To årsvikariat i 100% stilling som lærarar i Lærdal kommune
Lærdal kommune Lærdalsøyri skule
Skulevegen 11, 6887 Lærdal, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
To årsvikariat i 100% stilling som lærarar i Lærdal kommune
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest søndag 18. mai
Me har majestetiske fjell med eit vel av fantastiske turalternativ både til fots og på ski, masse fiskevatn og gode jaktmoglegheiter. Og me har eit koseleg sentrum heilt ned til fjorden med gamle, søte trehus. På dei mange åkrane i dalen dyrkar dyktige bønder poteter, grønsaker, bær og frukt i rikt monn.
Kommunen vår er faktisk veldig sentralt plassert – tre timars køyring til Bergen ein veg, fire timars køyring til Oslo andre vegen. Dessutan ligg «bygdebyen» Sogndal og turistmagneten Aurland berre ein dryg halvtime unna. Og me har lokalsjukehus.I desse stillingane vil du jobba under kommunalområdet oppvekst og utdanning og vere tilsett i Lærdal kommune. Som tilsett i Lærdal kommune, kan stillinga ved behov bli nytta ved begge skulane i kommune, Lærdalsøyri skule 1.-10.trinn 214 elevar og Borgund oppvekstsenter 1.-7.trinn 22 elevar.
Utdanning/kvalifikasjonar for alle stillingane- Godkjent lærarutdanning for undervisning på 1.-7.trinn eller 5.-10.trinn
- Gyldig politiattest, skal leverast snarleg etter tilbod om ansetting og før tiltreding.
- Gyldig arbeids- og opphaldsløyve
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
- Personlege eigenskapar og referansar vert vektlagt
- Du er god på relasjonsbygging og har gode samarbeidsevner
- Du er oppteken av fag, og har fokus på elevane sitt læringsutbytte i tillegg til at tek omsyn til elevane sin livssituasjon
- Du har god kjennskap til vurdering for læring
- Du trivst med å jobbe tett på elevar og grupper
- Du vert opplevd som ein trygg og tydelag vaksenperson i møte med elevane våre
- Du er løysningsorientert og trivst i ein variert arbeidskvardag med høgt tempo
- Du har ei positiv innstilling og god arbeidskapasitet
- Undervisning i klassar
- Aktiv deltaking i eit profesjonsfagleg fellesskap
- Samarbeid med kollegaer, føresette og andre samarbeidsaktørar
- Vere bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø
- Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande lov -og avtaleverk
- Pensjonsordning
- Ein arbeidsplass med mykje hjartevarme eit spennande kollegium
- Full barnehagedekning
- Gratis fulltids-SFO for 1. og 2.klassingar, gratis deltids-SFO for 3.klassingar.
- Gratis kommunale bustadtomter rett ved Borgund sentrum
- Eit variert kommunalt kulturprogram i tillegg til alt det andre som skjer i bygda
Stillingane er utlyst som årsvikariat frå 01.08.2025 til 31.07.2026, men kan bli aktuelle som faste stillingar.
Les meir om Lærdal ved å klikka på denne lenkjaLink til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2931043
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3498695_228189_nn