Faglærar automasjon/elektrofag
Ørsta vidaregåande skule, Møre og Romsdal fylkeskommune
Holmegata 14, 6153 Ørsta
Om jobben
- Stillingstittel
- Faglærar elektrofag
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest onsdag 8. april
Ørsta vidaregåande skule har ledig 100% lærarstilling innan automasjon-/elektrofag. Vi søker deg som har engasjement for faget ditt, og som ynskjer legge til rette for at det vert utdanna nye fagpersonar. Det er viktig at du likar å arbeide med menneske, og å legge til rette for ungdomar si læring og utvikling.
Arbeidsoppgåver
Stillinga er primært knytt til undervisning innan elektrofag. Vi søker etter kompetanse innan elenergi eller automasjon, men det kan også vere aktuelt med annan elektrofagleg bakgrunn. Ved Ørsta vidaregåande skule har vi vg1 tilbod innan elektro/datateknologi, vg2 tilbod innan elenergi/ekom, og vg2 og vg3 tilbod innan automasjon. Kompetansen til den som vert tilsett vil avgjere kva område som er mest aktuelt. Om du i tillegg er kvalifisert i andre fag kan det også bli aktuelt med undervisning på andre avdelingar.
Skulen har eit sterkt og godt fagmiljø innan elektrofaga, som den som blir tilsett vil bli ein del av. Vi forventar at lærarar hos oss deltek aktivt i vidare utvikling av fagmiljøet, og bidreg på eige initiativ inn mot arbeidet. Dette inneber utstrakt samarbeid med andre, både internt og eksternt mot aktuelt arbeidsliv og andre samarbeidspartar. Å legge til rette for praksisnær undervisning og tverrfagleg samarbeid er viktig for oss som yrkesfagleg skule. Vi vektlegg at kandidatar har relevant og oppdatert arbeidserfaring frå praksisfelt.Skulen er svært opptatt av at alle elevane våre skal ha eit godt og trygt læringsmiljø, så alle får moglehgheit til å utvikle seg som fagpersonar innan aktuelle yrkesfaglege område. Det å legge til rette for for eleven si utvikling og læring er eit meiningsfullt og gjevande arbeid. Som kollega ved Ørsta vidaregåande skule vil du verte del av eit arbeidsfellesskap med stor og komplementær kompetanse innan fagleg-pedagogisk arbeid, som du får dra nytte av i eiga utvikling som lærar. Som del av arbeidet vil du også kunne få oppgåver som å vere kontaktlærar.
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning innan elektro-/automasjonsfag.- Pedagogisk utdanning.
- Nyare relevant praksis frå arbeidslivet.
Vi oppmodar deg som manglar høgre utdanning eller manglande pedagogisk utdanning likevel om å søke. Vi tilbyr gode ordningar for vidareutdanning.
Personlege eigenskapar
Vi set personlege eigenskapar høgt når vi tilset nytt personale ved skulen. Du må vere omgjengelig, sjølvstendig, og ha godesamarbeidseigenskapar. Du må trivast saman med ungdom og vere ein trygg og tydeleg vaksen, som framstår som ein god rollemodell for framtidige fagarbeidarar.
Vi tilbyr
- Raus organisasjonskultur der vi vil kvarandre vel, ser kvarandre, og bidreg inn mot fellesskapet.- Stilling med stor grad av fleksibilitet og variasjon mellom arbeidsoppgåver knytt til undervisning, arbeid med ungdom og samarbeid med arbeidslivet.
- Å kunne jobbe i ein tverrfagleg organisjon med eit breitt kompetansefelt.
- Vere med i eit team i utvikling som skal bidra til kompetanseuvikling for elevar og arbeidsliv.
- Kurs og opplæring etter behov.
- Ordna arbeidstid.
- Offentleg tenestepensjon, gruppelivsforsikring og ulykkesforsikring.
- Løn etter gjeldande avtaleverk.
- I løpet av få år vil vi flytte inn i nye og moderne undervisningslokale i Ørsta kultur- og kompetansesenter.
Kontaktinformasjon
Per Tore Måen, Avdelingsleiar EL/TIF, 95418071Bjørnar Sæterås, Rektor, +47 47344491
Arbeidsstad
Holmegata 146153 ØRSTA
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommuneReferansenr.: 5089608834
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.04.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Bjørnar Sæterås
Rektor
+47 47344491
Per Tore Måen
Avdelingsleiar EL/TIF
95418071
Om bedriften
Bli med å utvikle regionen saman med oss!
Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.
Om skulen (orsta.vgs.no)
Ørsta vidaregåande skule er eit naturleg sentrum for yrkesutdanninga på Søre Sunnmøre. Med kompetente og dyktige tilsette arbeider skulen vår for at du som elev skal oppleve å lukkast i utdanninga. Skulen er ein av dei mest tradisjonsrike yrkesskulane med ei unik historie over 75 år, der vi utdannar yrkesutøvarar i fylket, nærmiljøet og regionen.
Vi er rundt 350 elevar, 50 vaksne deltakarar knytt til ressursenter for vaksne deltakarar og eit 80-tals tilsette fordelt på fem utdanningsprogram:
- Bygg- og anleggsteknikk
- Elektrofag
- Helse- og oppvekstfag
- Restaurant- og matfag
- Teknikk- og industriell produksjon
Skulen er ikkje større enn at vi har høve til å bli godt kjent med kvarandre i skulekvardagen. Det å kjenne seg trygge på kvarandre gir rom for ein tett relasjon mellom elev og lærar, noko vi veit er avgjerande for at skulen skal vere ein stad der læring skjer.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
4a4d8242-f1c2-4596-ad55-dd01ba27449c
- Sist endret
18. mars 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
5155016834e0465d96814a22a3588f6c