Postdoktor i matematikkdidaktikk
Universitetet i Bergen
Allegaten 41, 5006 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Postdoktor i matematikkdidaktikk
- Type ansettelse
- Åremål, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 17. mai
Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAPostdoktorstilling i matematikkdidaktikk
Ved Matematisk institutt er det ledig ei stilling som postdoktor i matematikkdidaktikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år og knytt til matematikkdidaktikkgruppa ved Matematisk institutt. Stillinga er finansiert av Universitetet i Bergen.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver
Lektorutdanninga er eit strategisk satsingsområde for Universitetet i Bergen, og Matematisk institutt har gjennom fleire år strategisk bygd opp aktivitet innan lærarutdanning og skuleretta etter- og vidareutdanning (EVU). Denne stillinga skal styrke forsking og undervisninga så vel som masterrettleiinga innan matematikkdidaktikk i dei ulike lærarutdanningane instituttet er engasjert i. Dette gjeld primært den praktiskpedagogiske utdanninga (PPU) og den 5-årige integrerte lektorutdanninga (IL). I tillegg har instituttet fleire vidareutdanningsprogram for lærarar i ungdomsskolen og i den vidaregåande skolen, blant anna under satsinga «Kompetanse for kvalitet».
Gruppa for matematikkdidaktikk består i dag av 2 faste stillingar som har si forsking knytt opp mot ulike prosjekt innan mellom anna didaktisk modellering, programmering, overgangsproblematikk mellom skuletrinn og stoffdidaktikk. Gruppa samarbeider med ei realfagdidaktisk gruppe om forskning og undervisning.
Det vert forventa at den som vert tilsett engasjerer seg i forsking og prosjekt og bidrar til å utvikle sin eigen og gruppa sin kompetanse i matematikkdidaktikk, blant anna ved å søke ekstern finansierte forskingsprosjekt. Den som vert tilsett i stillinga vil ha undervisningsoppgåver knytt til lærarutdanninga på instituttet og didaktisk utvikling av matematikkundervisinga på instituttet. Ei målsetjing med stillinga er å styrke rettleiingskapasiteten av fagdidaktiske masteroppgåver innan IL og PPU.
Forskinga som blir gjort innan matematikkdidaktikk internasjonalt påverkar ofte både nasjonal forsking og nasjonale politiske avgjerder. Det er difor positivt om den tilsette også klarer å involvere internasjonalt samarbeid rundt forsking.
Kvalifikasjonar og eigenskapar
- Søkjarar må ha oppnådd ein grad tilsvarande ein norsk doktorgrad (ph.d.) innanfor matematikkdidaktikk, eller i matematikk om dei også har fullført PPU eller tilsvarande. Ph.d.-studentar kan søkje dersom disputas er gjennomført innan 31.07.2026. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
- Erfaring frå eller kompetanse innan matematikk på høgt nivå (universitetsnivå) er eit krav.
- Erfaring frå eller kompetanse innan undervisning på skule- eller universitetsnivå er ein fordel.
- Erfaring frå prosjektsøknadar er ein fordel.
- Internasjonal erfaring, eksempelvis frå forskingsformidling, forskingssamarbeid og forskingsopphold i utlandet er ein fordel.
- Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
- Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
- Søkjarar må ha gode kunnskapar i norsk eller eit anna skandinavisk språk
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.
Om postdoktorstillinga
Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Åremålsperioden for denne stillinga er 4 år, og 25 % av samla tilsetjingstid er karrierefremjande arbeid i samband med forsking, undervisning eller formidling av forskingsresultat. Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.
Søkjarar skal ved tilsetjing kome med framlegg til plan for kvalifiseringsarbeidet som inneheld ein framdriftsplan.
Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.
Vi tilbyr
- Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
- Tilsetjing som postdoktor (kode 1352) i lønsregulativet til staten. Dette utgjer ei årsløn på kr. 657 000. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde
- ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
- ei detaljert grunngjeving av kvalifikasjonane dine i høve til dei oppførte krava, og korleis du oppfyller kvart kriterium. I tillegg bør du adressere dei nemnde "fordelane", då desse vil bli vurderte ved rangeringa av kandidatane.
- namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga.
- CV
- karakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden din, kan du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd doktorgrad. Doktorgraden må vere dokumentert med vitnemål, alternativt ei stadfesting frå gradsgjevande institusjon på fullført grad, innan 31.07.2026.
- relevante attestar
- liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste med lenkjer)
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Generell informasjon
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: førsteamanuensis Johan Christoph Kirfel, UiB, Christoph.Kirfel@uib.no eller postdoktor Morten Munthe, UiB, morten.munthe@uib.no.
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR-rådgjevar Karoline Christiansen på karoline.christiansen@uib.no eller 55 58 47 70.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
48418ac6-498a-43fc-97f4-01966a9f07f7
- Sist endret
20. april 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10292067