Hopp til innhold

Helgestilling tilrettelagte tenester - 15 % fast stilling

Arbeidsgiver

Vang Kommune

Sted

Tyinvegen 5151, 2975 Vang i Valdres

Om jobben

Stillingstittel
Helgestilling tilrettelagte tenester - 15 % fast stilling
Type ansettelse
Fast, deltid 15%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 1. mars

Vil du vere med å skape ein trygg og meiningsfull kvardag for menneske med behov for tilrettelagte tenester? 

Vang kommune søkjer fagarbeidar eller assistent til fast helgestilling i Tilrettelagte tenester. Stillinga er for tida ved Bakkehaugen bufellesskap, og inngår i årsturnus med arbeid dag, kveld og helg. 

Arbeidsoppgåver

  • Målretta miljøarbeid med fokus på meistring og livskvalitet 
  • Praktisk bistand, opplæring og veiledning i tråd med helse- og omsorgstenestelova § 3-2 
  • Sikre brukarmedverknad i alle delar av tenesteytinga 
  • Samarbeid med brukarar, pårørande og kollegaer 

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev eller anna relevant utdanning innan helsefag er ønskeleg, men ikkje eit krav.  
  • Erfaring frå arbeid med målgruppa 
  • Gode ferdigheiter i bruk av IKT og elektronisk pasientjournal 
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg 
  • Førarkort klasse B 
  • Personleg eignaheit vil bli vektlagt 

Personlege eigenskapar

  • Har gode samarbeidsevner og trivst i team 
  • Er lærevillig og open for utvikling 
  • Er fleksibel, løysingsorientert og nytenkande 
  • Er stabil, lojal og tålmodig 
  • Har evne til å planleggje og gjennomføre oppgåver sjølvstendig 
  • Bidreg til eit godt arbeidsmiljø og er ein kollega ein kan stole på 

Vi tilbyr

  • Ei meiningsfull og variert stilling i eit inkluderande arbeidsmiljø 
  • God opplæring og fagleg rettleiing 
  • Dyktige og engasjerte kollegaer 
  • Lønn etter gjeldande tariffavtale 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 

Stillinga krev politiattest i tråd med helsepersonelloven § 5-4. Attesten må leggjast fram før tiltreding. 
Tilsetting skjer på vilkår som gjeld til ei kvar tid i kommunal sektor. Ved intern tilsetting kan annan stilling bli tilbydd søkjarar, jf. HTA. 

Kontaktinformasjon

Marita Østborg, Leiar bustadbasar Miljøtenesta, 90580097, Marita.Ostborg@vang.kommune.no

Arbeidssted

Tyinvegen 5151
2975 Vang i Valdres

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Vang Kommune

Referansenr.: 5077135800
Stillingsprosent: 15%
Fast
Søknadsfrist: 01.03.2026

Kontaktperson for stillingen

Marita Østborg

Leiar bustadbasar Miljøtenesta

90580097

Marita.Ostborg@vang.kommune.no

Om bedriften

Vang kommune som arbeidsgjevar: 

  • Ca 290 tilsette fordelt på kommunalområda: Helse og omsorg, Utdanning og kultur, Landbruk og teknisk, og Stab
  • Den viktigaste ressursen me har er våre tilsette. I Vang kommune gjer me det me kan for at tilsette skal ha det bra på arbeid!
  • Vang kommune har nynorsk som skriftspråk
  • Vang kommune er ein tobakksfri arbeidsplass og ein kan ikkje nytte tobakk i betalt arbeidstid.

Å bu i Vang kommune: 

  • Ei storstilt satsing på barn og unge!
  • Ein kombinert barne - og ungdomsskule, med ca 200 elever. Nyrenovert med heilt ny fleirbrukshall med klatrevegg, basseng etc. Tolærarsystem, slik at det nesten alltid er to lærarar tilstades i klasserommet. Skulen nyttar Vang sin flotte natur mykje, både ved uteskule, faget FRI-NAT (friluftsliv og natur), og spanande utflukter. I Vang er SFO gratis for alle barn!
  • Vang kommune har to barnehagar, Høre og Fredheim, begge har småbarns og storbarnsavdeling. I Vang er det løpande barnehageopptak (start når det passar dykk!) og barnehagesprisen per barn 1500 kr 
  • Helse og omsorgstenester av god kvalitet
  • Vang kommune har personalbustadar til leige, med butid opptil 3 år
  • Byggeklare tomter fleire stadar i kommunen, alle med fantastisk utsikt!
  • I Vang finn du 2 solide kontorfellesskap, gjer som fleire andre og ta med deg arbeidet til Vang!
  • Både i Vang og resten av Valdres finn du eit yrande kulturliv, der tradisjon står i høgsete,  med blant anna tradisjonsmat, tradisjonsmusikk, tradisjonshandtverk og aktiv stølsdrift. Vang kommune har også ein god kulturskule med stort utval av tradisjonelle og moderne aktivitetar
  • I Vang står lag, foreiningar og idrett sterkt, her finn du aktivitetar for einkvar smak!
  • Vang har ein storarta natur som innbyr til friluftsliv sommar som vinter, er du glad i turar, ski, jakt og fiske så er dette staden for deg!  Vang blir sagt å ha "vestlandsfjell med austlandsklima", og er ei bygd med landbruk, grundarar, turisme og næringsliv i eit levande og inkluderande bygdesamfunn. I Vang finn du også store delar av Jotunheimen og ikkje minst festivalen Vinjerock
  • I Vang har dei fleste kort avstand mellom arbeid, barnehage og skule. Her kan du leve eit så roleg eller så aktivt liv som du sjølv ynskjer, i ei distriktskommune med positiv folketalsutvikling
  • Meir info om korleis det er å bu i Vang og kva som skjer i Vang finn du her på VangiValdres.
  • Meir info om arbeids - og bumarkedet Valdres finn du på VelgValdres

 

 

Vang kommune er oppteken av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. 

Me gjer merksam på at søkjarar kan få sitt namn gjort offentleg i søkjarlista, sjølv om det er bedt om konfidensiell behandling. Du som søkjar vil i tilfelle bli varsla på førehand om det. 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

45a231cd-906f-40ba-a800-631e599e39b4

Sist endret

6. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

0f66719eea4247bfafd1351fe3ab9c26

Lignende annonser