Spesialkonsulent - dokumentasjonsforvaltning
IDI - Dokumentsenter, Vestland fylkeskommune
Askedalen 2, 6863 Leikanger, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Spesialkonsulent - dokumentasjonsforvaltning
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Antall stillinger
1
Er du oppteken av digitalisering og ønskjer bidra til effektiv informasjonsutveksling samstundes som du sjølv utviklar deg innan eit relevant fagområde i stor endring?
Dokumentsenteret i Vestland fylkeskommune samlar og styrkar fagmiljøet innan dokumentasjonsforvaltning
på Leikanger, og me treng no ein engasjert medarbeidar som kan komplettere vår
dyktige gjeng.
Dokumentsenteret har ansvaret for å leggje til rette for at fylkeskommunen dokumenterer sin
forvaltning gjennom god journalførings- og arkiveringspraksis. Hjå oss vil du
inngå i eit robust fagmiljø der du jobbar tett med erfarne kollegaer. Me ønskjer å styrke den totale kompetansen i eininga og søkjer no særleg etter deg med interesse for og kompetanse innan brukarstøtte, opplæring, kommunikasjon eller liknande.
Stillinga er fast og tiltreding skjer når riktig kandidat er tilgjengeleg.
Arbeidsoppgåver
- Mottak og journalføring av elektronisk og digital post, samt innskanna fysisk post og anna saksdokumentasjon.
- Brukarstøtte innan fagområdet generelt, og sak- og arkivsystemet spesielt.
- Gjennomføre opplæring av sakshandsamarar og leiarar i fylkeskommunen innan einingas fag- og systemportefølgje.
- Kontroll og utlegging av offentleg journal på eInnsyn.no.
- Støtte sakshandsamarar, samt noko sakshandsaming, innan offentlegheitsvurdering og innsyn.
- Andre administrative og utviklingsorienterte oppgåver innan einingas ansvarsområde.
Kvalifikasjonar
- Utdanning på bachelornivå med relevant fag-/emnesamansetning. Relevant erfaring kan ved vurdering erstatte formalkrav til utdanning.
- Ønskjeleg med utdanning og/eller erfaring innan brukarstøtte, undervisning, kommunikasjon mv.
- Særs god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.
- Gode IT-kunnskaper og systemforståing.
- God læringskompetanse.
Personlege eigenskapar
- Du har interesse for fagområde og positiv haldning til digitaliering.
- Du trivst i miljø med fleksible oppgåver, høgt arbeidstempo og intensjonsbasert leiing.
- Du identifiserer deg med verdiane våre; kompetent, open og modig.
- Du er nytenkande og løysingsorientert.
- Du er initiativrik og serviceinnstilt.
- Du er fagleg nysgjerrig og likar å halde deg oppdatert, samstundes som du er oppteken av og dyktig til å dele kunnskap med kollegaer.
Vi tilbyr
- Arbeid innan eit fagområde og med system i stor utvikling.
- Ei sentral og viktig rolle knytt til det største fellessystemet i ein stor fylkeskommune.
- Samarbeid med fagleg dyktige kollegaer i eit stort fagmiljø.
- Løn etter avtale.
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
- Fleksibel arbeidstid og moglegheit for heimekontor.
Kontaktinformasjon
Kenneth Stigen Fureli, leiar, 91130261Arbeidsstad
Askedalen 26863 Leikanger
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 4733662551
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.12.2023
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2490050
- Hentet fra
talentech
- Referanse
7e187a92dec848e082e53706643300c0