Hopp til innhold

Brenn du for leiing og fagutvikling i helse- og omsorgstenestene?

Arbeidsgiver

Bømlo bu- og helsesenter, Bømlo kommune

Sted

Leirdalen 25, 5430 Bremnes

Om jobben

Stillingstittel
Avdelingsleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest mandag 13. april

Me søkjer etter ein engasjert og utviklingsorientert avdelingsleiar til Post 1 Nord ved Bømlo bu- og helsesenter.

Du får ansvar for dagleg drift, fagutvikling og personalleiing i eit framtidsretta miljø – og ei sentral rolle i TØRN, eit nasjonalt prosjekt med fokus på berekraftige og attraktive arbeidsplassar i helse- og omsorgstenestene. Post 1 Nord har vore med i prosjektet dei siste to åra og er godt i gong med implementeringa. Målet for 2026 er å vidareutvikle langvakter, servicevertar og fagutvikling – ein spennande prosess du blir med på.

Som avdelingsleiar blir du med i eit engasjert leiarteam som samarbeider for å utvikle og styrkje sjukeheimstilbodet. Du får påverke retninga og utvikle deg som leiar.

Om avdelinga:
Post 1 Nord er ei stor langtidsavdeling med om lag 50 tilsette og 34 pasientrom fordelt på tre etasjar. Kvar etasje fungerer som ei gruppe, og vårt mål er å skape tryggleik og trivnad i eit positivt miljø for både bebuarar og tilsette. Me har god fagdekning, eit godt arbeidsmiljø og varierte arbeidsoppgåver.

Arbeidsoppgåver

  • Sikre oppfølging og implementering av kommunen sine planar, retningslinjer og arbeidsgjevarpolitikk.
  • Ha det daglege og overordna ansvaret for drift og leiing.
  • Utøve personalansvar og økonomistyring innanfor gitte rammer.
  • Utvikle og koordinere det faglege tilbodet i avdelinga.
  • Planleggje og følgje opp turnus.
  • Delta aktivt i leiargruppa ved BBH.
  • Bidra til rekruttering og arbeide for ein heiltidskultur.

Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i ansvarsområdet må kunne påreknast.

Kvalifikasjonskrav

  • Bachelor i sjukepleie eller vernepleie.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk.

Relevant erfaring kan vege opp for formell utdanning.

Det er ønskjeleg at du har:

  • Relevant vidareutdanning og leiarerfaring.
  • Erfaring med endringsprosessar.
  • God digital kompetanse, inkludert erfaring med bruk av relevante digitale verktøy og system.
  • Kjennskap til offentleg forvaltning og gjeldande lovverk.

Personlege eigenskapar

  • Rausheit og engasjement i møte med bebuarar og tilsette.
  • God arbeidskapasitet og evne til å handtere ansvar.
  • Openheit for fleksible løysingar og endringsvilje.
  • Trygg og tydeleg leiing, der medarbeidarane får ansvar og tillit under trygge rammer.
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, med aktivt bidrag til eit inkluderande arbeidsmiljø.

I vurderinga av søkjarane legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt motivasjon for stillinga.

Me tilbyr

  • Moglegheit til å vere med og forme ei teneste i utvikling.
  • Engasjerte tilsette i eit sterkt fagmiljø.
  • Leiarutviklingsprogram.
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar.
  • Fleksibel arbeidstid.
  • Løn etter avtale.
  • Tilbod om medlemskap i velferdsklubb som gjev tilsettegoder.
Andre opplysingar
  • Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Helse og omsorgstenestelova § 5.4.
  • Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn.
  • Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25.
  • Ved ledig leiarstilling i tenesta kan søkjarane til denne stillinga bli aktuelle.

Synest du stillinga verkar spennande og passar med dine kvalifikasjonar? Då vil me gjerne høyre frå deg! Send søknaden elektronisk via Webcruiter.no og legg ved CV, vitnemål og attestar som dokumenterer erfaringa di. Ved behov må du kunne levere bekrefta kopiar.

Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med verksemdleiar Monica Smedsrud.

Kontaktinformasjon

Monica Smedsrud, Verksemdleiar, +47 404 85 607, monica.smedsrud@bomlo.kommune.no

Arbeidsstad

Leirdalen 25
5430 Bremnes

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Bømlo kommune

Referansenr.: 5104297206
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 13.04.2026

Kontaktperson for stillingen

Monica Smedsrud

Verksemdleiar

+47 404 85 607

monica.smedsrud@bomlo.kommune.no

Om bedriften

Berekraftige Bømlo er vår visjon!
Bømlo kommune har 12 500 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.

Kommunen med sine 800 årsverk, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause, modige og engasjerte medarbeidarar.

Pensjon
I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som varer frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkluderer og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt.

Forsikring
Bømlo kommune har gode forsikringsordningar for tilsette. Ordninga omfattar forsikring knytt til yrkesskade, ulykke og fritid.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

479fe2c4-610b-438b-add4-7c7127ba3851

Sist endret

30. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

8ab1d1bbd94f483b9b6eb5c36c462059

Lignende annonser

Laster lignende annonser