Sjukepleiar 100 % fast
Avdeling heimetenester og TTF, Fyresdal kommune
Prærien 23, 3870 Fyresdal
Om jobben
- Stillingstittel
- Sjukepleiar 100 % fast
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest mandag 6. april
Heimetenesta yter helsehjelp til innbyggarar etter lov om kommunale helse- og omsorgstenester. Arbeidsoppgåvene er varierte. Heimetenesta i Fyresdal er eit godt team som jobbar målretta for at pasientar skal få bu og virke i eigen heim så lenge det er fagleg forsvarleg. Vi har stor takhøgde for faglege diskusjonar og alle tilsette er like viktige uavhengig av profesjon. Målet i heimetenesta er å jobbe som eit lag. Respekt for kvarandres profesjonar samstundes som vi er opptekne av å gjere kvarandre gode for og få lagkjensla. Humor i arbeidskvardagen er viktig i teamet og det er viktig og kunne vere seg sjølv blant kollegaer. Vi tek vare på kvarandre!
Arbeidsoppgåver
- Klinisk arbeid med pasientar, både grunnleggande pleie og elles medisinsk oppfylging.
- Vurdering og kartlegging av behov i samarbeid med resten av teamet i heimetenesta.
- Samarbeid med andre fagmiljø og ressurspersonar internt til det beste for pasienten.
- Medikamenthandtering.
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar.
- Vidareutdanning innan geriatri, demens, ernæring eller diabetes vil vere ein fordel.
- Erfaring frå arbeid i heimetenesta.
Personlege eigenskapar
Vi søker ein person som:
- Er imøtekomande ovanfor pasientar og pårørande.
- Har gode samarbeidsevner.
- Har god evne til å jobbe sjølvstendig.
- Er ansvarsfull og stabil.
- Er fleksibel, kreativ og løysningsorientert.
- Har stor arbeidskapasitet.
- Bidreg til godt arbeidsmiljø og har genuin forståing for at ein jobbar i eit lag der alle er like viktige uavhengig av profesjon.
- Likar utfordringar.
- Beherskar norsk både skriftleg og munnleg.
Den som blir tilsett må ha førarkort kl. B.
Personlege eigenskaper vil bli vektlagt i stor grad.
Vi tilbyr
- Faglege utfordringar i eit godt arbeidsmiljø med gode kollegar.
- Stor takhøgde for faglege diskusjonar og eit arbeidsmiljø med humor med fokus på at saman får vi det til. Alle tilsette er like viktige i teamet uavhengig av profesjon.
- Kommunale vilkår inkludert god pensjonsordningi
- 35,5 timars veke. Arbeid i turnus med dag-/kveldsvakter og arbeid kvar 3. helg. Vi skal i gang med årsturnus.
- Løn etter avtale.
- Hjelp til å skaffe bustad.
- Vakker natur, rein luft og eit hav av mogelegheiter for friluftsliv både sommar og vinter.
- Barnehageplass frå dag ein i kommunen.
- Barnehage og skule lokalisert i sentrum.
Tilsetting skjer elles på dei vilkår som til ei kvar til går fram av gjeldande lovar, reglar og tariffavtaler, m.a. 6 månadar prøvetid.
Kontaktinformasjon
Gunn Marit Aslestad, Avdelingsleiar HSPL/TTF, +47 97717105Arbeidssted
Prærien 233870 Fyresdal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Fyresdal kommuneReferansenr.: 5100623166
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.04.2026
Kontaktperson for stillingen
Gunn Marit Aslestad
Avdelingsleiar HSPL/TTF
+47 97717105
Om bedriften
Fyresdal kommune er ein framtidsretta distriktskommune med vekst og vilje. Vi satsar målretta på bulyst, næringsutvikling og innovasjon – og har ambisjonar om å bli ein nasjonal pådrivar innan kunstig intelligens (KI). Fyresdal byr på høg livskvalitet, korte avstandar og naturen tett på, i eit levande lokalsamfunn der det er godt å jobbe, bu og leve.
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
997a336f-07cc-459d-beb4-5adf63cb8ae8
- Sist endret
20. mars 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
a4960fa9e87d40f0898644b2641b627f