Hopp til innhold

Ledig vikariat ved Fusa frivilligsentral

Arbeidsgiver

Bjørnafjorden kyrkjelege fellesråd v/Fusa sokn

Sted

Fjord`n senter, 5640 Eikelandsosen

Om jobben

Stillingstittel
Dagleg leiar
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 7. juni

Vikariat som dagleg leiar i 100% stilling

Bjørnafjorden kyrjelege fellesråd v/Fusa sokn har ledig vikariat som dagleg leiar for Fusa frivilligsentral. Stillinga er 100% og er eit vikariat frå medio september 2026 (eller etter avtale) og om lag eit år, moglegvis ut 2027.

Vi søkjer ein medarbeidar med høgskuleutdanning eller anna relevant utdanning og praksis. Det er ein fordel om du har kjennskap til frivilligsentralane sitt arbeid og har erfaring med arbeid med menneske. Du må kunne arbeide sjølvstendig og trivast med det, og det vert lagt stor vekt på at du er personleg eigna. Lokalkunnskap er eit føremon. Dagleg leiar har har ansvar for eige budsjett fastsett av sentralen sitt styre. Du må vera lojal mot Den norske kyrkja sitt verdigrunnlag. Du må ha førarkort og disponere bil.

For deg som vert tilsett vil frivilligsentralen kunne gje utfordrande og spennande oppgåver -- oppfølging av eksisterande tiltak og nye oppgåver, som vert utforma i lag med styret for frivilligsentralen. For meir informasjon om sentralen sjå fusa.frivilligsentral.no eller Fusa frivilligsentral på Facebook. Dagleg leiar for Fusa sokn er næraste administrative overordna. Fusa frivilligsentral har lokaler/kontor på Fjord`n Nærsenter i Eikelandsosen.

Løn og tilsetjing etter avtale.

Fusa sokn er eit av to sokn i Bjørnafjorden kyrkjelege fellesråd, Bjørnafjorden kommune, Vestland. Fusa frivilligsentral (og Fusa sokn) dekkjer eit område som er geografisk likt med tidl. Fusa kommune og har arbeid i områda Strandvik, Vinnes, Fusa, Eikelandsosen, Holmefjord, Hålandsdalen, Sævareid, Baldersheim og Nordtveit.

Spørsmål kan rettast til dagleg leiar i Fusa sokn Hans Einar Markhus, tlf. 95936580, eller dagleg leiar i Fusa frivilligsentral Linda Cecilie Reigstad Matland, tlf. 90918735.

Søknad sendast snarast til Fusa sokn, postboks 73, 5649 Eikelandsosen / post.fusa@kyrkja.no

Intervju vil bli teke fortløpande med aktuelle kandidatar.

Søknadsfrist 07.06.2026

Om bedriften

Fusa sokn er eit av to sokn i Bjørnafjorden kyrkjelege fellesråd, Bjørnafjorden kommune, Vestland. Fusa sokn er geografisk likt med tidl. fusa kommune og har arbeid i områda Strandvik, Vinnes, Fusa, Eikelandsosen, Holmefjord, Hålandsdalen, Sævareid, Baldersheim og Nordtveit.
Fusa sokn eig og driv Fusa frivilligsentral.

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

45ede140-b865-4fef-aeef-ff53442920bb

Sist endret

19. mai 2026

Hentet fra

FINN

Referanse

463463707

Lignende annonser

Laster lignende annonser