Spesialsjukepleiar
Rus- og avhengigheitsklinikken/ Martens, Helse Bergen HF
Hatleveien 7D, 5038 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Spesialsjukepleiar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest mandag 25. mai
Rus- og avhengigheitsklinikken (RAK) tilbyr behandling og oppfølging til menneske med rus- og avhengigheitslidingar. Klinikken satsar òg på forsking og kvalitetsutvikling innan rushelsetenesta.
Martens er ein del av Rus- og avhengigheitsklinikken i Helse Bergen. Seksjonen ligg tilbaketrekt i rolige omgjevnader i Sandviken og omfattar to sengepostar.
Korttidspost Martens er ei korttidsavdeling med 10 sengeplassar for kvinner og menn. Avdelinga tilbyr eit breitt spekter av tenester til pasientar som treng avklaring og avrusing i ein subakutt fase. Innlegging skjer på frivillig grunnlag. Tilbodet omfattar abstinensbehandling, medisinsk nedtrapping, tidleg stabilisering, miljøterapi, treningsterapi og psykologfagleg oppfølging. Me tilbyr fleire treningsaktivitetar kvar veke, både i eige treningsrom og i nærområdet. Det blir lagt stor vekt på ettervern, endringsprosessar og rusmeistring for å sikra eit heilskapleg behandlingstilbod.
Pasientane blir møtte av ei tverrfagleg personalgruppe med brei kompetanse. Hos oss møter du mellom anna erfaringskonsulent, sjukepleiar, sosionom, lege, fysioterapeut, vernepleiar og psykolog, som saman bidreg til eit heilskapleg tilbod.
I underetasjen til Korttidsposten ligg Tvangsposten. Denne har fire døgnplassar for pasientar innlagde etter vedtak i Helse- og omsorgstenestelova §§ 10-2 og 10-3. Overordna mål med opphaldet er avrusing, stabilisering, samt å motivere og leggje til rette for vidare frivillig behandling etter avslutta tvangsopphald. Behandlinga har både eit akutt perspektiv – å førebyggje alvorleg helseskade – og eit langsiktig mål om redusert rusmiddelbruk eller rusfrihet. Det blir lagt vekt på individuell tilrettelegging, brukarmedverknad og tett samarbeid med pårørande, kommunale tenester og andre samarbeidspartnarar. Gravide med rusliding er òg ein del av pasientgruppa.
RAK Korttidspost Martens har ledig 100% fast stilling som spesialsjukepleiar. Stillinga inngår i todelt turnus (dag/kveld) med arbeid kvar femte helg. Langvakter laurdag-søndag.
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleiar arbeider i tverrfagleg team og følgjer pasientane tett under innlegging
- Oppgåvene er varierte, og inneheld både tradisjonelle sjukeoppgåver, samt miljøterapeutiske oppgåver. Ein arbeidsdag kan bestå av alt frå mottak av nye pasientar, tillaging av medisinar, kartlegging og medisinsk oppfølging, støttesamtalar, pårørandearbeid og ulike aktivitetar med pasientane
- Bidra med undervising og kunne leie møte med pasientar saman med andre kollegaer
- Samarbeide med andre instansar
Kvalifikasjonar
- Erfaring frå sjukepleiefagleg arbeid innan somatikk, rus og/eller psykisk helsevern er ein fordel
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar og relevant vidareutdanning
- Dokumentere i tråd med nasjonale lover og retningslinjer
- Godt norsk språk, både munnleg og skriftleg
- Gode datakunnskapar
Personlege eigenskapar
- I tillegg til faglege kvalifikasjonar, legg vi vekt på personlege eigenskapar som samarbeidsevne og evne til sjølvstendig, strukturert og målretta arbeid
- Ha engasjement til å prege utviklinga av seksjonen som heilskap
- Vere fleksibel og ha vilje til eit godt samarbeid på alle nivå
- Ha evne til å ta ansvar, arbeide sjølvstendig og i team
- Du behandlar pasientar profesjonelt og empatisk, er imøtekomande og viser respekt
- Du arbeider målretta og toler å stå i krevande situasjonar
- Robust og god på avgjerder
Vi tilbyr
- Fagleg utfordrande og spennande arbeidsoppgåver
- Regelmessig internundervising
- Inkluderande arbeidsmiljø
- Vi arbeider tett saman i eit tverrfagleg miljø med høg effektivitet og kvalitet, god takhøgde og med humor som sit laust
- Langvakter kvar 5 helg
- Årsturnus/kalenderplan
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Trudi Ulevik Davanger, Seksjonsleiar, 47999686, trudi.ulevik.davanger@helse-bergen.noArbeidsstad
Hatleveien 7D5038 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5124335992
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.05.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
515ab6cc-1a9f-44d2-84f4-199dc1905e77
- Sist endret
5. mai 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
26508a1507a34e5697d6a1f7817eba8d