Rådgjevar
Nav Kinn // Oppfølging
Hans Blomgate 39, 6900 Florø
Om jobben
- Stillingstittel
- Rådgjevar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest mandag 18. mai
Blir du motivert av å jobbe med menneske og har tru på at alle har noko å bygge vidare på?
Er du engasjert, nysgjerrig og lysten på å bidra for unge som står i vanskelege val og situasjonar? Trivst du med ein kvardag der ingen dagar er heilt like? Då håper vi du les vidare.
Nav Kinn er eit kontor med to lokasjonar - Florø og Måløy- og 34 tilsette som saman jobbar for å gi gode tenester til innbyggjarane i kommunen. No søkjer vi ein rådgjevar i 100 % fast stilling til kontoret vårt i Florø, i avdeling Oppfølging.
I avdelinga jobbar vi med innbyggjarar som treng tettare støtte og oppfølging, blant anna dei som mottek AAP, uføretrygd eller andre ytingar. Vi har òg ansvar for arbeidet med ungdomsgarantien, som skal sikre at unge under 30 år får individuelt tilpassa oppfølging og hjelp vidare mot arbeid, aktivitet eller utdanning. Som rådgjevar hos oss møter du ungdom og unge vaksne som ofte står i ein krevjande livssituasjon. Du blir ein viktig støttespelar som hjelper dei å finne retning, meistring og moglegheiter.
Kva går jobben ut på?
- følgje opp unge mellom 16 og 30 år som treng bistand til utdanning, kvalifisering, arbeid eller aktivitet i tråd med ungdomsgarantien
- samhandle tett med arbeidsgivarar og bidra til gode overgangar til arbeidslivet
- vurdere tiltak og verkemiddel for å avklare arbeidsevne
- saksbehandling etter gjeldande regelverk
- jobbe saman med kollegaer og samarbeidspartnarar for å finne gode løysingar
- vere med på å utvikle ein arbeidsplass i endring, med arbeidsoppgåver som kan utvikle seg over tid
Nav Kinn har to lokasjonar. Du må difor rekne med noko reising mellom Florø og Måløy ved behov.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
Du må ha- fullført utdanning tilsvarande minimum bachelorgrad innan til dømes sosialt arbeid, rettleiing, pedagogikk eller samfunnsvitskaplege fag. Relevant utdanning og/eller arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet.
- kjennskap til og interesse for Nav sitt samfunnsoppdrag
- god rettleiingskompetanse
- erfaring frå arbeid med menneske, gjerne unge
- gode IKT-ferdigheiter og evne til å setje deg raskt inn i nye system og digitale arbeidsverktøy
- gode kommunikasjonsferdigheiter på norsk, både skriftleg og munnleg
- erfaring frå rettleiing, motivasjonsarbeid, oppfølging eller endringsarbeid
- erfaring frå arbeid i Nav
- erfaring frå tverrfagleg samarbeid
Kva ser vi etter hos deg?
- systematisk og strukturert, og arbeider sjølvstendig med eigne saker
- trygg i dialog og trivst med tett brukarkontakt – både i samtalar, digitalt og på telefon
- relasjonsbyggjar som skapar tillit hos brukarar og samarbeidspartnarar
- møter menneske med respekt og likeverd
- handterer ein variert og tidvis hektisk arbeidshverdag på ein trygg og stabil måte
- nysgjerrig, endringsvillig og open for nye måtar å jobbe på
Kvifor velje oss?
- spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver innanfor eit viktig samfunnsområde
- godt arbeidsmiljø med kunnskapsrike og engasjerte kollegaer
- relevant opplæring og gode høve til utvikling
- fleksitidsordning med moglegheit for heimekontor og trening i arbeidstida
- god pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse
- statleg tilsetjing i stillingskode 1434 rådgjevar med lønnsspenn frå kr 622 000–643 000 per år. For særs kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast.
Kontaktinformasjon
Lene Ullaland Veka, Avdelingsleiar, 41377182, lene.ullaland.veka@nav.noArbeidssted
Hans Blomgate 396900 Florø
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: NavReferansenr.: 5123577637
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 18.05.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.
Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.
Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.
Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no.
NAVstilling
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
4782953a-b5b3-42e3-9b8b-63b4f9d745cd
- Sist endret
4. mai 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
683442a934874b1a9248def625ad4dfe