Hopp til innhold

Ferievikar i barnehagane

Arbeidsgiver

Aurland kommune

Sted

Skulevegen 5, 5745 Aurland, Lundaåkeren 15, 5743 Flåm

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Ferievikarar i barnehagane
Type ansettelse
Sesong, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
7
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Vil du ha ein meiningsfull sommarjobb? 

Me søker ferievikarar til barnehagane våre i sommar. Me ser etter deg som trivst saman med barn, er positiv og bidreg til ein trygg og god kvardag i barnehagen. Skriv gjerne i søknaden kva periode du kan arbeide, og kvar du ynskjer å jobbe.

Aurland barnehage sto ferdigstilt i mars 2022, og er ein funksjonell og moderne barnehage. Barnehagen ligg fint til nær til bibliotek, grunnskule, fleirbrukshall og supre turområde. Der er fire avdelingar med 18 tilsette og 51 barn.

Flåm barnehage ligg fint til på Lunden, med gode moglegheiter til å bruke naturen omkring. Der er to avdelingar med ni tilsette og 27 barn. 


Arbeidsoppgåver

  • vere til stades for borna
  • vere engasjert i borna 
  • passe på så ingen fell utanfor
  • sette deg godt inn i alle rutinar
  • andre praktiske oppgåver
  • ta del i utviklingsarbeidet og halde deg fagleg oppdatert

 

 


Me tilbyr

  • Løn etter tariff  
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Gratis inngang til treningsrom i Aurlandshallen 
  • Gratis inngang til symjehallen

Sjå gjerne informasjonsbrosjyre om kommunen vår her.

Video: https://www.youtube.com/watch?v=aFXLAnqaUbI

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar er ein fordel, men ikkje eit krav.
  • Du kan også søke sjølv om du ikkje har relevant erfaring eller fagbrev – det viktigaste er at du har lyst til å jobbe med born og er eigna for oppgåvene.
  • Har du erfaring med born, til dømes frå barnepass, idrett, skulefritidsordning eller frivillig arbeid, er det positivt.
  • Du er ein trygg og positiv vaksen som samarbeider godt med andre, og som bidreg til trivsel og tryggleik for barn, føresette og kollegaer.
  • Du må ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.

Personlege eigenskapar

Du må vere ein påliteleg, open og ærleg person. Det er viktig at me er tilstades for born og ungdom, men også har evne til å samarbeide med kollegaer.

 

Verdiane våre er:  L-Æ-R, som står for Likeverd, Ærlegdom og Respekt.  


Løns- og tilsetjingsvilkår

Tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.

Du må legge fram politiattest etter barnehagelova, av nyare dato, før du byrjar i sommarjobben.


Generell informasjon om søknadsprosessen 

Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkjarlister til ledige stillingar. Søkjarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkjarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Vi tek kontakt med søkjarar som har bedt om dette, dersom vi meiner at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg. 

Kommunen sitt administrasjonsspråk er nynorsk. 

Treng du hjelp i samband med søknaden, ta kontakt med Jobbnorge på telefon +47 75 54 22 20, mandag til fredag mellom kl. 08.00-16.00, eller send E-post til support@grade.no. Du vil få raskt svar, og veldig god hjelp av hyggelege medarbeidarar.

NB! Me overfører nytilsette direkte til lønsystemet vårt, det er difor veldig viktig at du skriv namnet ditt slik det er registrert i folkeregisteret når du søker stilling, samt at du skriv med stor forbokstav.

Me ynskjer deg velkomen som arbeidssøkar i Aurland kommune.

Sommarjobb i vest 2026: #Sommarjobb #Sommarjobbivest #Sommerjobbivest


Om bedriften

Aurland kommune ligg vakkert til ved Sognefjorden, sentralt ved E16 mellom Oslo og Bergen. Me ynskjer å vera Noreg sin fremste kommune på heilårsturisme, og har eit mangfaldig næringsliv i vekst. Me er om lag 1 820 innbyggjarar fordelt på bygdene Aurlandsvangen, Undredal, Flåm, Gudvangen og Vassbygdi. Aurland kommune satsar spesielt på trygge oppvekstkår, nærings- og bustadutvikling og god tenesteyting. Kommunen har gode kultur- og idrettstilbod både for små og store, som til dømes basseng, musikkskule, klatring, handball, fotball, friidrett og boksing.

På kulturskulen kan ein få opplæring i gitar, trommer, bass og biletkunst m.m. Aurland er ei naturperle og ideelt for fjellturar, jakt og fiske. Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden er på UNESCO si verdsarvliste for det spektakulære fjell- og fjordlandskapet. Det er kort veg til Myrkdalen, Vatnahalsen, Sogndal og Hemsedal om du likar å gå langrenn eller vil i slalåmbakken. Vil du nyte god mat, har me restaurant, kafé, bryggeri, og bakeri.

 

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

4c6d915a-9546-4cc4-90d6-311ec598c905

Sist endret

21. februar 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10276991

Lignende annonser