Hopp til innhold

Sommarjobb Bømlo bu- og helsesenter

Arbeidsgiver

Bømlo kommune

Sted

Leirdalen 25, 5430 Bremnes

Om jobben

Stillingstittel
Sommarjobb BBH
Type ansettelse
Feriejobb, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest torsdag 30. april

Har du lyst på ein spanande sommarjobb innafor helse? Har du lyst til å bli ein del av vårt omsorgsteam og bidra til å gjere ein skilnad i kvardagen til pasientane våre? Då er dette jobben for deg!

Me lyser no ut annonse for sommarjobb ved Bømlo bu- og helsesenter. Me ynskjer deg som har høve for å jobbe 6 veker i løpet av veke 25-33, og spesielt i juli/august månad. Søknadar vert vurdert fortløpande. 

Som sommarvikar kan du få utbetalt bonus. Les meir om bonusordninga under. 

Er du student? Bømlo kommune har eiga ordning for studentavlønning. Legg difor ved dokumentasjon på oppnådd utdanning i din søknad. 


Arbeidsoppgåver og litt om oss

Ved Bømlo bu- og helsesenter har me som mål å skapa tryggleik og trivsel i eit positivt miljø, for både pasientar og tilsette. Me har god fagdekning, eit godt arbeidsmiljø og arbeidsoppgåvene er både varierte og utfordrande. Institusjonen består av tre avdelingar: Korttid og rehabilitering (KOR), Post 1, og Post 2. I tillegg har me eige kjøkken og reinhaldsavdeling.  

  • KOR er ein aktiv avdeling med høg fagleg kompetanse og det er stor variasjon i pasientgruppa. Avdelinga har 11 korttidsplassar og 5 rehabiliteringsplassar. Avdelinga har tverrfagleg samarbeid med lege, heimetenesta, tenestekontor, samt ergo- og fysioterapitenesta.
  • Post 1 og Post 2 er to langtidsavdelingar med 34 og 25 plasser. Avdelingane har god fagdekning, høg kompetanse og eit godt arbeidsmiljø med arbeidsoppgåver som er både varierte og utfordrande. Avdelinga har eit tett tverrfagleg samarbeid med blant anna lege og ergo-fysioterapitenesta. Avdelingane kan tilby langvaktsturnus til vikarar over 18 år som ønskjer å jobbe 2- 3 langvakter med påfølgjande friperiodar. 
  • Kjøkkenet har ansvar for å produsere middag til heimebuande og dei som bu på institusjonane. I tillegg har desse ansvar for kantinedrift på helsehuset og rådhuset.
  • Reinhald har ansvar for reinhald på heile helsehuset måndag til fredag, og treng reinhaldsassistentar i sommar. 

Som ein del av vår feriebemanning vil du delta i dei daglege oppgåvene på ein av avdelingane våre på Bømlo bu- og helsesenter. Me kan lova ein spanande og variert sommarjobb med høve for læring og utvikling. Me vil gje deg introduksjon/opplæring.

Kvalifikasjonar

For arbeid på institusjon og i omsorgstenester må du helst ha fylt 18 år, men me kan vurdere søkjarar som er mellom 16-18 år og som er under helsefagleg utdanning.

Me søkjer:

  • Sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, eller andre med fullført helsefagleg utdanning.
  • Studentar og elevar innan relevant helsefagleg utdanning. Dersom du ikkje tek utdanning innan helse er det ynskjeleg at du har erfaring med å jobba med menneske, men dette er ikkje eit absolutt krav. Søkjarar utan erfaring vert og vurdert. 
  • Assistentar til korttid- og og langtidsavdelingane.
  • Kokk/kjøkkenassistent til kjøkkenet.
  • Assistentar til reinhald.

Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast. 

Personlege eigenskapar

  • Du er glad i å jobbe med menneskjer og likar å hjelpe andre.
  • Du er positiv, engasjert og interessert i helse.
  • Du er sjølvstendig og samarbeider godt med andre.
  • Du er påliteleg og ansvarsfull.  
  • Du er fleksibel og løysingsorientert.

Me tilbyr

  • Spanande tenester med høve for opplæring og utvikling.
  • Inkluderande arbeidsmiljø med trivelege medarbeidarar.
  • Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk.

Bonus
Sommarvikarar som har sommarjobb i turnus (35,5 t/v) over ein periode på minimum seks veker kan få utbetalt ein bonus. Bonus blir betalt ut i frå faktisk arbeida stillingsprosent. Ein må jobbe minimum en 70% stilling for å få bonus. Ein 100% stilling gir bonus på kr. 10.000. Utbetaling av bonus føreset at ein jobbar vaktene som er sett opp i planen. For faste tilsette i tenestene våre som jobbar turnus i mindre stillingar vil ekstra vakter i ferieavvikling kunne utløyse ekstra kompensasjon. 

Anna informasjon
Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Helse og omsorgstenestelova §5.4. 

  • Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn.
  • Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25.

Synes du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din. Søknader vert behandla fortløpande. Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med verksemdsleiar Monica eller avdelingssleiarar Isabel, Chatrin og Leif Christian.

Kontaktinformasjon

Monica Smedsrud, Verksemdleiar, +47 404 85 607, monica.smedsrud@bomlo.kommune.no
Isabel Knutsen, Avdelingsleiar KOR, 909 34 641, isabel.knutsen@bomlo.kommune.no
Chatrin Pedersen Risøy, Avdelingsleiar Post 2 Sør, 474 52 732, chr@bomlo.kommune.no
Leif Christian Andersen, Avdelingsleiar Post 1 Nord, 908 93 242, Leif.Christian.Andersen@bomlo.kommune.no

Arbeidsstad

Leirdalen 25
5430 Bremnes

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Bømlo kommune

Referansenr.: 5062391938
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 30.04.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Monica Smedsrud

Verksemdleiar

+47 404 85 607

monica.smedsrud@bomlo.kommune.no

Isabel Knutsen

Avdelingsleiar KOR

909 34 641

isabel.knutsen@bomlo.kommune.no

Chatrin Pedersen Risøy

Avdelingsleiar Post 2 Sør

474 52 732

chr@bomlo.kommune.no

Leif Christian Andersen

Avdelingsleiar Post 1 Nord

908 93 242

Leif.Christian.Andersen@bomlo.kommune.no

Om bedriften

Berekraftige Bømlo er vår visjon!
Bømlo kommune har 12 500 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.

Kommunen med sine 800 årsverk, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause, modige og engasjerte medarbeidarar.

Pensjon
I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som varer frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkluderer og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt.

Forsikring
Bømlo kommune har gode forsikringsordningar for tilsette. Ordninga omfattar forsikring knytt til yrkesskade, ulykke og fritid.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

ceea137a-e772-4e35-82ed-fa114bc05a3e

Sist endret

23. januar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

bfdba10cb4eb4c10983d8fad77eb44b5

Lignende annonser