535_199695_nn
Lignende annonser
Lærling 2026
Arbeidsgiver
Hjelmeland kommune Administrasjon
Sted
Hjelmeland
Lærling 2026
Arbeidsgiver
Hjelmeland kommune Oppvekst
Sted
Hjelmeland
Lærling 2026
Arbeidsgiver
Hjelmeland kommune Bygg og anlegg
Sted
Hjelmeland