Ternholmtunet bustad og Rong Arbeidssenter
Øygarden kommune Ternholmtunet bustad
Ternholmvegen 51L, 5337 Rong, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Helsefagarbeidar 20% vikariat
Type ansettelse
Vikariat, deltid 20%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 5. september
Ternholmtunet bufellesskap og Rong omsorgsbuleger ligg på Rong. Her bur10 personar med psykisk utviklingshemming med ulike bistandsbehov. Ved Rong Arbeidssenter er det totalt 12 personar som har vedtak om plass.
Vi har som målsetting å bidra til at den enkelte bebuar har ein aktiv og meiningsfull kvardag, kor trivsel, sjølvråderett, tillitsskapande arbeid og meistring er viktig. Vi er ein tverrfagleg personalgruppe med vernepleiarar, sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, barne- og ungdomsarbeidar og assistentar.
Vi har no ledig eit 20% vikariat. Stillinga er ledig frå 01.09.2025 – til 31.08.2026
Stillinga er hovudsak vakter på kvardagar.
- Målretta miljøarbeid
- Medikamenthandtering – kan bli vurdert
- Bidra til utvikling av tenesta og eit godt arbeidsmiljø
- Dokumentasjon i fagjournal
Må ha:
- Fagbrev og autorisasjon som helsefagarbeidar. Andre med erfaring frå arbeid med målgruppa kan bli vurdert
- Gode norsk kunnskapar, skriftleg og munnleg
- Personlege eigenskapar vil bli særleg vektlagt
- Erfaring frå arbeid med brukargruppa
- Vere kjend med elektronisk klientsystem
- Sertifikat klasse B
Personlege eigenskapar:
- Fleksibel og løysingsorientert
- Gode etiske og faglege haldningar
- Evne til å arbeide målretta og strukturert, sjølvstendig og i team
- Respekt og engasjement for brukargruppa
- Positiv, og bidreg til eitt godt arbeidsmiljø
- Du er lærelysten, og tek ansvar
Anna:
- Gyldig politiattest må førevisast dersom ein blir tilsett
- Vikariatet gjelder perioden 01.09.2025 – 31.08.2026.
- Stillinga inngår i årsplan, med langvakter
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Ein gjevande og meiningsfull jobb
- Høve til fagleg og personleg utvikling
- Eit godt arbeidsmiljø og dyktige kollegaer
Kontakt:
Avdelingsleiar: Åshild Erstad Hagen mobil 909 43 934
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
47f27f9a-85e6-474c-b30b-add76c64fc3c
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3535563_241095_nn