Hopp til innhold

Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule - IT-servicemedarbeider

Arbeidsgiver

Innlandet fylkeskommune Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule

Sted

Skansen 9, 2670 Otta

Om jobben

Oppstart
1. august 2026
Type ansettelse
Fast, deltid 50%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 19. mai

Beskrivelse

Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule har ledig 50% fast stilling som IT-servicemedarbeider frå 1. august 2026.

 

Vi søkjer deg som
  • er serviceinnstilt, fleksibel og glad i folk
  • har gode samarbeidsevne
  • tåler eit høgt arbeidstempo til ulike tider 
  • tek ansvar og er strukturert, er nøyaktig og initiativrik 
  • er samarbeids- og løysingsorientert 
  • vil vera med å utvikle skulen som ein lærande organisasjon 
  • har brei erfaring og solid IKT-kompetanse, spesielt knytt til verkty og plattformar som Microsoft 365, Citrix-løysingar, Cisco mm.
Vi tilbyr
  • interessante arbeidsoppgåver i nær og tett kontakt med elevar, tilsette og IT-kollegaer i fylkeskommuna
  • ein spennande arbeidsplass der ingen dagar er like 
  • godt arbeidsmiljø
  • løn etter avtale
  • fylkeskommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
Om stillinga
  • 50% fast stilling ledig frå 01.08.2026
  • arbeidsstad Otta
  • den som blir tilsett i stillinga vil bli innplassert i stillingskode avhengig av krav til stillinga, utdanning og erfaring jf. lov- og avtaleverk 
Arbeidsoppgåver
  • support for personale og elevar, og andre besøkjande på IT-løysingane og programvara til skulen, og dessutan bidra til brukaropplæring
  • delaktig i arbeidet med oversikt over utstyrsparken til skulen innan IT, inkludert elev PC-ar
  • vera pådrivar for kontinuitet, fagleg utvikling, datatryggleik og personvern ved skulen
  • delaktig i innkjøp av nytt IT-utstyr ved behov   
Kvalifikasjonskrav
  • fagbrev med fagskuleutdanning i IT-fag
  • Ønskte kvalifikasjonskrav
    • fagbrev med fagskuleutdanning knytt til fagområdet
    • personlege eigenskapar bli vektlagt 
    • gode samarbeidsevner
    • god kunnskap om datatryggleik og personvern 
    • gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg 
    Søknad

    Innlandet fylkeskommune ønsker at arbeidsstyrken skal speile mangfaldet i befolkninga og oppmodar difor alle som er kvalifisert i samsvar med krava i stillinga til å søke hjå oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det. Det vil bli lagt vekt på om du som person er eigna for stillinga.

    Vi gjer merksam på at alle søkarar kjem på offentleg søkarliste, jf. offentleglova § 25. Unntak frå dette blir behandla etter grunngjeving i tekstfeltet til søknaden.

    Fylkeskommunen er ei verksemd i utvikling og endring. Arbeidsoppgåver, ansvarsområde og organisering vil difor kunne utvikle og endre seg i takt med behovet til organisasjonen.

    Vi gjer merksam på at overtallige i fylkeskommunen kan ha fortrinnsrett til stillinga.

    Innlandet fylkeskommune nyttar elektronisk søknadsskjema. Vi ber aldri om bank-ID informasjon i søknadsprosessen.

    Vi ser fram til å motta søknaden din.


    Link til søknadsskjema: Søk her

    Kontaktperson for stillingen

    Avdelingsleder Signe Stubbrud

    +47 97 16 35 70

    sigstu@innlandetfylke.no

    Om bedriften

    Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule er lokalisert sentralt på Otta i Sel kommune. Skulen tilbyr seks ulike utdanningsprogram og har om lag 350 elevar og 70 tilsette. Skulen vart nyrenovert i 2010, og dei moderne lokala legg til rette for gode læringsmiljø og eit godt læringsarbeid. Målet er å gje innbyggjarane i regionen eit godt og desentralisert opplæringstilbod gjennom felles løysingar og tett samarbeid med næringslivet. Skulen er eigd og drive av Innlandet fylkeskommune. Tilgjengelighetserklæring for EasyCruit: https://uustatus.no/nb/erklaringer/publisert/f9747c75-22c2-4118-972a-c13193edfc8a

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    483b6bac-5d11-437f-bdf0-ef529fb043aa

    Sist endret

    4. mai 2026

    Hentet fra

    visma-easycruit

    Referanse

    3622541_189637_no

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser