Lyst på ein variert og meiningsfull sommarjobb i Lom?
Lom Kommune Sentraladministrasjon
Lom
Om jobben
- Stillingstittel
- Helsesekretær
- Oppstart
- Etter avtale
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest lørdag 28. februar
Lyst på ein variert og meiningsfull sommarjobb i Lom?
Lom legekontor søkjer engasjerte ferievikarar for helsesekretærane i vekene 27--31. Søknadsfrist: 28.02.2026.Hjå oss får du ein spanande og hektisk arbeidskvardag, der du blir ein viktig del av eit triveleg og fagleg sterkt arbeidsmiljø. Arbeidsoppgåvene er varierte og gir verdifull erfaring frå primærhelsetenesta.
Kven ser vi etter?
Vi ønskjer deg som er:
-
serviceinnstilt og imøtekomande
-
fleksibel og løysingsorientert
-
trygg i møte med pasientar og kollegaer
Vi søkjer primært deg med helsefagleg bakgrunn, til dømes helsesekretær, sjukepleiar eller helsefagarbeidar. Studentar og ufaglærte med relevant praksis er òg hjarteleg velkomne til å søkje!
Arbeidsoppgåver
-
Telefon og ekspedisjon
-
Post- og journalarbeid
-
Laboratorie- og skadestuearbeid
-
Assistere legar ved behov
Vi kan tilby
-
Ein lærerik og meiningsfull sommarjobb
-
God opplæring og tett samarbeid i team
-
Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø
-
Løn etter avtale
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Lom er kjend for sin mektige natur, si friske luft og varierte opplevingar.
I Jotunheimen nasjonalpark finn du dei høgaste fjella i Norge, som Galdhøpiggen og Glittertind. Det populære friluftsområdet har lange tradisjonar knytt til fotturisme, klatring og tinderangling, og byr på eit omfattande nett av merka ruter og trivelege turisthytter.
Kommunen har eit kompakt sentrum med tilgang til fleire aktivitetar og opplevingar, butikkar, kafear, hotell og restaurantar. Mest kjend er kanskje Bakeriet i Lom. Velkomen til Lom!
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
51225034-758b-430a-b2cd-2634a87ec946
- Sist endret
26. januar 2026
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
51225034-758b-430a-b2cd-2634a87ec946
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Lom Kommune Sentraladministrasjon
Sted
Lom
Helsesekretær
Arbeidsgiver
Nymosvingen Legesenter As
Sted
Lillehammer
Arbeidsgiver
Sel Kommune Legetenesta
Sted
Sel