Hopp til innhold

Undervisningsstilling - elektrofag

Arbeidsgiver

OPK-AR - Årstad vgs, Vestland fylkeskommune

Sted

Fjøsangerveien 38, 5053 Bergen

Om jobben

Oppstart
12. oktober 2026
Stillingstittel
Undervisningsstilling - elektrofag
Type ansettelse
Vikariat, deltid 50%
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest onsdag 7. oktober

Årstad vidaregåande skule er ein av dei største vidaregåande skulane i Bergen. Skulen har eit variert undervisningstilbod med fem yrkesfaglege utdanningsprogram og tilbod for lærlingar. I tillegg tilbyr skulen studieførebuande løp, innføringsklassar for minoritetsspråklege elevar og grupper for tilrettelagd opplæring. Skulen skal vere ein stad der alle elevar finn eit godt læringsmiljø. Sjå meir informasjon om skulen på https://www.arstad.vgs.no/

Vi har ledig inntil 50% vikariat som lærar i elektrofag frå 12.10.2026.


Arbeidsoppgåver

  • Undervisning i elektrofag
  • Kvalifikasjonar

    • Undervisningskompetanse i elektrofag, fortrinnsvis fagbrev som elektrikar, men alle relevante fagbrev vil bli vurdert, teknisk fagskule og 4 års praksis
    • Yrkesfaglærarutdanning
    • Ingeniørutdanning innanfor elektro-fagfeltet  
    • Søkjarar som manglar pedagogisk utdanning/eller delar av den yrkesteoretiske utdanninga er velkomne til å søkje og kan bli tilsatt på vilkår   

    Personlege eigenskapar

    • Gode evner til samarbeid og lagtenking
    • Liker å utforske metodar som skaper elevaktiv læring
    • Evne til å skape gode relasjonar til elevar, føresette og kollegaer
    • Pedagogisk og fagleg nyfiken
    • Opptatt av å skape trygge og gode læringsmiljø og opptre som ein tydleg leiar i klasserommet
    • God profesjonsfagleg digital kompetanse  

    Vi tilbyr

    • Ein kreativ skule med variasjon innanfor utdanningsprogram
    • Ein kultur prega av mangfald og engasjement
    • Eit spanande, godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø, gode arbeidstilhøve og variert tverrfagleg samarbeid
    • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
    • Løns- og avtalevilkår etter gjeldande regelverk

    Andre opplysningar:

    • Tilsetjinga vert gjort med prøvetid på 6 månader
    • Det er eit vilkår om godkjent politiattest av ny dato for å bli tilsett i vidaregåande skule

    Kontaktinformasjon

    Arthur Tøsdal, avdelingsleiar, 40768166

    Arbeidsstad

    Fjøsangerveien 38
    5053 Bergen

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

    Referansenr.: 5184422875
    Stillingsprosent: 50%
    Vikar
    Startdato: 12.10.2026
    Sluttdato: 31.07.2027
    Søknadsfrist: 07.10.2026

    Kontaktperson for stillingen

    Arthur Tøsdal

    avdelingsleiar

    40768166

    Om bedriften

    Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

    Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

    Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg  søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. 

    Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    454c2724-74e4-491a-bacb-221e53b83016

    Sist endret

    23. september 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    d52c1f07b7f143f99073ee36596169d3

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser