100% fast stilling, dagtid
Kvinnherad kommune Sektor omsorg, helse og sosial
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Om jobben
Stillingstittel
Avdelingsleiar heimetenester Ølve/Hatlestrand
Oppstart
1. januar 2026
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 2. november
Avdelingsleiar heimetenester Ølve/Hatlestrand – Kvinnherad kommune
Vil du vere med å utvikle framtidige tenester i omsorg, helse og sosial i Kvinnherad kommune? Ein spennande stilling i kommunen vert ledig januar 2026, då vår gode kollega har bestemt seg for å flytta frå kommunen vår, og har difor vald å sei opp stillinga si.
Om stillinga:
Avdelingsleiar fast 100% stilling – 37,5 t/v - dagtid .
Stillinga har oppmøteplass på Ølve.
Stillinga inneber at du har ansvar for omlag 24 årsverk fordelt på 35 tilsette.
Som avdelingsleiar er du ein del av leiarteamet i heimetenesta i kommunen.
Avdelingsleiar er ansvarleg for å planleggja, leia og koordinera avdelinga/gruppa sine gjeremål. Leggja til rette arbeidsoppgåver i samsvar med personale sine kvalifikasjonar og brukar sine behov. Tenesta vår er i stadig endring og andre oppgåver kan bli aktuelle i stillinga.
Arbeidsstart: Stillinga er ledig frå januar 2026.
Ølve/Hatlestrand lokalisert i vakre Kvinnherad ved Hardangerfjorden.
Eininga yta helse og omsorgstenester etter helse og omsorgstenestelova § 3 – 1, til dei som treng det og oppheld seg i kommunen. Eininga yt tenester etter vedtak.
Gruppa har ansvar for heimetenester for eldre og menneske som treng pleie, omsorg og rehabilitering i område, samt ansvar for Ølve alderspensjonat som har 14 omsorgsbustader, dagsenter og produksjonskjøkken.
Tilsette jobbar i årsturnus, dag/kveld og har eigne nattevakter.
Vi kan tilby eit godt arbeidsmiljø, engasjerte kollegaer med god fagleg kompetanse. Og vi har godt tverrfagleg samarbeid med stort fokus på rehabilitering og trening
Vi søkjer etter ein leiar som kan:
- Leie avdelinga slik at tenestemottakarar får helse- og omsorgstenester av god kvalitet
- Vera ansvarleg for at tenestene er i samsvar med lover, forskrifter og andre sentrale og interne bestemmelsar
- Bidra til utvikling av tenesta
- Drifte avdelinga fagleg og personalmessig innanfor vedtekne rammer
- Koordinere vakter/turnus
- Delta i utviklingsarbeid
- Samarbeide med eksterne/interne aktørar
- Stillinga vil innebera stedfortredar funksjon for andre avdelingsleiarar i eininga og delegerte oppgåver frå einingsleiar
- Ha eit overordna ansvar for oppfølging av arbeidet med helse, miljø og tryggleik i eininga, i tett samarbeid med einingsleiar
Kvalifikasjonar:
- Helsefagleg utdanning på høgskulenivå
- Leiarutdanning og leiarerfaring frå tilsvarande arbeid
- HMT-erfaring
- God forståing av gjeldande lovverk
- God digital kompetanse
- Beherskar norsk munnleg og skriftleg
- Stilling krev politiattest, ikkje eldre enn 3 månader
Personlege eigenskapar:
- Ha gode samarbeidsevner og evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta i ein hektisk kvardag
- Ha evne til nytenking og initiativtaking
- Er ein god relasjonsbyggar, med fokus på innkludering, dialog og kommunikasjon
- Du må vere fleksibel og løysingsorientert
- Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing
Vi tilbyr:
- Gratis SFO og låge barnehageprisar - eit reelt pluss for barnefamiliar
- Trygt og godt oppvekstmiljø for barn og unge
- Studielånslette - inntil 25 000 kr årleg dersom du bur og jobbar her
- Natur i verdsklasse - Fjord, fjell og frisk luft gir livskvalitet utan sidestykke
- Ein kommune i utvikling - du får kjekke kollegaer og være med i ein organisasjon som vil framover
Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
Løn etter avtale.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
037bb0db-4a81-479b-8fac-9528e77b0aee
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3554099_225945_nn
Lignende annonser
Avdelingsleiar Halsnøytunet
Arbeidsgiver
Kvinnherad kommune Halsnøytunet
Sted
Rosendal
Arbeidsgiver
Kvinnherad kommune Sektor omsorg, helse og sosial
Sted
Rosendal
Helsefagarbeider 100% fast stilling
Arbeidsgiver
Kvinnherad kommune Husnestunet
Sted
Rosendal