Hopp til innhold

Har du fagbrev som elektrikar og vil bli med på å skape morgendagens løysningar?

Arbeidsgiver

Ulstein Elektro Installasjon AS

Sted

Osnesvegen 110, 6065 Ulsteinvik

Om jobben

Stillingstittel
Elektrikar med Maritim kompetanse
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest søndag 31. mai

Ulstein Elektro Installasjon er inne i ei spennande fase og selskapet ønsker å bygge og vidareutvikle kompetanse innan fagområdet el.installasjon på skip.

Ein av suksessfaktorane for stillinga vil vere å ha gode samarbeidsevner, ønsker om å bidra til eit positivt arbeidsmiljø i tillegg til å utvikle eigen kompetanse innan elektrofaget.

 

Kandidatar vurderast fortløpande.


Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene er varierte, og kan blant anna innebere:

  • Generell elektroinstallasjon på skip
  • Skipsutstyrsystem
  • Kommunikasjonssystem
  • Brann og gass deteksjonsystem
  • Delta og framvise intern systemtestar for klasse og rederi
  • Rapportere status og framdrift til områdebas
  • HMS Fokus

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev som elektrikar/Elektromontør GR. L 
  • Systemforståing, innsikt og sjølvstendigheit
  • Erfaring som elektrikar innan skipsbygging
  • Teknisk og tverrfagleg forståing
  • Fiber og nettverkerfaring er ønskeleg
  • Vere strukturert og ha ein proaktiv tilnærming til måloppnåing
  • Kan kommunisere godt på norsk og engelsk

Personlege eigenskapar

  • Positiv, reflektert og samhandlande
  • Sjå dei gode løysningane

Vi tilbyr

  • Godt fagleg miljø
  • Fleksitidsavtale
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Interessante og varierte arbeidsoppgåver

Kontaktinformasjon

Bjarte Elias Kopperstad, Team Leader, +47 97722751
Stig Roppen, General Manager, +47 95008317

Arbeidsstad

Osnesvegen 110
6065 Ulsteinvik

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ulstein Elektro Installasjon AS

Referansenr.: 5117943105
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.05.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Stig Roppen

General Manager

+47 95008317

Bjarte Elias Kopperstad

Team Leader

+47 97722751

Om bedriften

ULSTEIN er ein internasjonalt anerkjend leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og visjonen vår er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. ULSTEIN har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre. Konsernet har over 500 tilsette. Ulstein er ei lærlingbedrift og ei av hjørnesteinsbedriftene i kommunen. 

Menneska i Ulstein er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdommar, erfaring og bakgrunn skaper eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.


Ulstein Elektro Installasjon er ansvarleg for elektrisk installasjonsarbeid om bord i fartøy ved Ulstein Verft. Selskapet er, saman med Ulstein Verft,  ein del av forretningsområdet Shipbuilding, som held ein høg standard innan kvalitet, gjennomføring og leveringspresisjon. Selskapa bygger og leverer spesialfartøy i hovudsak innan offshoreenergi, i tillegg til å utføre ettermarknadstenester. 


Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

ff5a08cf-cb70-4fcd-8432-2990472bedcc

Sist endret

24. april 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

410daf9c9b3e4a6aa68a4838b296e0a4

Lignende annonser

Laster lignende annonser