Hopp til innhold

Spesialsjukepleiar/Sjukepleiar

Arbeidsgiver

Medisinsk sengepost 1 Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Åsehaugen 5, 6017 Ålesund

Om jobben

Stillingstittel
Spesialsjukepleiar/Sjukepleiar
Oppstart
1. juni 2026
Type ansettelse
Vikariat, heltid og deltid
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
4
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 24. februar

Medisinsk sengepost 1 har ledig tre vikariat:

Stilling 1
100 % vikariat, 01.06.26-31.08.27
3-delt turnus
Langvakter kvar 4. helg på natt
Hovudsakleg arbeid mot lungemedisinsk pasientgruppe

Stilling 2
100 % vikariat, 01.06.26-31.08.27
Turnus med arbeid kvar 3. helg
Hovudsakleg arbeid mot hjartemedisinsk pasientgruppe

Stilling 3
80% vikariat, 10.05.26-31.12.26
Arbeid på natt, med arbeid kvar 4. helg

Oppgje i søknaden kva for stilling du søkjer på, eventuelt om du er interessert i fleire. Det kan også bli andre ledige stillingar i seksjonen, og aktuelle søkjarar kan bli vurderte til desse

Kvifor bør du søkje hos oss?
Hos oss får du jobbe på ein medisinsk sengepost med stor fagleg breidde og varierande arbeidsdagar. Du møter pasientar med hjarte- og lungesjukdom som krev tett oppfølging, gode kliniske vurderingar og samarbeid i team. Vi er ein gjeng som er opptekne av å ta vare på kvarandre, dele kunnskap og skape eit trygt arbeidsmiljø – både for pasientar og tilsette. Her får du god opplæring og støtte, også om du er nyutdanna, og moglegheit til å utvikle deg fagleg over tid. Dette er ein sengepost der du får brukt kompetansen din, lærer mykje og kjenner at jobben du gjer, har betydning.

Arbeidsoppgåver

  • Du møter eit variert og utfordrande sjukdomsbilete innan hjarte- og lungemedisin
  • Klinisk observasjon og vurdering av pasientar med akutte og kroniske tilstandar
  • Behandling og oppfølging, inkludert legemiddelhandtering og respirasjonsstøtte
  • Tverrfagleg samarbeid med legar, fysioterapeutar og andre faggrupper
  • Nært pasientkontakt og omsorg i sårbare livssituasjonar
  • Dokumentasjon og koordinering av vidare behandling
  • Fagleg utvikling i eit miljø med høg kompetanse og godt kollegafellesskap

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • For stilling som spesialsjukepleiar må du ha vidareutdanning innan kardiologi eller onkologi
  • 3.års sjukepleiarstudentar kan også søkje og bli vurdert
  • Gode samarbeidsevner og evne til å jobbe sjølvstendig
  • Trygg i akutte situasjonar og med kliniske vurderingar
  • Meistrar norsk munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Empatisk og omsorgsfull
  • Fagleg nysgjerrig og lærevillig
  • Evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig
  • Gode samarbeidsevner
  • Kommuniserer klart og tydeleg
  • Trygg i akutte situasjonar
  • Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert skanna og lasta opp som vedlegg til din CV

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her!

Kontaktinformasjon

Inger Kristin Reiten, Seksjonsleiar, +47 70105642, inger.k.reiten@helse-mr.no

Arbeidssted

Åsehaugen 5
6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5070496618
Stillingsprosent: 100, 80%
Vikariat
Startdato: 01.06.2026
Sluttdato: 31.08.2027
Søknadsfrist: 24.02.2026

Kontaktperson for stillingen

Inger Kristin Reiten

Seksjonsleiar

+47 70105642

inger.k.reiten@helse-mr.no

Om bedriften

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.


Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 


Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

03d90458-512f-4cb1-9546-43147596b323

Sist endret

11. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

587ab046405144f8bfd6707041a60e00

Lignende annonser

Arbeidsgiver

Medisinsk sengepost 5 Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Ålesund

Arbeidsgiver

Akutt psykisk helse Sunnmøre, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Ålesund

Sjukepleiar/vernepleiar

Arbeidsgiver

Akutt psykisk helse Sunnmøre, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Ålesund