Hopp til innhold

Er du vår nye kollega?

Arbeidsgiver

Hjelmeland kommune Organisasjon, HR og beredskap

Sted

Vågavegen 116, 4130 Hjelmeland

Om jobben

Stillingstittel
HR - spesialkonsulent 100 % fast
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 24. mars

Hjelmeland kommune trenger ein serviceinnstilt konsulent innan HR-faget som liker å jobbe med eit bredt spekter av HR oppgåver. Stillinga er 100 % fast og er lagt til avdelinga Organisasjon, HR og beredskap. Avdelinga har som oppgåve å bidra til at medarbeidarar og leiarar utviklar seg, trivast og opplever ein motiverande arbeidskvardag.

Ansvar og arbeidsoppgåver
- saksbehandling innan HR-faget
- ajourhold av personalarkiv
- utvikling av rutinar og arbeidsprosedyrer
- lønskjøring frå A til Å
- ajourhold av løns- og stillingsdata i løns- og personalsystemet
- delta i implementering av nye prosessar og rutinar innan lønsområde
- fråvær og refusjonsbehandling
- rekruttering og utlysing av stillingar
- fagstøtte for seksjonsleiarar innan personalforvaltning
- administrering av medarbeidarundersøkelser
- myndighetsrapportering og avstemming

Hjelmeland kommune bruker Visma Enterprise Plus som løns- og personalsystem og nyttar Websak som
sak/arkivsystem. Dette utgjer dei to viktigaste fagsystema innan HR

Me søkjer etter ein person som har
- utdanning frå høgskule tilsvarande bachelornivå, innan aktuelle fag som administrasjon, personal og økonomi
- relevant arbeidserfaring innan HR-faget
- relevant arbeidserfaring av omfang kan kompensere for manglande utdanning
- kjennskap til lov og avtaleverk innan kommunal sektor
- gode IKT-kunnskaper, og ønskje om å vidareutvikle desse
- gode norskspråklege kunnskaper både skriftleg og munnleg

Me tilbyr
- løn etter gjeldande avtaleverk
- pensjon og forsikringsordning etter tariffavtale
- ulike rekrutteringstiltak, som m.a. etableringspakke for nyutdanna og nytilsette

I Hjelmeland kommune jobbar me aktivt for å byggja heiltidskultur. Gjennom lokal erklæring om heiltid skal me redusera deltidsstillingar og tilby 100 % stilling som hovudregel. 

Hjelmeland kommune er opptekne av mangfald og me oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hjå oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn. 

Politiattest
Ver merksam på at me krev politiattest for alle som skal ha arbeidsplassen sin i barnevern, helse og omsorg, skule, barnehage og brannvesen.

Elektronisk søknadsprosess
Hjelmeland kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Du finn informasjon om korleis du søkjer på ei ledig stilling her.
Det er viktig for vidare handsaminga av din søknad at du legg inn alle relevante data. Det er høve til å leggja ved attestar og vitnemål i søknadsprosessen.
Ved ettersending av attestar og vitnemål bruk sikker opplasting på kommunens heimeside. 

Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via kundesenteret på tlf. 51 75 00 00.


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Malin Nordbø

404 39 017

malin.nordbo@hjelmeland.kommune.no

Om bedriften

Tenk deg ein kommune der du har fjord og båtliv utanfor døra og høgfjell og turområde berre nokre minutt unna, men samtidig når du storbyen på under timen. Tenk deg ein kommune som er ganske liten med 2600 innbyggarar, men samtidig romsleg og stor med 1092 kvadratkilometer. Tenk deg ein kommune som er så glad i barnefamiliar at me like godt tilbyr dei gratis barnehageplassar. Den kommunen er Hjelmeland naturlegvis. Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/6c10f954-3e96-459c-a209-76e82af80b34

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

bff5aab6-23e1-4814-8b6f-134aa769fd42

Sist endret

17. mars 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3606903_205417_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser