Førsteamanuensis (100%) i fotografi
Universitetet i Bergen
Møllendsalsveien 61, 5009 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Førsteamanuensis (100%) i fotografi
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk eller skandinavisk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 16. desember
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAFørsteamanuensis
Ved Kunstakademiet – Institutt for samtidskunst er det ledig ei fast stilling som førsteamanuensis (100 %) i fotografi. Stillinga er ledig med oppstart etter avtale våren 2026.
Arbeidsoppgåver/forskingsområde:
Vi søkjer ein førsteamanuensis til undervisning og kunstnarleg utviklingsarbeid, med vekt på fotografi. Aktuelle søkjarar må ha djup kunnskap og ein kunstnarleg praksis innan fotografiske metodar og teknikkar, samt innsikt i samtidsfotografisk teori. Dei må òg ha innsikt i den kritiske konteksten for fotografiets rolle frå arkiv til sosiale medium. Det er ønskjeleg at søkjaren har god kunnskap og forståing for det skandinaviske samtidsfotografiske feltet, samt interesse og innsikt i det breiare fotografiske feltet. Instituttet har både analoge og digitale verkstader, og vår nye førsteamanuensis må kunne rettleie og undervise på tvers av alle tekniske prosessar.
Førsteamanuensis skal i tett samarbeid med kollegaer utvikle emne for BA- og MA-programma i samtidskunst. Undervisningsformene omfattar individuell rettleiing, grupperettleiing og utvikling/leiing av emne. Stillinga inkluderer 46 % tid til kunstnarleg utviklingsarbeid, og aktuelle søkjarar må delta i og bidra til utviklinga av den kunstnarlege forskingsaktiviteten ved Kunstakademiet. Førsteamanuensis er forventa å ha relevante faglege nettverk både lokalt og internasjonalt.
Arbeidsoppgåver- Undervisning, rettleiing og eksamensarbeid.
- Ansvar for undervisningsopplegg i samsvar med studieplanar.
- Undervisning innan fotografi, inkludert digitale prosessar, analoge teknikkar og mørkeromsarbeid.
- Kunstnarleg utviklingsarbeid, inkludert prosjektutvikling/-leiing, ekstern finansiering og aktiv deltaking i forskingsgrupper.
- Hovudrettleiar for BA-, MA- og Ph.d.-studentar.
- Rekruttering av BA-, MA- og Ph.d.-studentar, inkludert opptaksarbeid.
- Formidling av kunstnarleg utviklingsarbeid.
- Organisering og tilrettelegging av undervisnings- og forskingsbaserte oppgåver.
- Administrative og andre styringsoppgåver, inkludert komitéarbeid.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Stillinga som førsteamanuensis krev doktorgrad i kunstnarleg utviklingsarbeid innan relevant fagområde, eller tilsvarande kompetanse dokumentert gjennom kunstnarleg arbeid av tilsvarande omfang og kvalitet, kombinert med høgare grad eller tilsvarande innan fotografi.
Til stilling som førsteamanuensis vert det kravd universitetspedagogisk basiskompetanse, som skal dokumenterast på grunnlag av eigen undervisning/rettleiing og gjennomført universitetspedagogisk utdanning (200 timar eller tilsvarande). Det krevjast:
- Grunnleggande ferdigheiter i planlegging, gjennomføring, vurdering og utvikling av undervisning og rettleiing.
- Evne til å reflektere over eiga rolle som undervisar og å kunne grunngje val i undervisning og rettleiing.
Kompetansen dokumenterast gjennom ei utdanningsfagleg mappe med oversikt over og dokumentasjon på søkarens praktiske erfaring og gjennomførte kurs, samt eit kortfatta refleksjonsnotat. Notatet skal primært vere knytt til eigen undervisningsfilosofi og ein vurdering av eigen undervisning i høve til kunnskap om studentar si læring i høgre utdanning. Nærare informasjon om dokumentasjon av utdanningsfagleg kompetanse finn du her.
Dersom den som blir tilsett ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg utdanningsfagleg kompetanse ved tilsetting, må krava vere oppfylte innan to år.
Den faglege kompetansen vil bli vurdert av ein sakkunnig komité. Dei best kvalifiserte søkjarane vil bli kalla inn til intervju av ei intern intervjugruppe, og vil også kunne måtte halde prøveførelesning for instituttets stab og studentar.
- Ein utvikla praksis innan fotografi med tilhøyrande tekniske ferdigheiter og kunnskap.
- Undervisningserfaring på universitetsnivå.
- Personlege og mellommenneskelege eigenskapar.
- Gode samarbeidsevner, med vekt på dialog og inkluderande fagleg kommunikasjon.
- Organisatoriske ferdigheiter og erfaring.
- Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert, vere ansvarleg, fleksibel og imøtekomande.
- Motivasjon for å utvikle relevante faglege nettverk både lokalt og internasjonalt.
Undervisningsspråket er primært norsk. Det vert kravd at den som vert tilsett meistrar norsk eller eit anna skandinavisk språk på nivå B2 innan tre år etter tilsetjing. UiB tilbyr norskkurs og vil leggje til rette for at språkkravet kan oppfyllast.
Arbeidsstaden er på campus i Bergen, og det vert forventa fullt nærvær.
Vi tilbyr:
- Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
- Stilling som førsteamanuensis (kode 1011) med årsløn kr 757 600 – 798 000 i 100 % stilling. Det vert trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse.
- Gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
- Søknadsbrev der søkaren gjer greie for si motivasjon for å søkje stillinga, og korleis eigne kvalifikasjonar og erfaringar er relevante for dei oppgåvene og krava som ligg til stillinga.
- CV.
- Vitnemål og attestar.
- Materiale som dokumenterer kunstnarleg utviklingsarbeid og kunstnarleg verksemd.
- Dokumentasjon av undervisningserfaring og pedagogiske kvalifikasjonar (pedagogisk mappe) (skjema til nedlasting/utfylling).
NB. Søknader vil bli vurderte basert på informasjonen som er tilgjengeleg i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Dersom originale dokument ikkje er på engelsk eller eit skandinavisk språk, må stadfesta omsetjingar bli lagt ved på eitt av desse språka.
Søkjaren har sjølv ansvaret for å sjå til at all informasjon er lasta opp før fristen.
Generell informasjon:
For meir informasjon, kontakt instituttleiar Katrine Hjelde, telefon +47 455 19 545, e-post: Katrine.Hjelde@uib.no
For tekniske spørsmål knytt til søknadsprosessen, kontakt HR ved KMD, e-post: hrkmd@uib.no
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Fakultet for kunst, musikk og design består av tre institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
4bedfdf6-b156-43ff-ab83-6ab5459fff50
- Sist endret
25. november 2025
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10271229
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen