Nav rettleiar
Nav Kvinnherad, avdeling Marked og arbeidsrettet oppfølging
Sentrumsvegen 29, 5460 Husnes
Om jobben
- Stillingstittel
- Nav rettleiar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 11. november
Vil du vere med og støtte menneske på vegen mot arbeid og aktivitet?
Nav Kvinnherad søkjer ein engasjert og samfunnsinteressert rettleiar som vil bidra til å styrke arbeidsretta oppfølging for personar som mottar statlege ytingar. Du vil få ei sentral rolle i å kartlegge arbeidsevne, gi individuell rettleiing, samarbeide med arbeidsgivarar og tiltak, og vere ein viktig støttespelar for brukarar på veg mot jobb eller utdanning.
Hos oss blir du del av eit tverrfagleg miljø med 36 tilsette. Stillinga høyrer til avdeling for marknad og arbeidsretta oppfølging der både statlege og kommunale tilsette jobbar tett saman for å finne gode løysingar for innbyggjarane i Kvinnherad.
Arbeidsoppgåver
- Kartlegging, rettleiing og oppfølging av menneske med ulike behov.
- Arbeidsretta brukaroppfølging.
- Kontakt med arbeidsgivarar med mål om eit inkluderande arbeidsliv.
- Ansvar for eigen portefølje i Nav sine fagsystem, ha struktur og god oversikt over tiltak og verkemiddel ved konteret.
- Samarbeid med andre rettleiarar i Nav og andre samarbeidspartnerar, både lokalt og i regionen vår.
Kvalifikasjonar
Du må ha:
- Høgare utdanning på minimum bachelornivå, fortrinnsvis samfunnsfagleg men andre studieretningar kan og vera aktuelle. Særleg relevant arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet.
- Gode norskkunnskapar. Om du har eit anna morsmål enn norsk eller skandinavisk, må du kunne dokumentere språknivå tilsvarande B2.
- Gode formidlingsevner, munnleg og skriftleg
- God digital kompetanse.
Me ynskjer at du har:
- Kjennskap til offentleg forvaltning og forståing av Navs samfunnsoppdrag
- Erfaring frå rettleiingsarbeid, rettleiingskompetanse
- Kjennskap til næringsliv og arbeidsmarknad, gjerne i vår region
- God forståing for lovar og regelverk, særleg innan forvaltningsrett
- Erfaring frå sakshandsaming og lovanvendelse
- Kjennskap til LEAN-metodikk
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Er trygg i møte med menneske, evna å skape gode relasjonar og stå i relasjonar over tid
- Ser moglegheiter, skaper motivasjon og rom for meistring
- Er sjølvstendig, kan prioritere og er strukturert.
- Er løysningsorientert og fleksibel
- Har god omstillingsevne og handtera endringar på ein god måte.
- Samarbeida godt, likar å jobbe i team og bidrar med kompetansedeling
- Bidrar positivt i arbeidsmiljøet
Nav er ein organisasjon i stadig endring, og nye oppgåver må påreknast. Ein må vera budd på til tider stort arbeidspress.
Vi tilbyr
- Moglegheit til å utgjera ein skilnad i ein organisasjon med eit særs viktig samfunnsoppdrag
- Meiningsfulle og utfordrande arbeidsoppgåver
- Opplæring, kurs og kompetanseheving
- Eit godt arbeidsmiljø med inkluderande kollegaer
- Fleksibel arbeidstid og mogelegheit for trening i arbeidstida
- Stillinga er løna som rådgivar i lønsspenn 585 000 - 625 000 pr. år. For særs kvalifiserte søkarar kan høgare løn vurderast.
- Gode pensjonsordningar gjennom Statens Pensjonskasse (frå løna blir det trekt 2%)
Les meir om Nav som arbeidsgivar
Kontaktinformasjon
Maria Danuta Sadowska, Nav leiar, 95096808, maria.danuta.sadowska@nav.noMarte Strømme, Avdelingsleiar, 94439395, marte.stromme@nav.no
Arbeidsstad
Sentrumsvegen 295460 Husnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: NAVReferansenr.: 5031213729
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.11.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.
Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.
Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.
Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no.
NAVstilling
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
4db8fe0e-2925-43b3-9604-fa892bf334df
- Sist endret
28. oktober 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
a132d97f31c348bf82cd98842f55273f
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Nav Stord (regionkontor Sunnhordaland)
Sted
Stord
Avdelingsleiar heimetenester Ølve/Hatlestrand
Arbeidsgiver
Kvinnherad kommune Sektor omsorg, helse og sosial
Sted
Rosendal
Avdelingsleiar
Arbeidsgiver
Kvinnherad kommune Bu og habilitering
Sted
Rosendal