Jobbspesialist
Nav Stord (regionkontor Sunnhordaland)
Bandadalsplassen 5, 5417 Stord
Om jobben
- Stillingstittel
- Jobbspesialist
- Oppstart
- 1. februar 2026
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest mandag 10. november
Vi ser etter deg med talent for å bygge og vedlikehalde relasjonar og som blir motivert av å skape moglegheiter i arbeidsmarknaden. Som jobbspesialist arbeider du etter Supported Employment (SE), ei metodisk tilnærming tilpassa personar med omfattande og samansette støttebehov, der målet er å hjelpe deltakarane i tiltaket med å få- og behalde arbeid i ei ordinær verksemd.
Å vere jobbspesialist betyr at du gir tett og individuelt tilpassa oppfølging av arbeidssøkarar, saman med arbeidsgivarar, utdanningsinstitusjonar og andre samarbeidspartar. Du vil ha arbeidsoppgåver for heile regionen som omfattar kommunane; Stord, Bømlo, Fitjar, Tysnes, Kvinnherad og Sveio. Stillinga er ledig frå 01.02.2026 og arbeidstaden er Nav Stord.
I søknadsteksten ber vi deg seie noko om kva som motiverer deg til å søke på stillinga.
Arbeidsoppgåver
- Individuelt tilpassa oppfølging av arbeidssøkarar med mål om ordinært arbeid eller utdanning
- Identifisere arbeidssøkar sine interesser, sterke sider og ferdigheiter, og korleis desse kan koplast til aktuelle jobbar
- Saman med arbeidssøkar legge ein plan for jobb eller studiar etter deltakar sine mål og ønsker
- Oppsøke bedrifter, skape dialog med arbeidsgjevarar og bygge nettverk i regionalt og lokalt næringsliv
- Engasjere og motivere både jobbsøkarar og arbeidsgivarar
- Dokumentere arbeidet i Nav sine fagsystem
Kvalifikasjonar
Du må ha:
- Høgare utdanning på minimum bachelornivå. Relevant erfaring og/eller utdanning kan kompensere for kravet til utdanning.
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- God digital kompetanse
- Erfaring med relasjonsarbeid og/eller rettleiing
- Førarkort klasse B
Det er ein fordel om du har:
- God kunnskap om arbeidsmarknaden i Sunnhordland
- Erfaring frå oppsøkande kundekontakt og nettverksbygging
Personlege eigenskapar
- Du bygger nettverk, er initiativrik og fleksibel
- Du skapar tillit og gode relasjonar med dei du møter
- Du er sjølvstendig, kan prioritere og er strukturert
- Du er motivert og har god gjennomføringsevne
- Du er ein lagspelar som deler erfaringar og kompetanse med kollegaer
Vi tilbyr
- Ein spennande jobb i eit godt arbeidsmiljø, prega av høg kompetanse og engasjerte medarbeidarar
- Store moglegheiter for fagleg- og personleg utvikling
- Opplæring i mellom anna Supported Employment og prinsippa for inkluderingskompetanse
- Statleg tilsetting i stillingskode 1434 rådgivar med lønsspenn frå kr. 570.000 til kr. 635.000 pr. år. For særleg kvalifiserte søkarar kan noko høgare løn vurderast.
- Velferdsgode som fleksibel arbeidstid, og moglegheit for trening i arbeidstida
- God pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse
Kontaktinformasjon
Kenneth Magnussen, Metoderettleiar, 975 11 362, Kenneth.Olav.Magnussen@nav.noHelga Strømme, Avdelingsleiar, 40207709, helga.valvatne.stromme@nav.no
Arbeidssted
Bandadalsplassen 55417 Stord
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: NAVReferansenr.: 5031751533
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.02.2026
Sluttdato: 31.01.2027
Søknadsfrist: 10.11.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.
Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.
Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.
Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no.
NAVstilling
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
af4807ef-20c4-45ed-908a-3b4fc7addd1c
- Sist endret
27. oktober 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
1b2e04dfe5394189842b7c93b6baf286
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune NAV
Sted
Os
Saksbehandler
Arbeidsgiver
Nav hjelpemiddelsentral Vestland, Bergen
Sted
Kokstad
Arbeidsgiver
Nav Kvinnherad, avdeling Marked og arbeidsrettet oppfølging
Sted
Husnes