Hopp til innhold

Helse, meistring og rehabilitering

Arbeidsgiver

Øygarden kommune Helse, meistring og rehabilitering

Sted

Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1, 5353 Straume

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Ergoterapeut 100% vikariat
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Om avdelinga:

Helse, meistring og rehabilitering er ergo- fysioterapitenesta, friskliv og meistring, hjelpemiddellager og terapibasseng. Her arbeider omtrent 45 personar med ulik fagbakgrunn, flesteparten er ergoterapeutar eller fysioterapeutar. Alle tilsette jobbar tett med andre faggrupper og avdelingar i kommunen.

Tenesta arbeider med barn, vaksne og eldre med sjukdom og/eller funksjonsnedsetjing, blant anna i heim, barnehage, skule, sjukeheim og i tenesta sine eigne lokal. Tenesta er ofte ein del av eit samansett tenestetilbod, men kan også utøvast som enkelttiltak individuelt eller i gruppe

Stillinga er ledig frå 02.mars 2026 til 28 februar 2027.  Kontorplassering er på Straume terapisenter.

Denne stillinga har fokus på arbeid med barn og unge i heim og i barnehage og skule.

Arbeidsoppgåver:
  • Kartlegging og vurdering av funksjonsnivå og omgjevnader
  • Tilrettelegging av omgjevnader
  • Trening på ADL-funksjon og handfunksjon
  • Hjelpemiddelformidling og bustadtilrettelegging
  • Ansvar for planlegging og gjennomføring av treningsgrupper, i periodar av året
  • Tverrfagleg samarbeid i ansvarsgrupper
  • Barnekoordinator

Kvalifikasjonar:

  • Bachelor i ergoterapi
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • Erfaring med hjelpemiddelformidlingxxx

Ønskjeleg med:

  • Aktuelle kurs i hjelpemiddelformidling frå nav hjelpemiddelsentral
  • Erfaring frå jobb i kommunehelsetenesta med barn og unge
  • Gode datakunnskaper
  • Kompetanse på møteleiing
Personlege eigenskapar:
  • Evne til å arbeide sjølvstendig vert særleg vektlagt
  • Evne til å omstille seg raskt, vera fleksibel og ha godt humør
  • Rask til å setje seg inn i og forstå tenesta sitt arbeid
  • Arbeider effektivt, strukturert og er løysingsorientert
  • Personleg eigna

Anna:

  • Må ha førarkort og kunna nytta eigen bil. Det vert utbetalt bil- og køyregodtgjersle.
  • Dei formelle krava til utdanning og erfaring må dokumenterast med vitnemål og attestar. Dokumentasjonen skal lastast opp i søkjarportalen innan søknadsfrist.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

Kontakt :

Avdelingsleiar: Silje Merkesvik 915 50 025

Silje.merkesvik@oygarden.kommune.no

Einingsleiar: Liv Møen 55 09 68 55/ 975 40 530

liv.moen@oygarden.kommune.no

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

Link til søknadsskjema: Søk her

Om bedriften

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med om lag 39 850 innbyggjarar og om lag 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong, Ågotnes og i Skogsskiftet. Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk. Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

4a78172f-89c1-435e-87c5-1bc2d3dfb6a1

Sist endret

13. desember 2025

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3565971_192565_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser