Undervisningsstilling (vikariat) - norsk og samfunnskunnskap
OPK-SL - Avd. FF, Vestland fylkeskommune
Slåtthaugvegen 134, 5222 Nesttun
Om jobben
- Oppstart
- 16. november 2026
- Stillingstittel
- Undervisningsstilling (vikariat) - norsk og samfunnskunnskap
- Type ansettelse
- Vikariat, deltid 60%
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest søndag 18. oktober
Vil du vere med og forme framtida til ungdom gjennom praktisk og relevant opplæring? Slåtthaug vidaregåande skule ligg sentralt til ved Nesttun, med gode kollektivtilbod og flotte fasilitetar i nærmiljøet. Skulen har om lag 500 elevar fordelt på BA, EL, HO, TIF og påbygging til generell studiekompetanse.
På Slåtthaug møter du eit inkluderande fellesskap med engasjerte elevar og dyktige medarbeidarar. Vi er stolte av eit læringsmiljø der alle utdanningsvegar blir verdsette, og der vi saman arbeider for tryggleik, meistring og fagleg utvikling. Hos oss skal elevane oppleve aktiv læring, høge forventningar og støtte til å nå sitt potensial.
Stillinga er i 60% frå 16.nov til 31.12 og 100% frå 01.01.2027 til 16.04.2027.
Arbeidsoppgåver
Undervisninga omfattar to klassar i norsk og éi undervisningsgruppe i samfunnskunnskap på Vg2 yrkesfag.
Stillinga er på 60 % i perioden 16. november til 31. desember 2026, og blir utvida til 100 % frå 1. januar 2027 til 16. april 2027.
Kvalifikasjonar
- Relevant fagleg og pedagogisk kompetanse i tråd med gjeldande krav til undervisningsstillingar.
- Erfaring frå undervisning i vidaregåande opplæring er ein fordel.
- Svært god munnleg og skriftleg kommunikasjonsevne.
- God digital kompetanse og interesse for å ta i bruk KI og andre digitale verktøy i undervisninga.
- Erfaring med heilskapleg vurderingspraksis, tilpassa opplæring og arbeid i eit mangfaldig læringsmiljø.
- Tydleg og trygg klasseleiing, med evne til å skape gode relasjonar og eit inkluderande læringsmiljø.
Personlege eigenskapar
- Du trivst i arbeid med ungdom og er ein trygg og tydeleg rollemodell.
- Du har ei positiv innstilling og byggjer gode relasjonar til elevar og kollegaer.
- Du ser og tek omsyn til behova til den enkelte elev.
- Du er ein god lagspelar som samarbeider godt med andre og delar kunnskapen din på ein raus måte.
- Du arbeider strukturert, systematisk og målretta.
Vi tilbyr
Løn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikkGode forsikrings- og pensjonsordningar
Tett kollegasamarbeid og god delingskultur
Eit inspirerande og nyskapande profesjonsfellesskap
Kontaktinformasjon
Lisbeth Væhle Balchen, Konst. Avdelingsleiar for fellesfag, 95459871Ingvill Rabben Dypevik, Rektor, 45043522
Arbeidsstad
Slåtthaugvegen 1345222 Nesttun
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5187215312
Stillingsprosent: 60%
Vikar
Startdato: 16.11.2026
Sluttdato: 16.04.2027
Søknadsfrist: 18.10.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Ingvill Rabben Dypevik
Rektor
45043522
Lisbeth Væhle Balchen
Konst. Avdelingsleiar for fellesfag
95459871
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
e428637e-a644-48a3-81ca-6392f607df76
- Sist endret
29. september 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
0cbd0850abfa43e79d34c3355330f997