Hopp til innhold

Naustdal omsorgssenter har ledige

Arbeidsgiver

Sunnfjord kommune Naustdal omsorgssenter

Sted

Sunnfjord

Om jobben

Stillingstittel
Helgestillingar
Type ansettelse
Fast, deltid 21%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
3
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 1. mars

Naustdal omsorgssenter er eit av seks omsorgssenter i Sunnfjord kommune. Vi yter tenester innan heildøgns omsorg for personar som har behov for omsorg og medisinsk oppfølging gjennom døgnet.

Hos oss møter du kollegaer med brei kompetanse innan demens, geriatri, akuttsjukepleie, lindrande behandling og personsentrert omsorg.  

Vi er stolte av å vere ein del av ressurssjukepleiarnettverket for kreftomsorg og lindrande behandling i kommunen og vi jobbar kontinuerleg for å utvikle tenestene våre vidare.

Vi har ledig:
  • faste helgestillingar i 14-21 % 
  • Stillingane er i 2-delt turnus med arbeid annankvar, eller 3 kvar helg. 

    Vi søker deg som:

    • har norsk autorisasjon som sjukepleiar eller fagbrev som helsefagarbeidar, vi oppfordrar sjukepleiarstudentar og søkarar med interesse for fagfeltet om å søke, ufaglærte blir tilsett i mellombels stilling
    • beherskar norsk godt - både munnleg og skriftleg
    Vi søker deg som:
    • er i interessert i eller har erfaring frå jobb innan eldreomsorga  
    • er engasjert, lærevillig og løysingsorientert
    • er fleksibel og likar utfordringar
    • er strukturert og ansvarsbevisst
    • har stor arbeidskapasitet
    • bidreg positivt til eit godt arbeidsmiljø
    • har gode ferdigheiter i kommunikasjon og samhandling
    • har grunnleggande datakunnskapar - vi nyttar fagprogrammet Cosdoc

    Vi tilbyr deg: 

    • eit arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer og leiarar
    • ein arbeidsplass med fokus på kvalitet og pasientnær omsorg
    • moglegheit for fagleg utvikling og å bli ein del av eit kompetent og inkluderande miljø
    • eigen lønsstige for sjukepleiestudentar 
    • kompetansetillegg for relevant vidareutdanning 
    • variert arbeidskvardag
    • ein arbeidsplass det er lett å trivast på

    Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting.

    Gyldig politiattest må leggast fram før start i stillinga. 

     

    Tilsetting vert gjort fortløpande. 

    Du søker elektronisk. Velkommen som søkar!

     

     


    Link til søknadsskjema: Søk her

    Kontaktperson for stillingen

    Einingsleiar Renate Kvalstad

    +47 952 47 301 +47 57 81 62 01

    renate.kvalstad@sunnfjord.kommune.no

    Om bedriften

    Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    4d652779-b692-4fa8-98c3-aec9b8501327

    Sist endret

    11. februar 2026

    Hentet fra

    visma-easycruit

    Referanse

    3595047_191711_nn

    Lignende annonser