Vil du leie ei teneste som betyr noko- kvar einaste dag?
Heimetenesta, Gloppen kommune
Grandavegen 9, 6823 Sandane
Om jobben
- Stillingstittel
- Avdelingsleiar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 8. februar
35 dyktige kollegaer ventar på ein ny avdelingsleiar som skapar retning, gir tryggleik og rom for utvikling.
Vi treng deg som likar utfordringar og varierte arbeidsoppgåver, og som har ønskje og vilje til å sjå framover og vere med på å utvikle dei gode tenestene våre vidare.
I heimetenesta tel vala dine kvar dag, der gode relasjonar, tillit og fagleg stoltheit skapar gode tenester til innbyggjarane.
Sandane heimeteneste er eit av tre heimetenesteområde i Gloppen kommune og vi søkjer no etter ein engasjert avdelingsleiar som kan vere med å leie og å vidareutvikle tenesta .Vi er eit arbeidsfellesskap av sjukepleiarar, hjelpepleiarar/helsefagarbeidarar og pleiemedarbeidarar og har vårt kontorlokale på Grandane. Målet vårt er at brukarane skal kunne bli buande heime lengst mogleg og meistre eigen kvardag trass sjukdom eller skade.
Som avdelingsleiar er du underlagt tenesteleiar og deltek i heimetenesta sitt leiarteam.
Nygjerrig? Ta kontakt eller søk no!
Arbeidsoppgåver
- Ha ansvar for dagleg drift, kvalitet, økonomi, turnus og ressursstyring.
- Vere ein synleg og tilgjengeleg leiar med personalansvar og -oppfølging av om lag 35 medarbeidarar.
- Vere ein tydeleg og tilgjengeleg leiar som får fram individuelle styrker hos dei tilsette og samtidig spelar laget godt saman.
- Ha fokus på eit trygt og inkluderande arbeidsmiljø der dei tilsette får brukt kompetansen sin og utvikla seg.
- Leie dei tilsette til å nå tenesta sine mål som er i utvikling for å møte morgendagens omsorgsbehov.
- Sikre at tenesta er i samsvar med kvalitetskrav, gjeldande lover og forskrifter og andre sentrale og interne reglar.
- Bidra aktivt i leiarteamet og med utviklingsarbeid i helse og velferd.
Kvalifikasjonar
- Offentleg godkjent sjukepleiar med norsk autorisasjon.
- Ønskjeleg med leiarerfaring men inga krav
- Ønskjeleg med erfaring innanfor eldreomsorg og gjerne heimetenesta
- Gode munnleg og skriftleg framstilling på norsk.
- Ønskjeleg med erfaring med turnusplanlegging, bruk av Profil og Visma ressursstyring.
Personlege eigenskapar
- Interesse og engasjement for heile mennesket
- Du tar ansvar for å ivareta eit godt arbeidsmiljø og er relasjonsorientert.
- Sjølvstendig med gode samarbeidsevne og med eit løysingsorientert fokus.
- Trygg på eigne ferdigheiter, både fagleg og personleg.
- Må trivast i eit aktivt miljø med mykje latter og glede
- Er ein fleksibel og endringsorientert rollemodell som oppmuntrar til dialog og medverknad.
- Du har evne til å sjå den enkelte og dei tilsette sine behov i arbeidskvardag
Personleg eignaheit vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- Spennande og utfordrande stilling med moglegheit for fagleg og personleg utvikling i samarbeid med engasjerte og erfarne kollegaer.
- Ein unik moglegheit til å vere med å utforme tenestene i Gloppen heimeteneste.
- Teamarbeid med faglege utfordringar og varierte arbeidsoppgåver.
- Lønn etter avtale.
- For tilsetting gjeld ei prøvetid på 6 månadar.
Det må leggast fram tilfredsstillande politiattest før tiltreding.
Kontaktinformasjon
Cecilie M. Helgheim, Tenesteleiar heimetenesta, +47 472 60 601Arbeidsstad
Grandavegen 96823 Sandane
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Gloppen kommuneReferansenr.: 5058806448
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.02.2026
Kontaktperson for stillingen
Cecilie M. Helgheim
Tenesteleiar heimetenesta
+47 472 60 601
Om bedriften
Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 – 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord - Sandane lufthamn - ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet.
Kommunen har eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og kommunen har vore kåra som både årets kulturkommune og årets musikkommune. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Vi har symjehall, idrettshall, kino og konsertsal. Fine forhold for stisykling. Her er alpinsenter og fleire langrennsløyper.
Gloppen har gode barnehagar og skular, og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
4a1ee24a-391b-4556-abb1-e56f4096392c
- Sist endret
9. januar 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
fd7554fc215e482f80c7238e80b230a2
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Helse- og velferd, Gloppen kommune
Sted
Sandane
Ferievikar i Bu og omsorgstenesta 2026
Arbeidsgiver
Helse- og velferd, Gloppen kommune
Sted
Sandane
Arbeidsgiver
Ålfoten oppvekstsenter, Bremanger kommune
Sted
Ålfoten