Ein liten jobb med stor betydning! ????
Sogndal kommune Bu- og miljøtenesta Sone Sogndal
6856 Sogndal
Om jobben
- Type ansettelse
- Annet, deltid 0%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 23. august
Bu- og miljøtenesta i Sogndal kommune søkjer deg som vil jobbe som tilkallingsvikar i sone Sogndal.
Her får du ein jobb der du er tett på menneske og der du faktisk ser at det du gjer har verdi i kvardagen til den enkelte.
Me ser etter deg som utdannar deg innanfor helse-, sosial- eller pedagogiske fag, eller som ynskjer å bety ein forskjell for andre.
- Aktivitetar tilpassa den enkelte sine interesser og utvikling
- Samarbeid med pårørande og andre fagpersonar
- Dokumentasjon og fagleg oppfølging
Du blir ein del av eit team, men mykje av jobben handlar om relasjonen mellom deg og den du jobbar med.
Kva går jobben ut på?
I bu- og miljøtenesta jobbar me med barn, unge og vaksne med ulike funksjonsnedsettingar og samansette behov. Målet er å skape trygge, meiningsfulle og føreseielege kvardagar.
- Praktisk og sosial støtte i heim og bustad
- Miljøarbeid og struktur i kvardagen
- Bistand med personleg pleie
- Rettleiing i ADL
Kvifor søkje denne stillinga?
Du får føreseielegheit, fagmiljø og utvikling – ikkje berre ekstravakter eller deltidsarbeid.
- Opplæring og rettleiing
- Eit fagmiljø som bryr seg om kvalitet
- Lønn etter gjeldande avtaleverk
- Ein arbeidskvardag der du faktisk betyr noko
Kven ser me etter?
Me vil gjerne snakke med deg som er student eller har eit friår.
Du må vere over 18 år. Det er ein fordel med erfaring eller utdanning innan helse, sosialfag eller arbeid med barn og unge, men det viktigaste er kven du er.
Me ser etter deg som:
- Er trygg og tolmodig
- Har evne til å skape tillit
- Er omsorgsfull og tydeleg
- Klarer å stå i krevjande situasjonar
- Ser moglegheiter framfor avgrensingar
Personlege eigenskapar vil bli vektlagde. Du må ha sertifikat og tilgang til bil.
Politiattest av ny dato må leggjast fram før tilsetjing. Teiepliktsskjema må underteiknast.
Administrasjonsspråket i kommunen er nynorsk.
I tråd med offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjar bli offentleggjorde, sjølv om du ber om unntak frå offentleg søkjarliste. Du vil bli varsla før eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
50282a64-303b-4919-8cd5-7029b5548808
- Sist endret
3. juli 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3644035_209579_nn