ID 1055 100 % vikariat som sjukepleiar/vernepleiar/miljø-terapeut i habilitering, døgnturnus (medlevar)
Havahuset Bu- Og Servicesenter
Fitjar
Om jobben
- Stillingstittel
- Vernepleiar/Sjukepleiar
- Oppstart
- Etter avtale
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidstid
- Turnus, dagtid, kveld og natt, alle dager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk snarest mulig
Eining for habilitering yt tenester til menneske med nedsett funksjonsevne. Me har hovudkontor i Havnahuset bu og servicesenter. Eininga yt omsorgsteneste i 4 bustadar og eit dagtilbod.
I eining for habilitering har eit tiltak der me yt tenester til ein bebuar i form av døgn turnus og 2:1 bemanning. Me har no ledig ein 100 % vikariat som miljøarbeidar/miljøterapeut, gjerne med helse fagleg bakgrunn, i dette tiltaket. Vikariatet er ledig frå no og ut januar 2027. Stillinga kan bli fast.
Arbeidsoppgåvene vert å følgje opp bebuaren i kvardagen med alle daglege gjeremål dette inneber. Ein arbeider i team på to og to. Naudsynt opplæring vil bli gitt
Tenesta vert gitt i Havnahuset bu og servicesenter. Havnahuset ligg fint ved sjøen, me har kanskje kommunen si beste tomt..? Med flott uteområde, og fine fellesareal som er knytt til leilegheitene.
Me treng deg som har interesse for å arbeide med menneske som har samansette hjelpebehov. Du har interesse for habilitering og miljøarbeid, har godt humør og evne til å motivera og engasjera. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt ved tilsetting. Erfaring frå liknande arbeid er ynskjeleg.
Me treng deg som:
-
Er strukturert og pliktoppfyllande
-
Har evne til å jobbe i team og sjølvstendig
-
Er fagleg sterk, likar å ta ansvar
-
Har erfaring med og likar arbeid som utfordrar deg
-
Har kunnskap og forståing for kognitiv atferdsterapi
-
Erfaring og interesse for arbeid med menneske meg utviklingshemming
-
Er stabil og påliteleg
-
Er kreativ og praktisk, likar å arbeide både ute og inne
-
God på å skape relasjonar, både med brukarar, pårørande og kollegaer
-
Gi omsorg, skapa tryggleik og livskvalitet
-
Yt tenester av god kvalitet etter gjeldande lovverk
-
Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
-
Har gode samarbeidsevne
-
Har evne til å ta imot kollegaveiledning
-
Miljøarbeider/miljøterapeut, gjerne med helsefaglig bakgrunn
-
Førarkort klasse B, manuell gir
-
God norsk framstillingsevne både munnleg og skriftleg, og gode grunnleggande datakunnskaper
-
Ved tilsetjing vert det stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato.
Me kan tilby:
-
Godt arbeidsmiljø
-
Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
-
Offentleg tenestepensjon i KLP - Kort fortalt
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Kontaktpersonar: Avdelingsleiar Yvonne Kongestøl 45633527
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Fitjar er ein øykommune som ligg vakkert til på nordsida av øya Stord i Sunnhordland. Her finn du framleis urørt kystlandskap, ein unik skjærgard med idylliske vikar og omlag 380 øyar, holmar og skjær. På øya er det mange flotte, merka turstiar i som er mykje nytta. Fitjar er ein framtidsretta kommune med spanande moglegheiter. Kommunen har ca. 3200 innbyggjarar. Gode buforhold, eit levande lokalsamfunn og eit næringsliv i utvikling er viktige grunnsteinar i kommunen vår.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
4a74c728-0c51-4dab-abbb-447d5ef69395
- Sist endret
30. mars 2026
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
4a74c728-0c51-4dab-abbb-447d5ef69395