Sommarjobb innan reinhald i Stavanger
Forsvarsbygg
4044 Hafrsfjord
Om jobben
- Stillingstittel
- Sommarjobb innan reinhald i Stavanger
- Type ansettelse
- Feriejobb, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 3
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 7. april
Forsvarsbygg i Stavanger søker sommarvikarar til reinhald på våre lokasjonar i Stavanger-området.
Vi søker 2-3 sommarvikarar i vekene 25 - 33. Eventuelt kan perioden delast opp i mellom fleire.
Oppgi i søknaden beskjed kva periode du er interessert i å jobbe.
Sommarvikarane våre vil få ein avtale som blir kalla rammeavtale for tilkalling for perioden 01.06.2026 – 30.08.2026. Denne avtalen vil seie noko om kva vilkår som gjeld, og kva lønn du får når du er på jobb. Når du skal jobbe innanfor denne perioden, blir avtalt med den som blir leiaren din. Normalt jobbar ein sommarvikar i 100 % stilling i 4-5 veker innanfor den oppgitte perioden (veke 25-33). Arbeid ut over dette kan også avtalast alt etter kva som er arbeidsgivars behov, og kva som passar for deg.
Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på karrieresida vår: www.forsvarsbygg.no/jobb
Arbeidsoppgåver
- Utføre regelmessig og periodisk reinhald, samt rengjeringsrelaterte oppgåver innanfor eigen fagområde
- Ivareta oppgåver knytt til renholdstenesta
Kven ser vi etter?
Du har ein ryddig og strukturert tilnærming til arbeidsoppgåvene. Me skal levere gode renholdstenester, noko som stiller krav til at du er opptatt av å levere god kvalitet og samarbeider godt med andre. Dersom du òg har gode kommunikasjonsevner, er fleksibel og serviceinnstilt, kan dette vere rett stilling for deg.Kvalifikasjonar
- Søkarar må vere over 16 år, eller fylle 16 i 2026
- God orden og åtferd
- Du må kunne autoriserast føre oppstart
- Du må meistre norsk skriftleg og munnleg godt
- Det er ønskeleg med erfaring innan reinhald
- Det er ønskeleg at nokre av kandidatane har førarkort klasse B
- Det er ønskeleg med tryggleiksklarering for Hemmeleg/ NATO Secret
Vi tilbyr
Lønn som unge arbeidstakarar eller renholdsbetjent (kode 1138/1129), kr. 293 500 - kr. 417 600 i brutto årleg lønn.Kontaktinformasjon
Gro Larsen Stavnem, Reinhaldsleiar, 913 85 579Arbeidssted
4044 Stavanger
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Forsvarsbygg eiendomsforvaltning RenholdReferansenr.: 5082874685
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 07.04.2026
Kontaktperson for stillingen
Gro Larsen Stavnem
Reinhaldsleiar
913 85 579
Om bedriften
Sidan festningane si tid har operative og funksjonsdyktige bygningar og anlegg vore avgjerande for Noreg si forsvarsevne. Det er Forsvarsbygg sitt ansvar å bygge denne forsvarsevna. Vi utviklar, bygger, driv og avhendar bygningar, anlegg og eigedom for forsvarssektoren. Vi er Noreg si største offentlege eigedomsaktør, ein attraktiv arbeidsgjevar med leiande fagkompetanse innan bygg og eigedom, og ei rekkje tilknytte fagområde.
Forsvarsbygg har ansvaret for over 12 000 bygningar og anlegg over heile landet, og har til ei kvar tid ansvaret for om lag 300 aktive investeringsprosjekt. Eigedomsparteføljen vi forvaltar inneheld mange av dei mest særegne og krevjande bygningane i landet, frå dei 15 festningane som er tilgjengelege for allmennheten, til militærleirar, skyte- og øvingsfelt og flystasjonar for Forsvaret. Forsvarsbygg har hovudkontor i Oslo med lokalitetar over heile landet.
Forsvarsbygg er ein etat i forsvarssektoren og underlagt Forsvarsdepartementet. Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi vil tilretteleggje for medarbeidarar som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar og arbeidsoppgåver.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
ec76fddc-ea04-4f76-a0d2-84b42afe20bd
- Sist endret
3. mars 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
3e09bf8411cd459786066317c122ef80
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Forsvarsbygg
Sted
Stavanger
Arbeidsgiver
Renholdsavdelingen, Helse Stavanger HF
Sted
Stavanger
Arbeidsgiver
Foren bufellesskap, Time kommune
Sted
Kvernaland