Hopp til innhold

Fagarbeider/Assistent 80% vikariat til nyttår 2026

Arbeidsgiver

Langevåg skule, Sula kommune

Sted

Bratthaugmyra 39, 6030 Langevåg

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Fagarbeider/Assistent 80% vikariat til nyttår 2026
Oppstart
12. januar 2026
Type ansettelse
Vikariat, deltid 80%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig
Langevåg skule og SFO søker fagarbeider/assistent i eit vikariat fram til nyttår 2026. Stillinga omfattar arbeid både i skulen og SFO og vil primært vere knytt til arbeid med enkeltelevar på 3. trinn. 

Vi har eit godt arbeidsmiljø, flott uteområde og nærleik til flotte naturområde med både fjell, vatn og turstiar. 
Sula kommune har lagt til rette for digitalisering av læringsarbeidet og elevane har nettbrett som digitalt verktøy.

Arbeidsoppgåver

  • Sette leik og aktivitet i fokus.
  • Legge til rette for at barna skal få positive opplevingar kvar dag.
  • Vere tydelege og tilgjengelege vaksne, som har tid til å lytte og snakke med barna.
  • Lære barna å vise omsyn til kvarandre.
  • Ha god dialog med føresette.
  • Vere kreative saman med barna.
  • Vere tydelige og ansvarlige rollemodellar.

Kvalifikasjonar

Vi søker primært etter deg som har fagbrev, men også søkarar utan formell utdanning, men med erfaring frå tilsvarande arbeid er velkomne til å søke. 

Personlege eigenskapar

Vi ønskjer oss ein kollega som:

  • viser engasjement og godt humør.
  • likar å samarbeide, dele og reflektere saman med kollegaane sine. 
  • er oppteken av eit trygt og godt skulemiljø.
  • er positiv og ønskjer å bidra sosialt både inn mot elevar og tilsette.

Vi tilbyr

  • Ei stor, aktiv og flott barnegruppe.
  • Positive, engasjerte og inkluderende personalgruppe.
  • Lønn etter tariff.

Kontaktinformasjon

Ole Martin Tonheim, Rektor
Maren Kristoffersen, SFO-leiar
Harald Weibust, Undervisningsinspektør

Arbeidsstad

Bratthaugmyra 39
6030 Langevåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sula kommune

Referansenr.: 5060778517
Stillingsprosent: 80%
Vikar
Startdato: 12.01.2026
Sluttdato: 31.12.2026
Søknadsfrist: 21.01.2026

Om bedriften

Sula kommune er opptatt av å utvikle og forbetre tenestene saman med innbyggerane og næringslivet, slik vi kan vere ei trygg og framtidsretta kommune. 

Sula kommune ligg sentralt til på Sunnmøre med Ålesund som næraste nabo. Kommunen har omlag 9800 innbyggjarar, der omlag halvparten bur i kommunesenteret Langevåg. Sula er ein av dei minste og mest folketette kommunane i fylket.
Kommunen er vekstkommune med stor aktivitet, rikt kulturliv og har gode høve til å dyrke friluftsliv. Veksten har ført til auke av butikk-, kafe- og næringsverksemder. Det tek 7 minutt med båt over til Ålesund sentrum. Kommunesenteret og Sula rådhus ligg i Langevåg. 

 

Kommunen praktiserer meiroffentlegheit ved tilsettingar. Det betyr at ein som søkar må grunngje kvifor ein eventuelt ber om unntatt offentlegheit. Grunngjevinga vert vurdert opp mot reglane i Offentlegheitslova. Søkarar som ber om unntatt offenentlegheit vil verte kontakta.   

 

Meir informasjon om Sula kommune her

 

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

4a9ce948-f207-4f17-9f5a-b7f8ddb7bd15

Sist endret

22. januar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

2a0387c86d224562b6c3cb4a9ab0ca88

Lignende annonser

Laster lignende annonser