Saksofonlærar og dirigent
Samnanger kommune
Nesjavegen 17, 5650 Tysse
Om jobben
- Stillingstittel
- Saksofonlærar og dirigent
- Type ansettelse
- Vikariat, deltid
- Arbeidsspråk
- Skandinavisk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 7. april
Om stillinga
Samnanger kulturskule har ledig eit årsvikariat for skuleåret 2026-2027 med oppstart 01.08.26 som saksofonlærar 11,54 % og aspirantkorpsdirigent 13 % i Samnanger skulemusikklag, totalt 24,54 %. Stillinga kan ikkje delast opp.
Det er ledig stilling knytt til faget musikk i Samnanger barneskule, og det kan vere mogeleg å kombinere stilling i kulturskulen med stilling i barneskulen.
Arbeidsoppgåver
- Undervisning av saksofonelevar individuelt og/eller i gruppe
- Dirigering og leiing av aspirantkorpset til Samnanger skulemusikklag og deltaking på helgeseminar til skulemusikken.
- Oppgåver som naturleg følgjer med som mellom anna framsyningar, konsertar, kontakt med foreldre, utviklingsarbeid i kulturskulen, personalmøte og planlegging.
- Samarbeide tett med dirigentane i hovudkorpset og juniorkorpset til Samnanger skulemusikklag, samt med styret i korpset. Delta på arrangement i regi av korpset.
- Undervisningsdag er torsdagar
Kvalifikasjonar
- Minimum 3-årig relevant utdanning på universitets- eller høgskulenivå
- Ved tilsetting må det bli framvist gyldig politiattest
- PPU
- Erfaring frå korps og undervisning i kulturskule
- Erfaring med lyd- og lysteknisk kompetanse
Personlege eigenskapar
- Personleg eigenskapar blir vekta høgt
- God kommunikasjons- og relasjonskompetanse med både vaksne og born
- Gode samarbeidsevner
- Fleksibel og sjølvstendig
Me tilbyr
- Ein spanande jobb i ein kulturskule i utvikling
- Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver, eit godt arbeidsmiljø og stor fleksibilitet i å utvikle faget
- Mogelegheit til å bidra i prosessen med å utvikle kulturskulen mot visjonen "Skaping og meistring for alle"
- Eit tett og godt samarbeid med Samnanger skulemusikklag
- Eit godt samarbeid med grunnskulen
- Eit fagleg miljø med utfordrande oppgåver, gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling og høve til å vera med å forme ein kommune i positiv utvikling og vekst
- Lønn, offentleg pensjon og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
- Gunstige pensjonsordningar, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Fleksible arbeidstidsordningar
- Gode velferdsordningar
Arbeidstilhøve
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. All utanlandsk utdanning må vera godkjent av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse, HR-dir. Me legg vekt på å leggja til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort, og vil ha moglegheit til å trekkja søknaden.
Som tilsett i Samnanger kommune vil du bli innmeldt i KLP si pensjonsordning. KLP tilbyr pensjon, bank og forsikringstenester og er Norges største pensjonsselskap. Ordninga dekker alderspensjonar, AFP, uførepensjon, etterlattepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt JobbNorge.
Om oss
Samnanger kulturskule er ein del av eining for kultur saman med kulturkontor, bibliotek, frivilligsentral og folkehelse.
Kulturskulen i Samnanger ble etablert i 1983 og har om lag 70-80 elevplassar. Kulturskulen tilbyr undervisning i faga musikk og teater, og skulen samarbeider særleg tett med Samnanger skulemusikklag som over fleire år har bygd opp eit stabilt og godt korpsmiljø. Kulturskulen samarbeider òg med dei to skulane, særskilt barneskulen, i tillegg til andre institusjonar og kulturaktørar.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
I hjarta av gamle Hordaland, midt mellom Bergen og Hardanger, ligg Samnanger kommune som ein naturleg skjønnheit. Med relativ kort veg til både by- og naturopplevelsar, er Samnanger perfekt for deg som ønskjer både i pose og sekk. Kraftkommunen med sine 2 500 innbyggjarar er i vekst, og potensialet er stort. Me treng deg som ser dette potensialet og vil vera med på den spanande reisa vidare.
Kultureininga i Samnanger består av kulturkontor, bibliotek, kulturskule, friskliv- og frivilligsentral, samt folkehelsekoordinator, og du finn oss på kommunehuset på Tysse og biblioteket på Bjørkheim. Eininga består av 12 engasjerte tilsette som alle arbeidar for inspirerande kulturtilbod og god folkehelse for innbyggjarane i kommunen.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
4b912a60-2076-409b-841e-f911a0460fa2
- Sist endret
23. mars 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10288113