Hopp til innhold

Sjukepleiar

Arbeidsgiver

Medisinsk sengepost Nordfjord, Helse Førde

Sted

Sjukehusvegen 14, 6770 Nordfjordeid

Om jobben

Stillingstittel
Sjukepleiar
Oppstart
2. april 2026
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
3
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest mandag 23. februar

Er du sjukepleiar som likar varierte arbeidsdagar med spenning og fagleg innhald? Då kan du bli vår nye kollega!Om stillingane
  • 80% fast stilling frå 02.04.2026. Stillinga kan ikkje delast. Kan kombinerast med 20% vikariat.
  • 100% vikariat, tiltreding snarast til 01.09.2026, moglegheit for forlenging 
  • 50% vikariat, tiltreding snarast til 01.09.2026, moglegheit for forlenging 

Opplys gjerne i søknaden kva stilling(ar) du ønskjer å bli vurdert til. 

Om sjukehuset og lokalmiljøet
Nordfjord sjukehus ligg midt i Nordfjord og er eit av tre sjukehus i Helse Førde. Nordfjordeid er omgitt av vakker natur og er ein triveleg stad å bu. Her finn du gode barnehage- og skuletilbod samt eit rikt fritids- og kulturtilbod. Nærheit til flyplass.

Om avdelinga
Medisinsk sengepost er ein heildøgns sengepost med 16 senger, inkludert 3 observasjonssenger. Vi er lokalsjukehus for Nordfjord med indremedisinsk akuttfunksjon.


Arbeidsoppgåver

  • Mottak, observasjon og oppfølging av pasientar
  • Tverrfagleg arbeid knytt til pasientoppfølging
  • Opplæring og rettleiing av studentar og nytilsette
  • Elektronisk pasientdokumentasjon i DIPS Arena og Meona
  • 3 -delt turnus med arbeid kvar tredje helg
  • Moglegheit for langvakter kvar 3.helg / 4.helg etter ulike avtalar

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Erfaring frå intensiv/intermediær eller observasjonssenger er ønskjeleg, men opplæring vil bli gitt.
  • Det er ønskjeleg med relevant kunnskap innan medisinsk teknisk utstyr og IKT-system
  • Må beherske godt norsk, både skriftleg og munnleg
  • Erfaring med bruk av DIPS Arena og Meona er ein fordel

Personlege eigenskapar

  • Pasientorientert og ansvarsbevisst
  • God fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø og ha gode samarbeidsevner
  • Har ønskje om fagleg utvikling, og tek initiativ til eiga opplæring og utvikling
  • Fleksibel og engasjert 
  • Evne til systematisk arbeid
  • Trivast i eit hektisk arbeidsmiljø
  • Fagleg nysgjerrig

Vi tilbyr

  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 
  • Varierte og spennande oppgåver
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Høgt fagleg nivå
  • Triveleg arbeidsmiljø

 

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Maria Charlotta Berg Langvik, Seksjonsleiar, +47 416 48 264

Arbeidssted

Sjukehusvegen 14
6770 Nordfjordeid

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Førde

Referansenr.: 5076931027
Stillingsprosent: 80, 100, 50%
Fast, Vikariat
Startdato: 02.04.2026
Søknadsfrist: 23.02.2026

Kontaktperson for stillingen

Maria Charlotta Berg Langvik

Seksjonsleiar

+47 416 48 264

Om bedriften

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder,  fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

50e4d642-1898-4861-8903-b68bf3eaade8

Sist endret

6. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

88a21bf6009d4d06b8be11ce19b1ab60

Lignende annonser

Arbeidsgiver

Medisinsk sengepost Nordfjord, Helse Vest, Helse Førde

Sted

Nordfjordeid

Sjukepleiar/Paramedisiner ved Interkommunale helsetenester Nordfjord

Arbeidsgiver

Interkommunale helsetenester, Stad kommune

Sted

Nordfjordeid