Hopp til innhold

Sjukepleiar

Arbeidsgiver

Helsetjenester, Tokke kommune

Sted

Revahaugvegen 4, 3880 Dalen

Om jobben

Stillingstittel
Sjukepleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus, dagtid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest torsdag 12. mars

Ledig 100% fast stilling som sjukepleiar ved Tokke legekontor frå 01.05.2026

Er du sjukepleiar og ynskjer ein variert kvardag der du kombinerer tett oppfølging av pasientar på fastlegekontor med legevaktfunksjon på dagtid?

Då kan dette vere stillinga for nettopp deg!

Tokke legekontor har stabil legedekning med fire fastlegar som alle er spesialistar i allmennmedisin. Den eine av fastlegane er også spesialist i samfunnsmedisin og tilsett som kommuneoverlege i delar av stillinga. Kontoret har også LIS 1, sjukepleiarar, bioingeniør, hjelpepleiar og kreftkoordinator i teamet. 

Legekontoret er organisert under kommunalområdet helse og omsorg med avdelingsleiar for helse som næraste leiar.  I avdeling helse ligg i tillegg psykisk helse og rus, helsestasjon- og skulehelseteneste inkl. jordmor, fysioterapi, ergoterapi og kreftpoliklinikk. Alle tenestane er samlokalisert med institusjon og heimeteneste med eit eige sjukepleiarteam. I tillegg er det tett samarbeid med to private fysioterapeutar med driftstilskot.

Arbeidstid er måndag-fredag kl 08-15.30.

Legevakt utanom dagtid på kvardagar er i samarbeid med og organisert av Vinje kommune.


Arbeidsoppgåver

  • Ekspedere telefon og hastegradsvurdere henvendingar
  • Sjølvstendige sjukepleiarkonsultasjoner, og konsultasjonar delegert av lege
  • Laboratoriearbeid/-analyser
  • Tett samarbeid med legane, og assistere dei ved behov
  • Samarbeid med spesialisthelsetenesta, ambulanse og andre nødetatar
  • Fag- og kvalitetsutvikling
  • Aktuelle oppgåver delegert frå avdelingsleiar helse

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Kompetanse og erfaring frå legekontor og/eller legevakt er ein fordel
  • Gjennomgått kurs i akuttmedisin for legevaktpersonell og allmennleger er ynskjeleg
  • Utdanning/erfaring innan kronisk sjukdom, særskilt diabetes, er ein fordel
  • Erfaring med laboratoriearbeid vil vere positivt
  • God norskkunnskaper, både skriftleg og munnleg
  • Personlege eigenskapar og samarbeidsevner vert vektlagt

Personlege eigenskapar

  • Trygg og sjølvstendig: Du må kunne ta raske, forsvarlege avgjersle i akutte situasjoner
  • Samarbeidsorientert: Du trivast med å jobbe i team med legar og anna helsepersonell
  • Fleksibel og løysingsorientert: Du taklar uføresette hendingar og høgt arbeidstempo
  • Pasientfokusert: Du er omsorgsfull og profesjonell i møte med pasienter

Vi tilbyr

  • Ei utfordrande og variert stilling
  • Tett samarbeid i eit tverrfaglig og engasjert fagmiljø
  • Nødvendig opplæring
  • Kompetanseheving og fagleg utvikling
  • Kommunen har eigen lokal lønsstige som ligg over vanleg tariffavtale. 

Andre opplysningar: 

Tokke kommune er oppteken av mangfald, og oppfordrar difor alle som er kvalifisert til å søkje uansett alder, kjønn, nedsett funksjonsevne og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det. 

Politiattest av seinare dato må leverast ved tilsetting. 

Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.

I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane gjerast offentleg.

Tiltreding: Ynskjeleg frå 01.05.26, men kommunen er sjølvsagt open for søkjarar som kan tiltre etter dette.

Nærare informasjon om stillinga kan rettast til avdelingsleiar helse Evy Katrin Aamlid  tlf: 35075530/ 41100975, evy.katrin.aamlid@tokke.kommune.no.

Velkomen som søkjar!

Kontaktinformasjon

Evy Katrin Aamlid, Avdelingsleiar, +47 41100975

Arbeidsstad

Revahaugvegen 4
3880 Dalen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Tokke kommune

Referansenr.: 5082009116
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.03.2026

Kontaktperson for stillingen

Evy Katrin Aamlid

Avdelingsleiar

+47 41100975

Om bedriften

Tokke er ein av seks kommunar i Vest-Telemark. Kommunen har i underkant av 2200 innbyggjarar. Vi har mange aktive bygder og grender, med kvar sine kvalitetar, tradisjonar og eldsjeler. 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

4f75652d-fb3c-4233-adb7-87778b49cbd6

Sist endret

17. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

9af80c79c12a4668a93baaa97714c458

Lignende annonser