Hopp til innhold

Vinstra vidaregåande skule - Barne- og ungdomsarbeidar

Arbeidsgiver

Innlandet fylkeskommune Vinstra vidaregåande skule

Sted

Gamle Skåbuv. 10, 2640 Vinstra

Om jobben

Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 26. mai

Beskrivelse

 Vinstra vidaregåande skule har ledig 100% fast stilling som barne- og ungdomsarbeidar frå 01.08.2026

Vi søkjer deg som
  • liker å jobbe og har erfaring med ungdom med særlege omsorgsbehov
  • evner å etablere gode relasjonar til elevar og tilsette
  • er punktleg og påliteleg
  • er engasjert og omgjengeleg
  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner både skriftleg og munnleg
  • liker å bidra i å skape eit godt, inkluderande og trygt læringsmiljø for skolens ungdommar
  • har god digital kompetanse
Vi tilbyr
  • ein arbeidsplass med mottoet: Gode forbilde former framtida
  • lønn etter gjeldande avtaleverk
  • fylkeskommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
  • eit miljø med dyktige mannlege og kvinnelege elevassistentar
  • eit aktivt fagmiljø og en allsidig arbeidsplass med undervisning for ungdom og vaksne innan yrkesfag og studieforberedende fag
  • eit inkluderande arbeidsmiljø med fokus på elevars læring og utvikling
  • open skule på ettermiddag onsdagar
Om stillinga
  • 100% fast stilling som barne- og ungdomsarbeidar med fagbrev
  • stillinga er ledig frå 01.august 2026
  • følger elevens skuleår med fri i skuleferiar (89% lønn)
  • arbeidstid hovudsakeleg mellom 07:45 – 15:15, dersom ikkje anna er avtalt
  • den som blir tilsett i stillinga vil bli innplassert i stillingskode avhengig av krav til stillinga, utdanning og erfaring jf. lov- og avtaleverk
Arbeidsoppgåver
  • ta aktivt medansvar og initiativ til at oppgåver gjennomførast
  • oppgåver knytt til enkeltelevar, gruppe og klasse
  • bidra til å sikre eit trygt læringsmiljø både i timane og i fellesareala
  • etablere og vedlikehalde gode relasjonar til elevar
  • følge opp enkeltelevar etter utarbeidde planer
  • bidra med arbeidsoppgåver ved open skole onsdag ettermiddag (forberede mat, ulike aktivitetar mm)
  • gi inspirasjon og bidra aktivt til eit godt læringsmiljø i gruppa og på skolen ellers
Kvalifikasjonskrav
  • fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar
  • Ønskte kvalifikasjoner
    • fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, eller annan relevant erfaring innan yrker vi rekrutterer til gjennom utdanningsprogramma vi tilbyr ved vår skole
    • god orden og åtferd
    • det vil bli lagt stor vekt på personleg skikkaheit
    • oppfordrar menn til å søke, for å oppretthalde kjønnssamansetninga i ansattgruppa
     Søknad

    Innlandet fylkeskommune ønsker at arbeidsstyrken skal speile mangfaldet i befolkninga og oppmodar difor alle som er kvalifisert i samsvar med krava i stillinga til å søke hjå oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det. Det vil bli lagt vekt på om du som person er eigna for stillinga.

    Vi gjer merksam på at alle søkarar kjem på offentleg søkarliste, jf. offentleglova § 25. Unntak frå dette blir behandla etter grunngjeving i tekstfeltet til søknaden.

    Fylkeskommunen er ei verksemd i utvikling og endring. Arbeidsoppgåver, ansvarsområde og organisering vil difor kunne utvikle og endre seg i takt med behovet til organisasjonen.

    Vi gjer merksam på at overtallige i fylkeskommunen kan ha fortrinnsrett til stillinga.

    Innlandet fylkeskommune nyttar elektronisk søknadsskjema. Vi ber aldri om bank-ID informasjon i søknadsprosessen.

    Vi ser fram til å motta søknaden din.


    Link til søknadsskjema: Søk her

    Kontaktperson for stillingen

    Mette Marie Skurdal

    Avdelingsleiar

    41637444

    metsku@innlandetfylke.no

    Om bedriften

    I hjartet av Gudbrandsdalen finn du Vinstra vidaregåande skule som ein arena for kunnskap, læring og fellesskap, med moglegheiter for alle. Skulen er tufta på gamle tradisjonar, men er likevel moderne og i stadig utvikling. Vinstra videregående skule har seks utdanningsprogram: Studiespesialisering, musikk og dans, helse- og oppvekstfag, elektrofag, byggfag, og teknikk og industriell produksjon. Skulen har litt over 370 elevar og om lag 80 lærarar. Skulen skal vera ein døropnar for ungdomar til vidare utdanning og arbeidsliv. Vi arbeider for at elevane skal bli gode samfunnsborgarar og for å gjere dei klare for framtida. Vi legg vekt på høg kvalitet, både sosialt og fagleg, for å fremje trivsel og læring. Vi ønskjer å gi våre elevar kompetanse på vegen til å nå sine mål og draumar - gode forbilde formar framtida! Skulen er eigd og drive av Innlandet fylkeskommune. Tilgjengelighetserklæring for EasyCruit: https://uustatus.no/nb/erklaringer/publisert/f9747c75-22c2-4118-972a-c13193edfc8a

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    0037276a-2673-4add-ae9a-ae4b1158fec0

    Sist endret

    30. april 2026

    Hentet fra

    visma-easycruit

    Referanse

    3623473_189647_no

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser