Hopp til innhold

Sommarjobb på Jåttå

Arbeidsgiver

Forsvarsbygg

Sted

4068 Stavanger

Om jobben

Stillingstittel
Sommarjobb på Jåttå
Type ansettelse
Feriejobb, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
3
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest fredag 20. mars

Forsvarsbygg på Jåttå søker sommarvikarer til ulike oppgåvar innan i hovudsak utendørs vedlikehald.
Vi søker 3 sommervikarar som skal jobbe i vekene 27-31. 


Sommarvikarane våre vil få ein avtale som blir kalla rammeavtale for tilkalling for perioden 01.06.2026 – 30.08.2026. Denne avtalen vil seie noko om kva vilkår som gjeld, og kva lønn du får når du er på jobb. Når du skal jobbe innanfor denne perioden, blir avtalt med den som blir leiaren din. Normalt jobbar ein sommarvikar i 100 % stilling i innanfor den oppgitte perioden (veke 27-31). Arbeid ut over dette kan også avtalast alt etter kva som er arbeidsgivars behov, og kva som passar for deg.

 
Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på karrieresida vår: www.forsvarsbygg.no/jobb 


Arbeidsoppgåver

  • Vegetasjonsrydding
  • Maling
  • Påkommande arbeid, som til eksempel rydding inne og ute

Kven ser vi etter?

 Vi ser etter deg som er:

  • God til å samarbeide
  • Sjølvstendig
  • Fleksibel
  • Påliteleg
  • Ansvarleg

Kvalifikasjonar

  • Søkar må vere over 16 år, eller fylle 16 år i løpet av året.
  • God orden og åtferd
  • Må kunne autoriserast før oppstart
  • Det er ønskeleg med førarkort kl B

Vi tilbyr

Lønn som unge arbeidstakarar eller hjelpearbeidar (kode 1138/1115), frå kr. 293 500 - 417 600 i brutto årleg lønn.

Kontaktinformasjon

Frode Løvneseth, Områdeleiar, 952 10 193

Arbeidssted


4068 Stavanger

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Forsvarsbygg

Referansenr.: 5084657532
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 20.03.2026

Kontaktperson for stillingen

Frode Løvneseth

Områdeleiar

952 10 193

Om bedriften

Sidan festningane si tid har operative og funksjonsdyktige bygningar og anlegg vore avgjerande for Noreg si forsvarsevne. Det er Forsvarsbygg sitt ansvar å bygge denne forsvarsevna. Vi utviklar, bygger, driv og avhendar bygningar, anlegg og eigedom for forsvarssektoren. Vi er Noreg si største offentlege eigedomsaktør, ein attraktiv arbeidsgjevar med leiande fagkompetanse innan bygg og eigedom, og ei rekkje tilknytte fagområde.

Forsvarsbygg har ansvaret for over 12 000 bygningar og anlegg over heile landet, og har til ei kvar tid ansvaret for om lag 300 aktive investeringsprosjekt. Eigedomsparteføljen vi forvaltar inneheld mange av dei mest særegne og krevjande bygningane i landet, frå dei 15 festningane som er tilgjengelege for allmennheten, til militærleirar, skyte- og øvingsfelt og flystasjonar for Forsvaret. Forsvarsbygg har hovudkontor i Oslo med lokalitetar over heile landet.

Forsvarsbygg er ein etat i forsvarssektoren og underlagt Forsvarsdepartementet. Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi vil tilretteleggje for medarbeidarar som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar og arbeidsoppgåver.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

4f96cbc3-6c87-450a-849b-dab9a5831990

Sist endret

4. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

df64e99c7276488e83bf715deb000287

Lignende annonser