Ferievikarar sommaren 2026 - Helse og meistring i Lom kommune
Lom Kommune Sentraladministrasjon
Lom
Om jobben
- Stillingstittel
- Vernepleier
- Oppstart
- Etter avtale
- Type ansettelse
- Feriejobb, heltid 100%
- Arbeidstid
- Turnus, dagtid, kveld og natt, alle dager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 10
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest lørdag 28. februar
Ferievikarar sommaren 2026 - Helse og meistring
Lom kommune søkjer deg som vil bidra til å gje folk tryggleik, omsorg og meistring i kvardagen!
Vi treng ferievikarar sommaren 2026 innan følgjande tenesteområde:
Tilrettelagte tenester
Her jobbar du med personar som treng ekstra støtte i kvardagen. Du bidreg til meistring, aktivitet og livskvalitet, og er ein viktig del av fellesskapet rundt brukarane.
Institusjon
Her gjev du heildøgns pleie, omsorg og tryggleik til bebuarar med ulike behov.
Institusjonskjøken
Her er du med på å lage god og næringsrik mat til bebuarar og brukarar av tenesta.
Avdelingsvert/ung arbeidstakar
Er du mellom 16 og 18 år og ønskjer din første jobb i helsevesenet? Her får du bli ein del av kvardagen på institusjonen, og bidra med enkle, men viktige oppgåver.
Du hjelper til med måltid, trivselstiltak, servering, rydding, aktivitetar og fylgje opp bebuarar på tur eller i sosiale settingar.
Heimesjukepleie
Her jobbar du sjølvstendig ute hjå brukarar, og bidreg til at folk kan bu trygt og godt heime. Ein variert og givande arbeidskvardag med mykje ansvar og tillit.
Heimehjelp/praktisk bistand
Du hjelper folk med praktiske gjeremål i heimen. Dette er dagtidarbeid midt i veka som fint kan kombinerast med arbeid i heimesjukepleia i turnus,
Dagsenter for heimebuande
Her er du med og skaper sosiale møteplassar, aktivitetar og trivsel for brukarar. Dette er dagtidsarbeid måndag, tysdag og torsdag, som fint kan kombinerast med arbeid i heimesjukepleia i turnus.
Kven vi ser etter?
Vi søkjer deg som er engasjert, påliteleg og har eit ope og varmt vesen.
Du er ein som møter folk med smil og respekt -- og som vil bruke sommaren til å gjere ein forskjell. Erfaring frå helsearbeid er supert, men ikkje nødvendig -- det viktigaste er at du har lyst til å bidra og lære.
Du kan vere student(innan helsefag- eller pedagogisk utdanning), helsefagarbeidar/sjukepleiar/vernepleiar, elev -- eller ungdom som ønskjer å prøve noko nytt og meiningsfullt.
Vil tilbyr:
-
God opplæring, rettleiing og støttande kollegaer.
-
Ein meiningsfull jobb i eit inkluderande og godt arbeidsmiljø.
-
Ordna arbeidstid med gode arbeidsvilkår.
-
Fagleg spanande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver med høve til å lære mykje.
-
Høgt fagleg nivå på tenestene.
-
Løn etter gjeldande tariffavtale.
-
Moglegheit for vidare tilkallingsvikar etter sommaren.
-
Har ei bonusordning for gjennomført sommarvikariat.
Kvalifikasjonar:
-
Du må vera fylt 18 år, unnateke ung arbeidstakar.
-
Tilfredsstillande politiattest.
-
Må ha førarkort klasse B for arbeid i heimesjukepleia, heimehjelpa/praktisk bistand, dagsenter og tilrettelagte tenester.
-
Grunnleggande gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg.
Primærarbeidsperiode frå veke 26 til og med veke 33.
Arbeidstid etter gjeldande turnus med arbeid, i utgangspunktet annakvar helg.
Ber om at du i søknaden skriv kva arbeidsplass du ynskjer å vera ferievikar og kva for veker du ynskjer å jobbe.
Søknadsfrist: fortløpande
Velkommen til ein sommar med meining -- og bli med på laget i Helse og meistring.Nærare opplysningar:
For institusjon og kjøken:
-
Avdelingsleiar Guro Einbu, tlf. 40437941.
-
E-post: guro.einbu@lom.kommune.no
For heimesjukepleia, heimehjelp/praktisk bistand, dagsenter for heimebuande:
-
Avdelingsleiar Julianne Ramstad Plassen, tlf. 47460296
For tilrettelagte tenester:
-
Avdelingsleiar Ann Kathrin Flækøy, tlf. 47453241
Om bedriften
Lom er kjend for sin mektige natur, si friske luft og varierte opplevingar.
I Jotunheimen nasjonalpark finn du dei høgaste fjella i Norge, som Galdhøpiggen og Glittertind. Det populære friluftsområdet har lange tradisjonar knytt til fotturisme, klatring og tinderangling, og byr på eit omfattande nett av merka ruter og trivelege turisthytter.
Kommunen har eit kompakt sentrum med tilgang til fleire aktivitetar og opplevingar, butikkar, kafear, hotell og restaurantar. Mest kjend er kanskje Bakeriet i Lom. Velkomen til Lom!
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
f78117eb-32c3-4799-85f2-1070e65edafc
- Sist endret
10. november 2025
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
f78117eb-32c3-4799-85f2-1070e65edafc
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Nordre Land kommune
Sted
Dokka
Arbeidsgiver
Akuttmottaket, Lillehammer
Sted
Lillehammer
Medisinske sengeposter søker sommervikarer 2026
Arbeidsgiver
Indremedisinsk avdeling, Gjøvik, Sykehuset Innlandet HF
Sted
Gjøvik