Hopp til innhold

Skipsførar i sambandet Fedje-Sævrøy, p.t. MF Fedjebjørn

Arbeidsgiver

Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS

Sted

5947 Fedje, Fv568 220, 5943 Austrheim

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Skipsførar i sambandet Fedje-Sævrøy, p.t. MF Fedjebjørn
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig
Fjord1 søkjer skipsførar til sambandet Fedje - Sævrøy, p.t. trafikkert av den elektriske ferja MF Fedjebjørn.

Som skipsførar vil du ha ei sentral rolle i å sikre trygg og effektiv drift av sambandet. Dette er ei stilling med stort ansvar og gode moglegheiter til å påverke den daglege drifta av fartøyet. Du vil vere ein viktig bidragsytar til at både passasjerar og mannskap får ei god oppleving, og du vil ha tett dialog med kollegaer både om bord og på land.

Hos oss får du ein spennande arbeidskvardag i eit framtidsretta selskap med moderne fartøy, fokus på miljø og teknologi, konkurransedyktige vilkår og gode pensjonsordningar.

Arbeidsgjevar dekkjer reiseutgifter mellom heim og arbeidsstad etter dei retningslinjene som er fastsette.

Arbeidsoppgåver

Som skipsførar vil du ha det overordna ansvaret for trygg og effektiv drift av fartøyet. Dette inneber mellom anna:

  • Leiing av mannskapet og daglege operasjonar om bord
  • Ansvar for sikkerheitsstyring og energileiing
  • Teknisk og operativ tryggleik, inkludert vedlikehald og beredskap
  • Sikring av personleg tryggleik for både mannskap og passasjerar
  • Ivaretaking av miljømessig tryggleik og etterleving av gjeldande miljøkrav
  • Utføring av oppgåver i samsvar med gjeldande stillingsinstruks

Kvalifikasjonar

  • Minimum D3-sertifikat
  • ROC/GMDSS-sertifikat
  • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
  • Krise-og passasjerhandtering
  • Gyldig helseattest
Rederiet dekkjer krise- og passasjerhandterings kurs for aktuelle kandidatar.

Personlege eigenskapar

Vi ser etter ein erfaren og dyktig skipsførar med sterk forståelse for sikker navigasjon, operativ leiing og samarbeid i maritime team. Du må kunne håndtere krevande situasjoner med ro og besluttsomheit, ha god kjennskap til relevante forskrifter og bidra til å sikre trygg og effektiv drift av fartøyet. Erfaring frå ferjedrift eller tilsvarande vil vera ein fordel.

Vi tilbyr

  • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjøoffisersforbund
  • Fast stilling i eit solid og anerkjent selskap
  • Dyktige kollegaer og eit godt arbeidsmiljø
  • Treningsmoglegheiter om bord
  • Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter og gode rabattordningar
  • Sjøvakt: 2 veker på og 2 veker av
  • Reise til/fra jobb vert dekt av arbeidsgjevar

Kontaktinformasjon

Marit Synnøve Kjetland, Rekrutteringsmedarbeider, +47 47995295, marit.kjetland@fjord1.no

Arbeidsstad

5947 Fedje

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Fjord1 AS

Referansenr.: 5046962363
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.12.2025

Om bedriften

Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.

Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.

Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.

Sektor

Privat

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

48fd6d3d-199f-45ae-bca1-64d2f9b781c1

Sist endret

12. desember 2025

Hentet fra

talentech

Referanse

a6f028955d164280979b153e84584c57

Lignende annonser

Laster lignende annonser