Hopp til innhold

Undervisningsstillingar i ulike realfag

Arbeidsgiver

Vestland fylkeskommune

Sted

Lungegårdskaien 40, 5015 Bergen

Om jobben

Oppstart
9. november 2026
Stillingstittel
Undervisningsstillingar i ulike fag
Type ansettelse
Vikariat, deltid
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest fredag 16. oktober

Amalie Skram videregående skole ligg i Bergen sentrum og er fylkets største skole målt i elevtal, med over 1000 elevar. Vi er ein ny og moderne skole som starta opp hausten 2014. Skolen har følgjande utdanningsprogram: Studiespesialisering, Medium og kommunikasjon, Informasjonsteknologi og medieproduksjon, samt Sal, service og reiseliv. Totalt er det ca.130 modige, opne og kompetente tilsette. Skolen er samlokalisert med Bergen kommune sitt hovudanlegg for symjing og stup: AdO Arena.


Frå og med 09.11.26 har skolen ledig vikariat til og med 14.06.2027 i følgande fag:
Biologi 28,23%
Naturfag 25,27%
Geografi 10,11%
Kontaktlærerfunksjon 10%


Faga kan delast mellom fleire lærarar. Stillingane vert sett saman etter skolen sine behov, deriblant kva andre fag ein har i elles fagkrinsen. I alle tilsettingsprosessar knytt til tilsettingar ved skolen, må ein vere førebudd på å gjennomføre ein prøvetime om ein blir kalla inn til intervju.

NB! Skriv kva fag du søker på.


Arbeidsoppgåver

  • Undervisning på to trinn og fleire utdanningsprogram.
  • Samarbeid med andre tilsette på avdelinga, og på tvers av avdelingane på skolen.

Kvalifikasjonar

  • Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse.
  • Undervisningserfaring frå vidaregåande skole er ein fordel.
  • Ønskje om gode IKT-kunnskapar.

Personlege eigenskapar

  • Du trivst i eit hektisk arbeidsfellesskap med elevar og lærarar.
  • Du bidreg til å skape gode relasjonar mellom elevar og lærarar.
  • Du er inkluderande, innovativ og utviklingsorientert.
  • Du har god pedagogisk forståing.
  • Du har god digital kompetanse og held deg oppdatert på ny teknologi.
  • Du har eit positivt menneskesyn.
  • Du er initiativrik og bidreg til profesjonsfellesskapet.
  • Du deler kunnskap og erfaringar, og tek imot rettleiing med eit ope sinn.

Vi tilbyr

  • Eit aktivt og stimulerande fagmiljø.
  • Nært samarbeid med kollegaer.
  • God delingskultur.
  • Ein variert arbeidskvardag med moglegheit for personleg utvikling.
  • Løn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk.
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling.
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar.

Kontaktinformasjon

Espen Nesheim Vaular, Avdelingsleiar, 97068925, espen.nesheim.vaular@vlfk.no
Lars Berntsen, rektor                        , 99757795, lars.berntsen@vlfk.no

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5189106043
Stillingsprosent: 73,6%
Vikar
Startdato: 09.11.2026
Sluttdato: 11.06.2027
Søknadsfrist: 16.10.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Lars Berntsen

rektor

99757795

lars.berntsen@vlfk.no

Espen Nesheim Vaular

Avdelingsleiar

97068925

espen.nesheim.vaular@vlfk.no

Om bedriften

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg  søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. 

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

46a5e4ae-ffff-42b9-847e-bc0eed0d7c86

Sist endret

5. oktober 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

891561600c2a44528731eabb9b4bb003

Lignende annonser

Laster lignende annonser