Hopp til innhold

Spennande vikariat for fysioterapeut – er det deg?

Arbeidsgiver

Terapeuteining Stord sjukehus

Sted

Tysevegen 64, 5416 Stord

Om jobben

Stillingstittel
Fysioterapeut
Oppstart
7. april 2026
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk eller skandinavisk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 22. mars

Er du fysioterapeut og vil jobbe i eit tverrfagleg team som fokuserer på å fremje helse, meistring og livskvalitet?

Terapeuteininga ved Stord sjukehus har ledig vikariat for fysioterapeut frå 7. april 2026 til 16. august 2026 – og vi håpar du har lyst å bli ein del av gjengen vår. Det kan bli aktuelt med forlenging av vikariatet. 

Hos oss jobbar ni fysioterapeutar og ein turnusfysioterapeut. Kvardagen er variert - vi dekkjer rehabiliteringsposten, medisinske og kirurgiske postar, felles intensivpost, rehabiliteringspoliklinikken og poliklinikk for fysikalsk medisin. Vikaren vil vi bruke på medisinsk og kirurgisk post, der det til ei kvar tid er størst behov. Det blir sett av god tid til opplæring og oppfølging slik at du er godt rusta for jobben.

Stillinga vil gi deg gode moglegheiter for allsidig praksis og kompetansebygging. Vi har eit høgt fagleg engasjement i avdelinga vår, og eit triveleg arbeidsmiljø. 

Terapeuteining Stord høyrer til avdeling for rehabilitering i Helse Fonna HF, og vi held til på Stord sjukehus. Sjukehuset ligg midt mellom Bergen og Stavanger – akkurat passe stort og akkurat passe nært. 

Stord er eit koseleg lite lokalsamfunn med både fjell, sjø og skjærgård rett utanfor døra. Her er det kort veg til turstiar, padlemoglegheiter, kaféliv og kulturarrangement – og med daglege direktefly til Oslo, kjem du deg lett både til og frå. 

 🔹 Høyrest dette interessant ut? Då håpar vi du vil søkje jobb hos oss!


Kva går jobben ut på? 

  • Kartlegging og behandling av pasientar.
  • Dokumenteringsarbeid.
  • Tverrfagleg samarbeid i team .
  • Samhandling med kommune og pårørande.

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Norsk autorisasjon som fysioterapeut. 
  • Det er ein fordel med arbeidserfaring innan sjukehus/spesialisthelstenesta.
  • Søkjarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2 nivå. Dokumentasjon må vedleggast søknaden. Ved tilsetjing av allereie fast tilsett i føretaket kan ein unntaksvis, i særlege tilfelle, fråvika kravet om bestått norsktest på B2-nivå

Hos oss er det viktig at du:

  • kommuniserer tydeleg og skapar gode relasjonar, både med pasientar, pårørande og kollegaer.
  • er engasjert i jobben din og møter arbeidskvardagen med motivasjon og pågangsmot. 
  • jobbar ryddig og har god oversikt, men tilpassar deg lett når situasjonen krev det.
  • trivst med å jobbe sjølvstendig, men set også pris på samarbeid og fagleg utveksling i team.

Kvifor skal du velje oss?

  • Gode pensjons- og arbeidsforsikringar.
  • Arbeid i lag med dyktige og engasjerte medarbeidarar.
  • Eit aktivit og triveleg arbeidsmiljø.

Kontaktinformasjon

Marianne Hollund Espeland, Avdelingsleiar, +47 952 34 329, marianne.hollund.espeland@helse-fonna.no
Kjerstin Risnes, Funksjonsleiar, kjerstin.risnes@helse-fonna.no

Arbeidsstad

Tysevegen 64
5416 STORD

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5092181554
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 07.04.2026
Sluttdato: 16.08.2026
Søknadsfrist: 22.03.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Kjerstin Risnes

Funksjonsleiar

kjerstin.risnes@helse-fonna.no

Marianne Hollund Espeland

Avdelingsleiar

+47 952 34 329

marianne.hollund.espeland@helse-fonna.no

Om bedriften

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

500db38a-5de2-4209-b97c-15e79f9a6f2f

Sist endret

6. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

2d1a1952b0c740038fa67625a2df60c4

Lignende annonser