Hopp til innhold

Kontaktperson i Barnevernstenesta - vikariat

Arbeidsgiver

Øygarden kommune Barneverntenesta

Sted

Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1, 5354 Straume

Om jobben

Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 5. mai

Om avdelinga:

Barneverntenesta er organisert saman med skule, barnehage, helsestasjon og PPT under kommunalsjef for Oppvekst. Barneverntenesta omfattar 57 stillingar og er inndelt i team. I tenesta er det stort fokus på å utvikle sjølvstende gjennom teamarbeid. Vidareutvikling av samhandlingskompetanse på tvers av dei ulike hjelpeinstansane skal gjennomsyre kommunen sitt samla tenestetilbod.

I vår barnevernsteneste står nytenking og kontinuerleg utvikling sentralt, som skal gjenspeglast i kvalitetsarbeidet vårt. Vi ser stor verdi i individuell tilpassing i utøvinga av samfunnsoppdraget vårt og ønskjer å vere ein god samarbeidspartnar der fleire instansar samarbeider og deler ansvar i møte med sårbare familiar. Med utgangspunkt i ordtaket «It takes a village to raise a child», har Øygarden utvikla ein systemisk modell for oppfølging av familiar. Landsbymodellen legg vekt på samarbeid, systematikk og skreddarsydde løysingar, med barnet sitt behov i sentrum.

Barnevernstenesta legg stor vekt på eit fagleg sterkt miljø, der vi leverer gode og kvalitativt sterke tenester til barn og familiar i ei lærande organisasjon. Vi vil vere stolte av arbeidet vårt, og vår grunnleggande haldning er at barn og familiar er ekspertar på eigne liv – barn skal bli høyrde, og deira meiningar skal kome tydeleg fram i alle prosessar.

Om stillinga

Vi søker deg som vil jobbe i ei barnevernteneste som har høg kvalitet og fokus på utviklingsarbeid.

Barnevernstenesta er i endring, og vi har medarbeidar som skal i permisjon. Dette gjer at vi har ledig mellombels stilling, for tida plassert i omsorg barn. Vi ser derfor etter ein ny engasjert kollega som vil vere med å styrkje laget vårt og bidra til å gje barn, unge og familiar i kommunen den støtta dei treng.

Vi søkjer medarbeidar til arbeid med omsorg.Er du
  • engasjert i heilskapleg tenking kring barn og familiar?
  • fleksibel og løysingsorientert?
  • glad i å spele på lag og oppteken av å vere ein god lagspelar?
Då treng vi deg i teamet vårt!Arbeidsoppgåver

Sakshandsaming etter lov om barnevern.

Tverrfagleg samarbeid.

Fremje og føre sakar for Barneverns- og helsenemnda og anna rettsinstans.

Arbeidsoppgåvene skal utførast innan fleksibel arbeidstid. Arbeid på ettermiddag og kveld må påreknast.

Kvalifikasjonar

Må ha
3- årig relevant høgskuleutdanning, fortrinnsvis innan utdanningane barnevern og sosionom. 

Annen utdanning og erfaring kan i særskilte tilfeller erstatte kravet om 3-årig relevant høgskuleutdanning.

Gyldig politiattest ved tiltreding.

God munnleg og skriftleg framstillingsevne.

Førarkort klasse B.

Ønskjeleg med

Relevant vidareutdanning.

Erfaring frå 1.linje barnevern.

Erfaring med arbeid med barn, unge og familiar.

Eigenskapar

Du møter barn og deira familiar med respekt, audmjuke, samarbeid og kjærleik.

Du er fleksibel og har gode samarbeidsevner.

Du evner høgt arbeidspress og arbeid etter lovpålagte fristar.

Du evner å kunne jobbe heilskapleg og strukturert, både sjølvstendig og i team.

Det vert lagt vekt på kven du er som person og korleis du passer inn i personalgruppa vår. 

Anna

Stillinga er ledig frå 15.05.26.

Vikariat med varigheit til 31.12.26.

Vi tilbyr
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • IA bedrift.
  • Fleksitidsordning.
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer i eit godt fagmiljø.
  • Interessante utfordringar.
  • Høve til fagleg og personleg utvikling.
Kontakt:

Einingsleiar Hege Gundersen tlf: 934 84 846 evt.

Hege.Gundersen@oygarden.kommune.no 

 Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø preget av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst moglelg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkjarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å førast opp på søkjarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.

 


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Hege Gundersen

+47 93484846

hege.gundersen@oygarden.kommune.no

Om bedriften

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med om lag 39 850 innbyggjarar og om lag 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet. Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk. Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

436521d4-3a38-4175-b86b-a274303bee81

Sist endret

20. april 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3618945_192483_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser