ID 1059 Fagarbeidar SFO - Rimbareid barne- og ungdomsskule og Sælevik Skule
Rimbareid og Sælevik Skule SFO
Fitjar
Om jobben
- Oppstart
- 1. august 2026
- Stillingstittel
- Barne- og ungdomsarbeider
- Type ansettelse
- Vikariat, deltid 42%
- Arbeidstid
- Vakt, dagtid, ukedager
Søk på jobben
Søk senest søndag 17. mai
På SFO får barna ein trygg opphaldsplass med omsorgsfulle vaksne rundt seg. Her vert det lagt til rette for leik og aktivitet både ute og inne, samt kultur- og fritidsaktivitetar tilpassa det enkelte barnet sitt behov.
Mange skular tilbyr også SFO i skuleferiar og på planleggingsdagar. Opningstida varierer frå skule til skule, og nokre skular tilbyr både heiltids- og deltidsplass.
SFO er eit frivillig tilbod til:• elevar i grunnskulen sitt 1. til 4. trinn
• elevar med særskilde behov i 1. til 7. trinn
Om SFO-tilboda ved skulane:Rimbareid SFO held til i skulen sine nye lokale knytt til 1. klasse.
Opningstid: Morgon: frå kl. 06.45 og etter skuledagen: til kl. 16.15
Sælevik SFO held til i skulen sine lokale.
Opningstid: Morgon: frå kl. 07.00 og etter skuledagen: til kl. 16.00
Ledige stillingar:Rimbareid skule, SFO ettermiddag
Frå 01.08.2026 er det ledig eit årsvikariat, ca. 34 % stilling.
Sælevik skule, SFO ettermiddag
Frå 01.08.2026 til våren 2027 er det ledig vikariat på ettermiddagstid, ca. 30 % stilling.
Det kan bli fleire ledige fagarbeidarvikariat fram mot skulestart. Denne søknadslista vil då bli nytta.
Me søkjer etter ein medarbeidar som har:-
fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget
-
assistent med realkompetanse frå skule og SFO kan og bli vurdert
-
god kommunikasjon og samarbeidsevne
-
evne til å ta initiativ og arbeida målretta og sjølvstendig
-
evne til å vera fleksibel og løysingsorientert
-
god kjennskap til skulen sine ulike oppgåver
I tillegg til formell utdanning og praksis vert det lagt vekt på personlege eigenskapar.
Me tilbyr:-
Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lover, reglement og tariffavtalar.
-
interessante og utviklande arbeidsoppgåver i eit støttande, triveleg og profesjonelt arbeidsmiljø. Me har fokus på å vidareutvikla ein inkluderande skule.
Send inn oppdatert CV og referansar når du søkjer. Godkjente kopiar av vitnemål og attestar vert etterspurt i samband med innkalling til intervju.
Søkjarar må leggja fram politiattest før dei tek til i stillinga, jf. Opplæringslova §17-11
Kontaktperson Sælevik skule er rektor Elisabeth Kjærland, e-post elkj@fitjar.kommune.no, tlf. 99163901Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Fitjar er ein kommune i Sunnhordland i Vestland fylke ca 1,5 time sør frå Bergen sentrum, og er ein øykommune som ligg vakkert til nord på øya Stord. Her vil du framleis finne eit urørt kystlandskap, ein unik skjergard med idylliske vikar og om lag 380 øyar, holmar og skjær. Øya har også flotte fjellandskap med mange merka turstiar.
Fitjar er ein framtidsretta kommune med spanande moglegheitar. Kommunen har ca. 3200 innbyggjarar, gode buforhald, eit levande lokalsamfunn og eit næringsliv i utvikling.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
4e9e0dcd-f5f2-41a0-89ff-747ad4b3f586
- Sist endret
30. april 2026
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
4e9e0dcd-f5f2-41a0-89ff-747ad4b3f586