Sjukepleiar/spesialsjukepleiar
KLINIKK FOR KREFTBEHANDLING OG REHABILITERING, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
Om jobben
- Stillingstittel
- Sjukepleiar/spesialsjukepleiar
- Type ansettelse
- Fast, deltid 65%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 1. mars
Sengepost for kreft og blodsjukdomar er arbeidsplassen for deg som ønsker å utvikle deg både fagleg og personleg. Hos oss blir du del av eit spennande og meiningsfylt fagmiljø med gode moglegheiter for fordjupning i heilskapleg sjukepleie og komplekse medisinske tilstander.
Vi har 20 sengeplassar innan fagområda onkologi, palliasjon og hematologi, og du vil arbeide tett saman med engasjerte og dyktige kollegaer i eit inkluderande og trygt arbeidsmiljø. Hos oss har vi sterkt fokus på fagleg utvikling, og tilbyr opplæring med ein erfaren sjukepleiar.
Vi har no ledig 65% stilling på natt, med arbeidshelg kvar 4. helg. Stillingsprosent kan tilpassast etter behov.
Tilsetting etter avtale.
Arbeidsoppgåver
Som sjukepleiar hos oss får du eit variert og fagleg utfordrande arbeid. Du vil:
- Yte avansert sjukepleie til pasientar og pårørande i alle fasar av sjukdomsforløpet
- Følgje opp pasientar som får medikamentell kreftbehandling, strålebehandling og symptomlindrande behandling
- Arbeide heilskapleg og tverrfagleg med behandling, symptomlindring, omsorg, informasjon og koordinering av tenester
- Bidra til kvalitet, pasientsikkerheit og samhandling i pasientforløpa
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Vidareutdanning innan onkologi, palliasjon eller annan relevant vidareutdanning kan vere ein fordel
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- God IKT-kompetanse
- Interesse for arbeid knytta til pasientsikkerheit og forbetringsarbeid
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som
- Er pasientorientert og framtidsretta
- Viser høgt fagleg engasjement
- Er fleksibel, initiativrik og endringsvillig
- Arbeider strukturert og nøyaktig
- Bidreg positivt til arbeidsmiljøet og har gode samarbeidsevner
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Eit sterkt tverrfagleg samarbeid i ei avdeling med høg kompetanse
- Ein inkluderande og utviklingsorientert arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i ei god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden.
Volda ligger midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell. Opplev Sunnmøre med alt den flotte naturen kan by på, fra djupe fjorder og vakkert kystlandskap, til flate fjelldalar, utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit blomstrande kultur- og idrettsliv, og eit aktivt høgskulemiljø. Det er gode flysamband til heile landet frå Ørsta/Volda lufthamn som ligg 10 minutt frå sjukehuset. Les meir om Volda her.Kontaktinformasjon
Maiken Amalie Grønningsæter Solberg, Seksjonsleiar, maiken.amalie.gronningsaeter.solberg@helse-mr.noArbeidsstad
Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5072331080
Stillingsprosent: 65%
Fast
Søknadsfrist: 01.03.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
47d39086-7eda-497c-97b7-6c23d37f3422
- Sist endret
17. februar 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
fbaf48988ccf42449264ea126c7633e6
Lignende annonser
Arbeidsgiver
KLINIKK FOR KREFTBEHANDLING OG REHABILITERING, Helse Møre og Romsdal HF
Sted
Ålesund
Arbeidsgiver
Medisinsk sengepost 1 Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Sted
Ålesund
Arbeidsgiver
Medisinsk sengepost 5 Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Sted
Ålesund