Hopp til innhold

Politibetjent 3/2/1

Arbeidsgiver

Møre og Romsdal Politidistrikt

Sted

Nedre Strandgate 50, 6005 Ålesund

Om jobben

Stillingstittel
Kombinasjonsstilling
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
5
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 3. mars

Om stillinga

Vi søkjer handlekraftige og samfunnsengasjerte politibetjentar til ei variert stilling i Møre og Romsdal politidistrikt!

Dette er ei stilling der får du ein unik kombinasjon av 

  • operative oppgåver innan vakt og beredskap i Ålesundsområdet 
  • å ta del i den operative styringa av politidistriktet i sin heilskap som operatør på operasjonssentralen

I stillinga vil du inngå i ein rotasjonsordning der du er seks månadar på kvar eining. Det kan også vere aktuelt å tilby ei ordning der løpande arbeidsplanar omfattar begge arbeidsområde. Du vil på begge einingar inngå i ein tredelt turnus.

Du vil få ei nøkkelrolle både i møte med publikum og i handteringa av kritiske hendingar. Du vil jobbe tett med erfarne kollegaer, bruke moderne teknologi og ta del i fagleg sterke miljø som set beredskap, samhandling og profesjonell dømmekraft høgt! 

Vi kan love deg ein variert og aktiv arbeidskvardag med heile politidistriktet som arbeidsfelt! Utanom ei variert og utviklande stilling, byr Ålesund og Sunnmøre på storslått natur og unike moglegheiter for toppturar, skikjøring eller anna friluftsliv året rundt. Er du klar for ein ny arbeidskvardag i Ålesund? Då vil vi gjerne høyre frå deg!


Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar

Vi ser etter motiverte medarbeidarar som opptrer profesjonelt til ei kvar tid og fungerer som gode ambassadørar for politiet. Evna til å vere trygg, nærverande og lydhøyr i krevjande situasjonar og dessutan byggje tillit til publikum, er avgjerande for suksess i organisasjonen vår.

Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng. 


Arbeidsoppgåver

Operasjonssentralen:

  • handtere operative meldingar og naudmeldingar frå heile politidistriktet
  • handtere 02800 anrop og hovednummer til politidistriktet
  • planlegge samt å koordinere den operative polititenesta under leiing av oppdragsleiar/operasjonsleiar
  • utføre oppgåver i samsvar med styrande dokument, planverk og plan for PO/COP
  • sørgje for god kommunikasjon og samarbeid med interne roller som innsatsleiar, operativt mannskap og felles straffesaksinntak (FSI), og eksterne samarbeidsaktørar
  • bidra til å sette i verk straksetterforsking
  • involvere nødvendig komplementær kompetanse i oppgåveløysinga
  • kan påleggast andre oppgåver

Vakt og beredskap:

  • arbeid innan vakt og beredskap i turnusteneste etter gjeldande tenestelister
  • utføre etterforsking med politiarbeid på staden (PPS) som arbeidsmetode
  • kriminalitetsførebyggjande arbeid
  • andre oppgåver som høyrer til den daglege tenesta ved eininga
  • bidra med rettleiing og ved opplæring/kompetansehevande tiltak 
  • kan påleggast andre oppgåver

Kvalifikasjonar

Dette må du ha for å vere kvalifisert:

  • fullført og bestått Politi(høg)skule ved tiltreding. Karakterskjema skal fyllast ut og leggast ved søknaden, sjå; https://www.politiet.no/sok/?SearchText=karakterskjema2023.xlsx
  • IP4-godkjenning, eventuelt må du kunne bli godkjent på nytt
  • god munnleg og skriftleg formidlings- og kommunikasjonsevner på norsk og engelsk
  • plettfri vandel og vere skikka for tjeneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved eventuell tilsetjing, jamfør politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må du pårekne at det blir henta inn opplysingar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga
  • kunne sikkerhetsklarerast som HEMMELIG jamfør sikkerhetsloven

Det er også ønskjeleg med

  • erfaring frå politistilling
  • gode resultat frå utdanning ved Politi(høg)skule

Personlege eigenskapar

  • motivert til stilling med vekslande arbeidsoppgåver mellom vakt og beredskap og operasjonssentralen
  • robust, med dette meiner vi at du tåler å stå i tøffe psykiske og fysiske oppdrag og har høg stresstoleranse
  • gode haldningar og samarbeidsferdigheiter
  • løysingsorientert og evner å ta raske avgjerder

Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på.  Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og om medarbeidarplattformen her.


Dette kan vi tilby om du vel oss

  • meiningsfylte oppgåver og fagleg utvikling gjennom tidleg ansvar og stor variasjon i politidistriktet
  • fast stilling som politibetjent 3/2/1 (SKO 1461/1459/1457), med tilsetting avhengig av kompetanse, jf. kompetansekriteriene for politibetjenter. 
  • operatør: 
    • politibetjent 3 - brutto årslønn frå kr. 615 000 - 705 000
    • politibetjent 2 - brutto årslønn frå kr. 560 000 - 610 000
    • politibetjent 1 - brutto årslønn frå kr. 535 000 - 585 000
  • vakt og beredskap:
    • politibetjent 3 - brutto årslønn frå kr. 590 000 - 680 000
    • politibetjent 2 - brutto årslønn frå kr. 535 000 - 585 000
    • politibetjent 1 - brutto årslønn frå kr. 510 000 - 560 000
  • ordning der løpande arbeidsplanar omfattar begge arbeidsområde kan vere aktuelt. Ved kombinert arbeidsplan vakt og beredskap og operasjonssentral:
    • politibetjent 3 - brutto årslønn frå kr. 590 000 - 705 000
    • politibetjent 2 - brutto årslønn frå kr. 535 000 - 610 000
    • politibetjent 1 - brutto årslønn frå kr. 510 000 - 585 000
  • godtgjersle etter gjeldande ATB som for tida er kr. 44 708 og tillegg for turnusteneste
  • vedlikehold av IP4-godkjenning
  • medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meir på www.spk.no. Det blir trekt to prosent frå løna til innskot i Statens pensjonskasse
  • tilknytning til bedriftshelseteneste
  • mogelegheit for trening i arbeidstida 

Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.


Mangfald i politiet

Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.

Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her

Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.

Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_Wc

Slik søkjer du

Du søkjer ved å skrive eit kort søknadsbrev, registrere utfyllande CV og leggje ved relevante vitnemål og attestar. For studentar som uteksaminerast i 2026 må vitnemål ettersendast før tiltreding.

Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.


Kontaktpersoner for stillingen

Thomas Arseth Holte

Seksjonsleiar Operativ styring/Operasjonssentralen

Thomas.Arseth.Holte@politiet.no

Karl Jonas Volen

Seksjonsleiar vakt og beredskap

karl.jonas.volen@politiet.no

Om bedriften

Mellom hav, fjordar og fjell finn du Møre og Romsdal politidistrikt som er eitt av 12 politidistrikt i Noreg. Vi femnar om eit område på 15 099 kvadratkilometer med ei befolkning på om lag 272 500 menneske. Trollheimen, Romsdalsfjella, Sunnmørsalpane og Tafjordfjella set naturlege avgrensingar i fylket og politidistriktet. Ein stor del av befolkninga bur langs kysten og på øyar.

Dei tre største byane, Ålesund, Molde og Kristiansund, er regionsenter for høvesvis Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Politidistriktet har også kontinentalsokkelberedskap frå Stad til Helgeland.

Politidistriktet har om lag 650 tilsette og vert leia av politimeister Elin Drønnen med hovudsete i Ålesund. Vi er organisert i to geografiske driftseiningar med til saman 18 politistasjonar og sommaråpen politistasjon i Geiranger. I tillegg har vi fire funksjonelle driftseiningar: Felles eining for påtale, felles eining for operativ teneste, felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking, og felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie. I tillegg kjem PST og tre leiarstøttestabar; kommunikasjon, verksemdstyring og HR og HMS.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

4a277514-bdd0-4f4c-8667-c99107fb7805

Sist endret

17. februar 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10282800

Lignende annonser

Politistasjonssjef for tjenestestad Nordre Sunnmøre

Arbeidsgiver

Møre og Romsdal Politidistrikt

Sted

Vatne