Einingsleiar heimetenester - 100% fast stilling
Kvinnherad kommune Sektor omsorg, helse og sosial
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Om jobben
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 26. oktober
Vil du vere med å utvikle framtidige tenester i omsorg, helse og sosial i Kvinnherad kommune? Ei av kommunen sine mest spanande stillingar vert ledig våren 2026, då vår noverande leiar skal gå av med pensjon.
Me er på jakt etter ei ny stjerne som vil ta stafettpinnen vidare og som får heilskapleg ansvar for drift, utvikling og leiing av eininga.
Dette er ei av dei mest sentrale leiarstillingane i kommunen. Heimetenestene omfattar fleire avdelingar, meir enn 200 medarbeidarar og rår over eit betydeleg budsjett. Som einingsleiar vil du ha heilskapleg ansvar for drift, fag og utvikling – og for tenester som er heilt avgjerande i kvardagen til innbyggarane våre.
Du blir del av leiargruppa for omsorg, helse og sosial, og vil ha ein nøkkelrolle i arbeidet med å sikre berekraftige og moderne tenester.
Er du ein strategisk og engasjert leiar med hjarte for folk og framtid, så er dette jobben for deg!
Arbeidsoppgåver:- Økonomi, fag og folk – frå A til Å
- Utvikle og følgje opp strategiar og mål i tråd med politiske vedtak og sektorplanar
- Drive fram innovasjon, digitalisering og smarte løysingar
- Bygge gode samarbeidsrelasjonar med tilsette, brukarar, pårørande og andre samarbeidspartnarar
- Delta aktivt i leiargruppa for omsorg, helse og sosial, og vere ein pådrivar for samhandling og fellesskap
Dine kvalifikasjonar:
- Relevant utdanning (bachelor- eller masternivå)
- Interesse for ny teknologi, velferdsløysingar og tverrfagleg utvikling
- Evne til å motivere og utvikle medarbeidarar
- Leiarutdanning og leiarerfaring med gode resultat
- God forståing for kommunal drift og lovverk
- Tydeleg, trygg og inspirerande
- Strategisk, og handlingsorientert
- Gode kommunikasjonsevner
- Relasjonsbyggande og inkluderande
Kvifor Kvinnherad?
- Gratis SFO og låge barnehageprisar - eit reelt pluss for barnefamiliar
- Ny barneskule på Husnes (2026) rett ved Kvinnherad Arena; med hall, klatrevegg og moderne læringsmiljø!
- Trygt og godt oppvekstmiljø for barn og unge
- Studielånslette - inntil 25 000 kr årleg dersom du bur og jobbar her
- Natur i verdsklasse - Fjord, fjell og frisk luft gir livskvalitet utan sidestykke
- Bustadetablering - Startlån som gjer det enklare å kjøpe eigen bustad
- Ein kommune i utvikling - du får kjekke kollegaer og være med i ein organisasjon som vil framover
Me tilbyr
Ei spennande og meiningsfull leiarstilling. Handlingsrom og påverknadskraft på utforming av løysingar i framtidas heimetenester. Eit profesjonelt leiarfellesskap med høg kompetanse. Me jobbar med kontinuerleg forbetring.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
ce3d0d6f-7481-4c52-981a-5bd881d793fb
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3550627_225945_nn